Før i tida var ville vekstar ein viktig og nødvendig del av kosthaldet. I dårlege tider var det kanskje nettopp kunnskapen om kva naturen hadde å by på, som gjorde at folk overlevde. Det finst veldig mange etelege vekstar i naturen som er både næringsrike og gode. Dessutan er dei heilt gratis! Tenk så stilig å servere soppstuing eller nyrørte bær på tur av sjølvplukka sopp og bær!
Kort fortalt
- Plukk berre vekstar du kjenner og er heilt sikker på!
- Det finst mange giftige ville vekstar.
- Det finst mange typar etelege bær, sopp og urter i naturen.
- Mykje av det vi kallar ugras, er eteleg.
- Plukk berekraftig, slik at planten overlever og kan halde fram med å formeire seg og vekse.
- Sopp og bær kan du plukke så mykje du vil av.
- Det viktigaste vi tek med på sanketur, er kunnskap.
- Lær deg nokre få artar som du er heilt sikker på.
- Set deg inn i vernereglar.
Berekraftig sanking
Om mange plukkar mykje på kort tid, er det fort gjort å utrydde artar lokalt. Dette gjeld spesielt for urter, der vi plukkar heile planten, blomen og dermed også frøa som skal bli til nye plantar. Plukk uansett ikkje meir enn du har tenkt å ete og bruke, og la alltid rota stå igjen.
Sankevettreglar
Edle Catharina Norman og Sofie Grøntvedt Railo tilrår i boka Norges spiselige planter og bær desse ti sankevettreglane:
- Plukk berre plantar du kjenner og er heilt sikker på at kan etast.
- Plukk ikkje vekstar som kan vere sprøyta med insekt- eller ugrasmiddel.
- Plukk ikkje på stader som er spesielt utsette for forureining.
- Plukk ikkje plantar på annan manns innmark utan å spørje om lov, sjølv ikkje når du er snill og «lukar» i blomebedet til naboen.
- Et ikkje plantar som er angripne av virus eller skadeinsekt.
- Første gong du prøver ein ny plante, så et berre litt om gongen. Sjølv om planten er eteleg, kan enkelte vere allergiske.
- Plukk ikkje plantar som er utryddingstrua (sjekk eventuelt Norsk raudliste på artsdatabanken.no).
- Plukk ikkje alt som veks på éin stad. Vi vil jo at det skal vekse meir neste år, og dyra treng òg sitt. Unntaket er svartelista artar (sjekk framande artar på artsdatabanken.no).
- Plukk ikkje plantar i naturreservat eller andre verneområde utan å sjekke om det er lov. Kvart område har si eiga forskrift (kontakt miljøvernavdelinga hos statsforvaltaren eller søk etter forskrifta på lovdata.no).
- Vis respekt og omsorg for naturen, gle deg over at vi kan bruke han og hauste av han.
(Norges sopp- og nyttevekstforbund, u.å.)
Etelege plantar og soppar
Det finst mange etelege vekstar i naturen. Ein del ville vekstar har eit høgare næringsinnhald og inneheld fleire mineral enn foredla og dyrka mat. Andre inneheld stoff vi ikkje skal ha for mykje av, som jod, oksalsyre og tungmetall. Det finst òg ein del giftige og svært giftige vekstar. Før du puttar noko i munnen, er det derfor veldig viktig at du lærer deg og er heilt trygg på at det kan etast.
Ugras og urter
Mykje av det vi kallar ugras, er etande. Brennesle, skvallerkål, løvetann og vassarve er gode og næringsrike. Du kan jo prøve å lage ein ugrassalat?
Det er dei unge skota og blada som smaker best, dei fleste plantar blir bitrare og seige utover i sesongen og når dei blomstrar (Granheim mfl., 2020).
Blomar som geitrams, blåklokke, raudkløver og kvitkløver er òg etelege. Unge geitramsskot kan du steikje som asparges i panna. Du kan lage nydeleg rosa saft av geitramsblomane – men kanskje ikkje på tur. Då kan du i staden drysse dei over maten og bruke som fargerik pynt.
På fjellet kan du lage te av røsslyngblomar, unge fjellbjørkeblad og fjellmarikåpe. Fjellsyre, som er i slekt med dei andre syrene, kan brukast som sitron.
Bær
Vi har mange etelege viltveksande bær i Noreg. Bær er fulle av antioksidantar og vitamin, og smaker dessutan godt. Du kan anten plukke dei og ete dei som dei er, eller du kan plukke for å lage noko når du kjem fram eller heim. Bær kan saftast, syltast og frysast.
- Har du smakt krekling?
