Snu i tide
Snu i tide
Mat frå naturen – sopp (nynorsk)
🍄

Mat frå naturen – sopp (nynorsk)

Innhald

  • Tips når du skal plukke sopp
  • Inndeling av soppar
  • Etelege soppar
  • Giftige soppar
  • Desse soppane bør du ikkje plukke
På sopptur. Film frå Norges sopp- og nyttevekstforbund. https://vimeo.com/183814671

Har du lyst å prøve deg på å plukke sopp? Sanking i skog og mark er ein fin aktivitet for store og små, og haustingsretten er faktisk nedfelt i friluftslova. Å plukke sopp krev ikkje så mykje utstyr, men det er viktig å skilje soppar du veit er sikre, frå soppar du ikkje kjenner så godt. Få ein soppkontrollør til å sjekke soppane du har plukka, eller bruk appen soppkontrollen viss du er usikker.

Tips når du skal plukke sopp

💡
Om det kjem ein liten bit av ein giftig sopp saman med den etelege, må du kaste alt saman!
  • Ha med deg noko å ha soppen i.
    • Bruk gjerne ei soppkorg eller ein stiv papirpose med plass til fleire boksar.
  • Skil soppar du kan, og soppar du er usikker på.
    • Du kan bruke plastbeger av den typen som druer og steinfrukt kjem i. Legg ulike soppar i ulike beger.
  • Ha med deg ein kniv.
    • Ein av dei små rotknivane frå kjøkkenet er fin.
  • Ha med deg ein børste.
    • Det kan til dømes vere ein tannkost eller ein liten målekost.
    • Du kan lage din eigen soppkniv av ein eingongskniv og ein billig tannkost som er teipa saman med gaffateip.
  • Skaff deg ei soppbok.
    • Sjå etter nyare soppbøker av norske forfattarar. Det kjem stadig ny informasjon om sopp og forgifting.
    • Du kan òg stikke innom Soppkontrollen og be om ein kopi av brosjyren Farlige giftsopper og gode matsopper.
  • Sjekk om soppen er marketen.
    • Del i to gjennom hatt og stilk.
  • Reins og sjekk soppen nøye.
    • Skjer bort skadde eller stygge delar.
    • Børst bort jord og rusk.

(Norges sopp- og nyttevekstforbund, u.å.)

Inndeling av soppar

Vi deler inn soppane etter kva struktur dei har under hatten. Så det første du må gjere, er alltid å sjekke nøye under hatten.

  • Piggsoppar har små piggar under hatten.
    • Alle soppar med mjuke piggar og lyse hattefargar er trygge å ete.
    • Døme: bleik piggsopp og raudgul piggsopp
  • Røyrsoppar ser nesten ut som dei har ein svamp under hatten. Svampen består av mange tynne røyr som står tett i tett.
    • Ingen røyrsoppar er giftige, men nokre smaker ubehageleg og er ikkje matsopp.
    • Gode matsoppar er steinsopp og smørsopp.
  • Ribbesoppar har ribber under hatten.
    • Desse er lette å kjenne igjen når du først har lært det.
    • Kantarell, traktkantarell og gul trompetsopp er gode matsoppar og fine nybyrjarsoppar.
    • Finn du først éin, så er det ofte fleire i nærleiken.
  • Skivesoppar har tynne skiver under hatten.
    • Det kan vere greitt å halde seg unna desse til du har lært dei godt.
    • Alle dei giftigaste soppane vi har i Noreg, er skivesoppar.
Soppkorg med traktkantarellar og piggsopp.
Foto: Gina Wigestrand, Snuitide
Soppkorg med traktkantarellar og piggsopp. Foto: Gina Wigestrand, Snuitide
Kantarell på ei seng av traktkantarellar.
Foto: Gina Wigestrand, Snuitide
Kantarell på ei seng av traktkantarellar. Foto: Gina Wigestrand, Snuitide
Reinsing og sortering av sopp er fint å gjere før du går inn. Hugs at sopp du er usikker på, aldri må blandast med resten av soppen du plukkar.
Foto: Gina Wigestrand, Snuitide
Reinsing og sortering av sopp er fint å gjere før du går inn. Hugs at sopp du er usikker på, aldri må blandast med resten av soppen du plukkar. Foto: Gina Wigestrand, Snuitide

Etelege soppar

God fangst. Traktkantarell, kantarell og piggsopp. Ei avis i botnen av korga tek opp mykje av fukta frå soppen.
Foto: Gina Wigestrand, Snuitide
God fangst. Traktkantarell, kantarell og piggsopp. Ei avis i botnen av korga tek opp mykje av fukta frå soppen. Foto: Gina Wigestrand, Snuitide

Traktkantarell, kantarell og piggsopp er fine soppar å plukke for nybyrjarar, for dei har få forvekslingsartar og er lette å kjenne igjen.

Alle soppar med mjuke piggar under og lyse hattefargar er trygge å ete. Desse blir kalla matpiggsoppar. Bleik piggsopp og raudgul piggsopp er to av matpiggsoppane.

Traktkantarell og kantarell er ribbesoppar og lette å kjenne igjen når du har lært dei. Har du først funne éin, så er det gjerne fleire i nærleiken. Desse er fine nybyrjarsoppar.

(Norges sopp- og nyttevekstforbund, u.å.)

SteinsoppSteinsopp
Steinsopp
Blek piggsoppBlek piggsopp
Blek piggsopp
TraktkantarellTraktkantarell
Traktkantarell
KantarellKantarell
Kantarell

Giftige soppar

Vi har nokre giftsoppar som blir rekna som svært giftige.

Døme på svært giftige soppar er spiss giftslørsopp, grøn flugesopp og kvit flugesopp. Berre du får i deg ein bitte liten bit av desse, kan du bli veldig sjuk. Ein soppkontrollør vil be deg kaste all sopp som ligg saman med sopp som er svært giftig. Det er grunnen til at du alltid skal leggje soppar du er heilt sikker på, for seg, og soppar du er usikker på eller trur er giftige, for seg.

💡
OBS: Giftslørsoppen kan vekse i same område og tett på traktkantarellen. Dei liknar ikkje så mykje om du ser litt nøye etter. Plukk derfor éin og éin sopp og sjekk undersida før du legg traktkantarellane ned i korga.

Desse soppane bør du ikkje plukke

  • alle soppar med brune hattar og brune skiver
    • til dømes spiss giftslørsopp og butt giftslørsopp (men det er mange fleire)
  • alle soppar med kvite hattar og kvite skiver
    • til dømes kvit flugesopp
  • alle soppar med brune hattar og kvite skiver
    • til dømes brun flugesopp
  • raude soppar med kvite skiver
    • til dømes raud flugesopp og giftkremle.

(Norges sopp- og nyttevekstforbund, u.å.)

🖇️
Dette er ein del av temaet 🥪Mat (nynorsk)

Mat på tur

🍔Mat og næringsstoff (nynorsk)

🛒Planlegging av turmat (nynorsk)

🫐Mat frå naturen – ville vekstar (nynorsk)

🍄Mat frå naturen – sopp (nynorsk)

Lage mat

🧑‍🍳Lage mat på tur (nynorsk)

🥕Tørk turmaten sjølv (nynorsk)

🥘Bruk av nyttevekstar historisk (nynorsk)

🪵Varmekjelder til matlaging (nynorsk)

🔥Mat på bål (nynorsk)

🌮Oppskrifter

Tekst

Norges sopp- og nyttevekstforbund, omarbeidd av Hilde Grøtte, Snuitide (2022)

Logo

Nynorsk

Om snuitide

Kontakt oss på hei@snuitide.no