Logo

Nynorsk

Om snuitide

Kontakt oss på hei@snuitide.no

Snu i tide
Snu i tide
/
📚
Innhald – nynorsk
/
⚒️
Utstyr og reiskapar (nynorsk)
/
🪵
Varmekjelder til matlaging (nynorsk)
Varmekjelder til matlaging (nynorsk)
🪵

Varmekjelder til matlaging (nynorsk)

Innhald

  • Tips til bruk av brennar
  • Gassbrennar
  • Multifuelbrennar/bensinbrennar
  • Raudspritbrennar
  • Kvistbrennar/bålbrennar
  • Bål
  • Fyrtøy
  • Kjelar, fat og bestikk
  • Kjelar og steikjepanne
  • Steikjepanne
  • Fat
  • Bestikk
Døme på kva du treng av kokeutstyr og bestikk. Ein svamp er eit godt alternativ til oppvaskkost.
Foto: Ola Njå Bertelsen, Snuitide
Døme på kva du treng av kokeutstyr og bestikk. Ein svamp er eit godt alternativ til oppvaskkost. Foto: Ola Njå Bertelsen, Snuitide
Film: Hvitserk og Eventyrreiser, 2015, avgrensa gjenbruk

Det finst mange ulike varmekjelder for å lage mat på tur, og til ulik bruk. Her presenterer vi nokre vanlege brennarar og råd om bruk av desse. Det er sjølvsagt òg mogleg å lage mat på bål.

💡
Merk: Ved langvarig tørke kan det bli innført totalforbod mot all bruk av varmekjelder. Då må du belage deg på kaldmat.

Tips til bruk av brennar

💡
Det viktigaste er at du lærer deg korleis brennaren din fungerer, og er trygg på korleis du tenner og sløkkjer han.
  • Fyr brennaren ute, der er det betre ventilasjon og lettare å sløkkje ein eventuell brann.
    • Brennaren produserer kolos, ein giftig gass som er dødeleg om du får i deg nok.
    • Skal du bruke brennar i teltet, bør du gjere det i forteltet og med god avstand til teltduken.
  • Set brennaren stødig og ein stad der ikkje andre lett kan komme til å velte han.
  • Ha vatn eller snø lett tilgjengeleg for å kunne sløkkje ein flamme ute av kontroll.
  • Demonter brennaren etter bruk, slik at han ikkje kan leke gass eller bensin.
    • Spesielt gass er farleg å puste inn og lettenneleg.
  • Sovne aldri frå ein brennar som er på.
  • Ha kniv tilgjengeleg om du bruker brennaren i teltet, slik at du kan skjere deg ut i tilfelle brann (Pettersen, 2020).
  • Ha med reservedelar til brennaren.

Fyr sikkert i teltet (Nettavisen)

Gassbrennar

Gassbrennarar er dei enklaste og raskaste i bruk. Ulempa er at dei fungerer dårlegare i kulde. Dermed er dei best for sommarhalvåret.

Det finnes både gassbrennarar som skal monterast på toppen av gassboksen, og brennarar som står på bakken. Brennarane som står på bakken, er meir stødige, men tyngre og tek meir plass. Gassbrennarar er enkle å bruke: Du skrur gassboksen fast i brennaren, tenner på og regulerer flammen med ventilen. Så lenge det ikkje er for mange minusgrader, fungerer gass veldig bra. Det er mogleg å få kjøpt vintergass som kan brenne på ned mot 20 minus, men effekten av flammen er vesentleg dårlegare enn bensin når det er så kaldt. Ei anna ulempe er tomme gassboksar som du må bere med deg.

Gassbrennar montert på toppen av gassboksen tek liten plass, men er veldig utsett for å velte.
Foto: Ola Njå Bertelsen, Snuitide
Gassbrennar montert på toppen av gassboksen tek liten plass, men er veldig utsett for å velte. Foto: Ola Njå Bertelsen, Snuitide

Multifuelbrennar/bensinbrennar

Bensinbrennarar er eit godt alternativ, men desse tek noko større plass. Dette er dei beste for bruk på vinterturar.

Desse brennarane blir fyrte på ulike drivstoff. Bensin og parafin er det vanlegaste. I tillegg kan ein del av desse brennarane òg fyrast med gass. Dei blir stort sett brukte når det er kaldt ute, og dei brenn veldig reint og effektivt. Ulempa er at du må forvarme brennaren.

Raudspritbrennar

Bruk av raudspritbrennar blir avrådd på det sterkaste, ettersom det er fleire alvorlege ulykker knytte til bruk av desse brennarane (Klausen & Eriksen, 2018).

