Når du skal lage mat ute, må du planleggje på ein annan måte enn heime. Du kan ikkje stikke innom butikken viss du har gløymt noko. Tenk derfor gjennom alle måltid i detalj for å vere sikker på at du har nok mat og det utstyret du treng for å lage han. Hugs òg at du skal bere det med deg på ryggen eller i pulk.
Kort fortalt
- Planlegg og handle inn på førehand, det er ingen butikkar på fjellet…
- Fersk mat som kjøt blir fort øydelagd i varmt vêr.
- Steik kjøtet på førehand, så held det lenger.
- Mat med mykje væske frys om vinteren.
- Feittrik mat toler meir kulde før han frys.
- Tenk på vekt og volum når du pakkar.
- Fjern unødvendig emballasje.
- Vel lett framfor tungt, tørrmjølk framfor vanleg mjølk.
- Pass på at maten har den næringa du treng.
- Ta omsyn til allergiar hos dei du dreg på tur med.
- Unngå å kaste mat.
- Planlegg slik at du får brukt opp alt.
Haldbarheit
Om sommaren kan maten bli øydelagd eller udelikat på grunn av for høge temperaturar før du rekk å ete han. Spekemat, tørrfisk, harde ostar, gulrøter, tørre matvarer og hermetikk held seg ganske godt i plussgrader. Skal du ha med kjøt, bør du steikje det før avreise, då held det seg lenger.
Om vinteren kan maten fryse. Mat som inneheld mykje feitt, som spekepølse og feite ostar, frys ikkje like lett. Mat med mykje væske som frys lett, bør pakkast sånn at han kan tinast og lagast til direkte i ein kjele med varmt vatn (Henjum, 2016).
Oppbevaring av mat
Pakk maten godt inn for å hindre uønskte gjester som dyr og insekt. Det er òg mogleg å heise maten opp i eit tre. Oppbevar maten i skuggen. Fersk mat som normalt bur i kjøleskapet, som kjøt, fisk, mjølkeprodukt og pålegg, bør oppbevarast kaldt. Leit etter ein bekk eller ei myr, eller grav eit hòl i bakken og legg maten nedi. Hugs å pakke maten godt inn først.
Har du snø tilgjengeleg i nærleiken av leiren, så grav maten ned i snøen.
Vekt
Det er viktig å tenkje på vekt når vi skal bere med oss maten. Korleis er maten pakka inn? Kan du fjerne emballasje? Dersom du skal ha hermetiske tomatar, er det smartare å velje dei som er pakka i papp, enn dei som er på hermetikkboks. Eller kanskje du kan bruke soltørka tomatar i staden? Mjølk og fløyte kan erstattast med tørrmjølk. Knekkebrød og polarbrød er lettare enn vanleg brød og held seg lenger.
Førebuingar (kutte, steikje, fjerne emballasje)
Nokre matvarer kan det vere greitt å kutte eller steikje heime før turen. Harde grønsaker som gulrot og sellerirot kan kuttast heime, medan løk og kvitløk held seg best heile. Ein del matvarer vi kjøper på butikken, er pakka inn i plast og papp. Fjern mest mogleg av emballasjen, og ta med akkurat det du treng til turen.
Det er òg mogleg å tørke mykje av maten du skal ha med på tur. Då sparer du mykje vekt. Maten kan du tørke i steikjeomn på låg varme og med open omnsdør.
Det kan vere lurt å ta vare på små flasker og boksar med tette lok som du kan fylle olje, smør og krydder i. Linseetui kan til dømes brukast til krydder. Små jusflasker kan brukast til kaffipulver, olje og smør.
Næringsinnhald
Det er forskjell på energi og næringsinnhald. To matvarer kan ha like mykje energi, men ulikt næringsinnhald. Til dømes inneheld ein boks cola same energimengd som ein neve med frukt- og nøtteblanding. Nøtteblandinga gir deg feitt, protein, kostfiber og fruktose, medan colaen berre gir deg sukker. Det er det vi kallar tomme kaloriar. Dessutan veg nøtteblandinga mykje mindre.
