Snu i tide
Snu i tide
Bruk av nyttevekstar historisk (nynorsk)
🥘

Bruk av nyttevekstar historisk (nynorsk)

Mange av bladgrønsakene, urtene og krydderplantane våre blir ofte omtalte som ugras, kaninfôr og krisemat. Plantane har i tillegg vorte nytta som dyrefôr, og dette skapar ein negativitet rundt bruken av nyttevekstane.

Det er ofte i krisesituasjonar, som ved krig og uår, at menneska har nytta ville vekstar som mat. Dette er nok ein av grunnane til at plantane har fått eit så ufortent dårleg rykte.

Nesle har vore nytta som næringskjelde langt tilbake i historia vår.
Foto: Unni Kulhuset Granheim, CC BY-SA
Nesle har vore nytta som næringskjelde langt tilbake i historia vår. Foto: Unni Kulhuset Granheim, CC BY-SA

Mange av dei ville urtene kom opphavleg frå Europa

Det var først i perioden 1050–1537 e.Kr. at ein i Noreg for alvor begynte å nytte urteplantar. Munkar og nonner frå land lenger sør i Europa bringa med seg frø frå urter og plantar, og opparbeidde klosterhagar. I denne perioden vart det oppført mange kloster i Noreg, og kvart kloster hadde sin eigen urtehage. Fleire planteslag som veks vilt i vår flora i dag, stammar frå klosterhagen.

Ville vekstar som matsupplement i dårlege tider

I krigstid og i etterkrigstida, frå 1914–1950, var det dårlege matforråd i Noreg. Det ein kunne samle inn frå naturen, var eit viktig supplement i hushaldninga, og kunnskapen frå 1700-talet vart på nytt teken i bruk. Ein mol opp bork, røter, lauv og frø, og tilsette det i mjølet for å dryge det. Bygg, sikorirot og løvetannrot mol ein opp og tilsette i kaffien eller nytta det åleine som kaffisurrogat.

I 1941 kom boka Gratis mat av ville plantar av Jens Holmboe ut. Denne boka dekte eit stort behov for å lære korleis ein skulle nytte ressursane i naturen.

Fram til 1960-talet såg ein på ville vekstar som eit nødvendig tilskot til matlaginga.

Ville vekstar var ein del av kosthaldet i jernalderen

Allereie på 1500-talet nytta ein krekling, kvann, bukkeblad, bergknapp, matsyre og te laga av friske furuknoppar for å hindre utbrot av skjørbuk. Fleire funn frå jernalderen viser at urter som nesle og meldestokk vart nytta som ein del av kosthaldet. Meldestokk var ein næringsrik urt som ein mol opp og tilsette i graut og brøddeigar, og brennesle vart nytta som kål.

Krydder nytta ein til å kamuflere at mat begynte å lukte vondt eller smake annleis. Kjøt var ei dyrebar vare, og det var viktig å behalde maten så lenge som mogeleg. Utskjemd mat vart derfor krydra slik at ein greidde å ete han.

Ein kunne ofte tilsetje krydder i øl for å skjule at brygginga ikkje hadde vore vellukka. Det vart òg tilsett krydder og urter i brennevin for å døyve og skjule den sterke smaken. I og med at ein nytta brennevin som medisin, vart det viktig å tilsetje krydder og urter for å få pasientane til å svelgje han.

Meldestokk var ei næringsrik urt som vart malen opp og tilsett i graut og brøddeigar.
Foto: Karsten Schnack, NTB Scanpix, CC BY-NC-SA
Meldestokk var ei næringsrik urt som vart malen opp og tilsett i graut og brøddeigar. Foto: Karsten Schnack, NTB Scanpix, CC BY-NC-SA

Historia om nyttevekstar i Europa

Det var grekarane og andre folkeslag rundt Middelhavet som for alvor begynte å bruke nyttevektstar. Fønikarane dominerte middelhavsområdet frå om lag 1200 f.Kr, og dette sjøfarande folket hadde med seg mange plantar tilbake frå reisene sine. Hamnebyen Tyrus vart eit knutepunkt for omsetnad av krydder, og på denne måten fekk grekarane innsikt i korleis ein kunne nytte dei medisinske plantane. Grekarane begynte å registrere plantar og skrive ned kva dei kunne bli nytta til, og det var den medisinske verknaden dei var interesserte i. Etter kvart oppdaga grekarane den gode smaken til plantane og begynte å nytte dei i maten.

Karvekål kan forvekslast med ryllik og hundekjeks. Gjer ein seg kjend med urta, er det lett å kjenne ho att.
Foto: Unni Kulhuset Granheim, CC BY-SA
Karvekål kan forvekslast med ryllik og hundekjeks. Gjer ein seg kjend med urta, er det lett å kjenne ho att. Foto: Unni Kulhuset Granheim, CC BY-SA

Hugselappen

Ville nyttevekstar har vore ein viktig ressurs for oss menneske heilt frå dei første tider. Før det vart vanleg å dyrke jorda, var menneska sankarar og jegarar, og dei levde av det naturen gav.

🖇️
Dette er ein del av temaet 🥪Mat (nynorsk)

Mat på tur

🍔Mat og næringsstoff (nynorsk)

🛒Planlegging av turmat (nynorsk)

🫐Mat frå naturen – ville vekstar (nynorsk)

🍄Mat frå naturen – sopp (nynorsk)

Lage mat

🧑‍🍳Lage mat på tur (nynorsk)

🥕Tørk turmaten sjølv (nynorsk)

🥘Bruk av nyttevekstar historisk (nynorsk)

🪵Varmekjelder til matlaging (nynorsk)

🔥Mat på bål (nynorsk)

🌮Oppskrifter

Tekst

Unni Kulhuset Granheim, Hege Resell Amdahl, Cathrine Stavnes og Martin Sveen (2020), NDLA. (CC BY-SA)

Logo

Nynorsk

Om snuitide

Kontakt oss på hei@snuitide.no