Å bruke raudsprit som brensel var vanlegare før, men det blir framleis selt stormkjøkken med raudspritbrennarar. Raudsprit brenn med ein usynleg flamme, og det kan vere vanskeleg å sjå at det brenn når det er lite raudsprit igjen. Fyller du på raudsprit medan det framleis brenn, kan det blusse opp ein stor flamme, og dette aukar faren for brannskadar (Klausen & Eriksen, 2018). Ei anna ulempe med raudspritbrennarar er at dei ikkje brenn heilt reint, men sotar ein del.

Kvistbrennar/bålbrennar

Kvistbrennarar er lette metallboksar ein fyrer eit lite bål av småkvist i. Desse er den tryggaste måten å fyre bål på, og svært effektive til matlaging sidan varmen blir konsentrert.

Kvistbrennarar, eller bålbrennarar, som dei òg blir kalla, er eit godt alternativ til matlaging på bål. Brennarane har blitt vanlegare dei siste åra, dei blir fortare varme enn eit vanleg bål og treng mindre brensel. Ein kvistbrennar er òg meir sporlaus enn eit vanleg bål, fordi han har ei mindre overflate og dermed vil svi av mindre av grunnen han står på. Elles er det miljøvennleg å fyre med kvistar og kongler som du finn i naturen, og du slepp å ta med deg brensel.

Ulempene er at kvistbrennaren sotar ein del og ikkje fungerer så godt i mykje regn. På vinteren og i vått vêr kan det òg vere utfordrande å finne brennbart materiale. Matlaging på ein kvistbrennar krev aktiv oppfølging. Fyrer du for hardt, får du mykje flammar og sot, og fyrer du ikkje nok, vil flammane døy ut (Speidersport, 2020).

Lett og samanleggbar kvistbrennar.
Foto: Gina Wigestrand, Snuitide
Lett og samanleggbar kvistbrennar. Foto: Gina Wigestrand, Snuitide

Bål

Bål kan du lage utan å bere noko som helst, men du er avhengig av tilstrekkeleg brensel i området – og at du har lov til å fyre opp.

Les meir om 🔥Bål (nynorsk).

Fyrtøy

Fyrstikker, lighter eller tennstål er det vanlegaste.

Vi kjem ikkje langt med oppfyring om vi manglar eit tennverktøy. Fyrstikker er tradisjonelt det mest populære. Desse må oppbevarast heilt tørt om dei skal fungere. Blir stripa på eska fuktig, får du aldri fyr. Dei vanlege 1-lighterane (som blir selde i kassen på matbutikken) er eit godt alternativ. Desse er lettare å halde tørre nok til å få fyr. Skulle lighteren bli våt, får du rista ut vatnet og tørka lighteren ganske kjapt for å få fyr igjen. Det siste alternativet er tennstål. Dette fungerer for å slå gneiste og er flott til å fyre opp gass – men ikkje like enkelt som dei andre alternativa. Til bål må du ha svært god og tørr opptenning for at tennstål skal verke.

Kjelar, fat og bestikk

Kjelar og steikjepanne

Om du berre skal ha med kjøkkenutstyr for éin person, held det som regel med ein liten kjele på rundt ein liter. Den same kjelen kan brukast til det meste, anten det er å koke vatn til turmaten eller å lage potetmos eller andre enkle retter. Er kjelen i tillegg vid, kan han brukast til å steikje i. Då kan du sleppe å ta med steikjepanne.

Er vi fleire på tur og skal lage fellesmat, eller ønskjer å kunne drive med litt meir avansert matlaging, treng vi gjerne større – og fleire – kjelar. Eit kjelesett med to kjelar på rundt 1,5 liter fungerer for inntil tre personar. Er vi frå tre til fem personar, bør vi gå opp ein liter i storleik. Om det er fleire med på tur, trengst fleire sett.

💡
Skal kjelane brukast på bål, må dei vere utan detaljar i plast, sidan plasten vil smelte. Hanker med opphengmoglegheiter gjer kjelane svært anvendelege til bålbruk.

Steikjepanne

Å kunne steikje fisken du får, er ein ekstra luksus. Sjølvsagt kan du bruke botnen på ein kjele til dette, men om du ikkje har kjelar dette eignar seg til, er ei steikjepanne nyttig. Skal panna brukast på bålet, bør du unngå panner med plast på handtaket, sidan plasten kjem til å smelte.

Med eller utan non-stick-belegg?