Omsyn til allergiar og diettar
Når vi dreg på tur med andre, er det viktig å spørje om nokon har allergiar. Det vil jo vere dumt viss dei ikkje kan ete maten eller blir sjuke av han medan vi er på tur. Dei vanlegaste allergiane er mjølke- og glutenallergi. Veldig mange ferdigretter og posesupper inneheld gluten, så det er viktig å lese nøye på innhaldslista på pakken.
- Personar med mjølkeallergi/laktoseintoleranse kan bruke produkt av soya, havre, ris og kokos.
- Personar med cøliaki/glutenallergi kan ete havregraut (må vere glutenfrie havregryn) og graut av hirse, bokkveite og polenta. Les nøye på posar og sausar fordi mykje inneheld gluten.
- Personar med diabetes må unngå for mykje sukker i kosten. Dei bør òg ha med noko søtt i tilfelle føling.
- Vegetarianarar må ete bønner, linser, soyaprodukt og mjølkeprodukt for å få i seg nok protein. For å auke opptaket av jern frå maten bør dei ete matvarer som er rike på c-vitamin, som paprika, persille, tyttebær, hovudkål, kiwi, molter og blåbær.
(Henjum, 2016)
Berekraft
Å ete meir berekraftig betyr å ta omsyn til korleis produksjonen av maten påverkar klima, sosiale forhold og økonomi. Det vil seie å tenkje på både kroppen, samfunnet og kloden.
Eit av dei viktigaste berekrafttiltaka du kan gjere, er å unngå å kaste mat (Øvstebø og Gausdal, 2020).
Planlegg slik at du slepp å kaste mat fordi han har blitt dårleg eller udelikat. Eit tips er å ete den maten med kortast haldbarheit først.
Ulike matvarer har ulikt klimaavtrykk eller karbonfotavtrykk. Det vil seie mengda CO2 som blir sleppt ut i samband med produksjonen av matvarene. Plantebasert mat har mindre klimaavtrykk enn kjøt og meieriprodukt. Det trengst meir ressursar og areal for å produsere kjøt enn plantebasert mat. Derfor er det betre å ete meir vegetarmat og produsere mindre kjøt (Øvstebø, 2020).
Har du tenkt over kor langt maten har reist før du skal ete han? Nokre matvarer er det nødvendig å importere frå andre land, til dømes kaffi, sukker, og appelsinar. Vi et òg mykje ris i Noreg, men har du tenkt på kvar risen blir dyrka? I Noreg produserer vi byggryn, som er eit alternativ til ris (Øvstebø og Gausdal, 2020).
Et dei grønsakene og matvarene som er i sesong; då bidreg du til mindre CO2-utslepp fordi grønsakene ikkje har blitt transporterte og oppbevarte i kjøl og frys over lang tid.
Oversikt over når dei ulike grønsakene er i sesong (Opplysningskontoret for frukt og grønt).
Den maten som har reist aller kortast, er den du plukkar sjølv i naturen. I Noreg har vi allemannsretten, som sikrar at vi kan plukke sopp, bær og andre vekstar. Det er òg gode moglegheiter for å fiske og fange krabbar. Hugs å sjekke om du må ha fiskekort viss du har tenkt å fiske på tur. Å fiske i sjøen er lov dei fleste stader, medan fiske i ferskvatn ofte krev fiskekort.
Mat frå naturen
Mat frå naturen – ville vekstar (nynorsk)
Oversikt over fiskekort (inatur).
Mat på tur
Planlegging av turmat (nynorsk)
Mat frå naturen – ville vekstar (nynorsk)
Mat frå naturen – sopp (nynorsk)
Lage mat
Bruk av nyttevekstar historisk (nynorsk)
Varmekjelder til matlaging (nynorsk)
OppskrifterTekst: Hilde Grøtte, Snuitide (2022)