- Om hausten kan du plukke molter, som òg blir kalla fjellets gullet.
- Einebær er godt å ha i viltgryte.
Dei er ikkje så søte som blåbær, men prøv å putte ei handfull i munnen neste gong du er på fjellet, og tygg/sug ut safta og spytt ut. Det blir nesten som ein leskedrikk.
Du kan ete dei rett frå hamsen, eller du kan samle i ein kopp og ha med litt sukker, slik at du kan lage herleg syltetøy.
Knus 2–3 svarte bær og ha i sausen, så får du skikkeleg villmarkssmak.
Om antioksidantar
Antioksidantar er ei samlenemning på naturlege stoff som vi får i oss frå frukt, grønsaker og bær. Dei er knytte til immunforsvaret vårt, verkar positivt inn på ein del aldringsprosessar og kan seiast å vere ei slags antirustbehandling for kroppen. Et variert og fargerikt, så får du i deg masse antioksidantar (Bama, Lyngvær, K., 2020).
Oversikt over etelege plantar og soppar
Her får du tips om nokre av dei etelege vekstane du kan finne i Noreg. Dei som er nemnde her, er vanlege i store delar av Noreg og lette å kjenne igjen. Du kan melde deg på kurs hos ei lokal nyttevekstforeining eller lese bøker om etelege ville vekstar viss du vil vite meir.
Oppskrifter – mat frå naturen
Det er ekstra stas å servere mat med innslag av vekstar du har plukka sjølv. Urter og ugras kan tilsetjast i dei fleste retter som grønt innslag, næringsstoff og smakstilsetjing. Sopp er mat i seg sjølv. Ver obs på at all sopp må varmebehandlast før bruk. Bær er anvendelege og kan etast som dei er, som syltetøy og mykje anna. Blomar kan brukast som fargerikt garnityr, hugs at vi et med auga òg!
Bruksområde og tips:
- salatar
- surblad, groblad, meldestokk, løvetann, vassarve, skvallerkål
- supper
- sopp, skvallerkål, brennesle
- stuingar
- sopp, meldestokk, tangmelde
- kaker
- bær, blomepynt, løvetannsirup, geitramsgelé
- pestoar
- løvetann, skvallerkål, brennesle, løkurt, ramsløk
Tips til oppskrifter med ville vekstar
Konservering av mat frå naturen
Det vi ikkje skal ete med ein gong, må vi konservere på ein eller annan måte for at det ikkje skal rotne eller bli øydelagt. Ulike konserveringsmetodar eignar seg for ulike nyttevekstar.
Type konservering | Forklaring | Mat som eignar seg | Tips | |
Tørking | Du kan hengje opp buntar i eit tørt og luftig rom.
Oppbevar dei i tette glas eller boksar etterpå for å bevare smaken. | - traktkantarell
- brennesle
- skvallerkål
- tang og tare | Tørk på under 50 grader anten i omn eller tørkeskap med lufting eller mattørkar. | |
Frysing | - alle typar bær
- ramsløk
- skvallerkål
- karse
- løvetann | Frys små mengder i lufttette posar eller boksar, merk tydeleg med dato og kva det er. | ||
Forvelling | Å forvelle er å varmebehandle ei matvare og deretter avkjøle maten raskt før frysing. | - kantarell
- brennesle | • Bladurter som brennesle blir best viss du koker dei i lettsalta vatn i ca. 1 minutt og avkjøler i isvatn.
• Sopp er ofte best å forvelle før frysing. Del opp, varm i tørr panne til soppen slepper væska, og la væska fordampe / koke inn før frysing. | |
Sylting | Syltetøy er sylting med sukker og eignar seg for alle typar bær og frukt.
Sylting i saltlake eignar seg for ulike typar grønsaker og sopp. | - bær
- frukt
- grønsaker
- sopp | Ulike typar frukt og bær krev ulik mengd sukker. |
(Granheim mfl., 2020)
Les meir om mat frå naturen
Brosjyrar
Vi har plukket ut tre brosjyrer som kan være relevante, du finner mange flere hos Norges sopp- og nyttevekstforbund
Norges sopp- og nyttevekstforbund
Sanke - informasjon om planter du kan spise i naturen
Dette ugresset kan du spise - NRK
Mat på tur
Planlegging av turmat (nynorsk)
Mat frå naturen – ville vekstar (nynorsk)
Mat frå naturen – sopp (nynorsk)
Lage mat
Bruk av nyttevekstar historisk (nynorsk)
Varmekjelder til matlaging (nynorsk)
OppskrifterTekst
Hilde Grøtte, Snuitide (2022)