Mange kjelar og steikjepanner er sette inn med eit belegg som gjer at maten ikkje brenner seg så lett fast. Dette blir ofte kalla non-stick- eller teflonbelegg. Eit slikt belegg er svært praktisk når ein lagar mat. Ulempa er at belegget består av miljøskadelege fluorkarbon, som etter kvart vil losne frå produkta og spreie seg i naturen. Produksjonen av desse produkta er òg uheldig for miljøet.

Alternativet er kjelar og steikjepanner utan slikt belegg. Desse er meir utfordrande å lage mat på og krev meir tilsyn for å unngå at maten skal brenne seg – men er langt betre for miljøet.

Fat

Eit fat er alltid nyttig å ha med seg, både til å lage maten på og til å servere og ete frå. Det finst ein del fat på marknaden av ulike materiale. Unngå trefat. Dei er veldig fine, men brekker lett om du med eit uhell set deg på dei når du sit på sekken eller liknande. Vel eit fat av litt mjuk plast. Slike fat varer evig og er lette og veldig rimelege.

Bestikk

Skal du halde deg til frysetørka turmat og havregraut, er ei skei det einaste bestikket du treng. Skal du ha litt fleire moglegheiter, kan det vere kjekt med gaffel og kniv òg. Kniv og gaffel bør vere av metall om du skal ha glede av dei. Bestikk av tre eller plast fungerer dårleg til kutting av biff. Dei mest haldbare turbestikka er av titan, men desse er òg kostbare. Kniven kan erstattast med den vanlege turkniven om du tel gramma. Er du spesielt ivrig på gramsparinga, kan du òg slå skei og gaffel saman i ein spork. Sporkar er likevel noko upraktiske i bruk.

🖇️
Tilbake til 😴Overnatting (nynorsk)
🖇️
Dette er ein del av temaet ⚒️Utstyr og reiskapar (nynorsk)

Diverse turutstyr

🎒Sekk (nynorsk)

🥾Sko (nynorsk)

🛌Sovepose (nynorsk)

🗞️Liggjeunderlag (nynorsk)

🪵Varmekjelder til matlaging (nynorsk)

🪓Turverktøy (nynorsk)

🎿Skiutstyr og truger (nynorsk)

Meir om turutstyr

Innhald i sekken (nynorsk)Innhald i sekken (nynorsk)

📔Låne, leige eller kjøpe brukt (nynorsk)

🧵Reparasjon og vedlikehald (nynorsk)

Tekst

Bjørn Henrik Stavdal Johansen og Gina Wigestrand, Snuitide (2021)

‣
Kjelder

DNT (2021). Sov ute. Henta frå https://dnt-open.motimate.app/training/course/sov-ute/chapter/sovepose-og-liggeunderlag

Ellingsrud, I. (2020, 12. mai). Hvordan velge riktig sovepose? [Videoklipp] turjenter.no, https://www.youtube.com/watch?v=yHO-Kor1SW0

Magasinet (2021, 29. mars). Temperaturgrenser på soveposer. Henta frå https://www.magasinet.no/temperaturgrenser-pa-soveposer

Hans Fredrik (2021, 30. april). Slik velger du riktig sovepose. Der/ute. Henta frå https://www.derute.no/blog/slik-velger-du-riktig-sovepose

Hvitserk og Eventyrreiser (2015, 20. januar). Ekspedisjonsskolen: Fyre brenner [Videoklipp]. https://www.youtube.com/watch?v=i35JOLY9uDs

Klausen, D.H. & Eriksen, I. (2018, 6. september). Elever brannskadet: – Jeg reagerer med sinne når dette skjer igjen. NRK. https://www.nrk.no/tromsogfinnmark/frarader-bruk-av-stormkjokken-med-rodsprit-1.14197728

Pettersen, M.N. (2020). Sove ute. Gyldendal

Speidersport (2020, 20. oktober). Pluss og minus med bålbrennere. Henta frå https://www.speidersport.no/turtips/utstyr/om-bålbrennere

Valle, R. (2021, 12. november). Soveposestandarden EN 13537 – med Øystein Wiggen. [Lydfil]. Podkasten Uteliv. Henta frå https://feeds.acast.com/public/shows/podkasten-uteliv

Valle, R. (2021, 12. mars). Det viktige liggeunderlaget – med Øystein Wiggen. [Lydfil]. Podkasten Uteliv. Henta frå https://feeds.acast.com/public/shows/podkasten-uteliv

Valle, R. (2019). En god natts søvn – med Bengt Rotmo. [Lydfil]. Podkasten Uteliv. Henta frå https://feeds.acast.com/public/shows/podkasten-uteliv