Innhald
- Kniv
- Bruk av kniv
- Sløve knivar er farlege knivar
- Lange knivar
- Øks
- Meir om økser
- Sag
- Meir om tursager
- Multiverktøy
I friluftslivet hender det at vi får bruk for diverse verktøy. Det typiske er kniv, øks og sag.
Kniv
Ein god turkniv er ein kniv som ligg godt i handa. Bladet bør ikkje vere for langt, sidan det vil gi deg mindre kontroll over kniven. Ein god regel er at når du held i skaftet, skal tommelen gå minst 2/3 opp langs ryggen av knivbladet. Skal du primært bruke kniven til spikking, er det ideelt med ein endå kortare type. Kniven er eit verktøy du alltid bør ha med deg på tur.
Utvalet av knivar er enormt, og det er lurt å kjenne på kniven i handa. Korleis kjennest han? Får du godt grep?
Bruk av kniv
Ein kniv skal alltid reknast som ein farleg reiskap. Du skal alltid bruke han vend frå kroppen, og frå alle menneske som skulle vere i nærleiken. Hugs at kniven skal vere mest mogleg i ro i handa, som bør kvile på kneet. Tommelen skal liggje opp langs knivryggen for å kontrollere bladet. Det er emna du skjer i, som skal flyttast og jobbast med. Dette er viktig for å unngå skadar på deg sjølv eller andre.
Sløve knivar er farlege knivar
Dei knivane folk oftast skjer seg på, er dei sløve knivane. Årsaka til det er at ein må bruke langt meir makt på ein sløv kniv – og om ein då glepp, treffer ein seg sjølv eller andre med langt meir styrke. Ein skarp kniv, derimot, skjer effektivt, og dermed treng ein ikkje å leggje så mykje press under arbeidet.
Hugs å halde kniven skarp ved å skjerpe han med jamne mellomrom. Det finst enkle reiskapar for skjerping av knivar som er «idiotsikre». Det er betre å bruke slike enn å gå laus på kniven med skjerpestål eller slipestein om du ikkje veit nøyaktig kva du driv med.
Blir kniven altfor sløv, må det slipast opp ein ny egg. Dette er det best å gjere på ein roterande slipestein.
Lange knivar
Det finst ulike store/lange knivar på marknaden som har tyngdepunktet langt ut på bladet. Dei vanlegaste av denne typen i Noreg er sameknivar. Dette er ikkje gode knivar å spikke med, dei eignar seg best som hoggereiskap til å hogge smale rajer og kvister med. På lange turar der du vil spare vekt, kan ein slik kniv til ei viss grad erstatte kniv og øks.
Øks
Økser er tunge turreiskapar som vi ofte ikkje treng. Ei turøks kan likevel vere eit nyttig verktøy på turar der ein belagar seg mykje på bålfyring. Då er det greitt å kunne kløyve veden. Gode turøkser bør ikkje vere for store, slik at det er mogleg å pakke dei med seg. Samtidig bør dei vere tunge nok til å ha ein god bruksfunksjon og ha langt nok skaft til å skape eit moment. Små, lette økser med kort skaft er lettare å skade seg med og er dårlegare eigna.
Meir om økser
Ei passe turøks er ikkje lengre enn dagstursekken – men er lang nok til å vere anvendeleg. Øksehovudet bør ha nok tyngd til at det er enkelt å kløyve ved.
Farleg verktøy
Som alle skarpe reiskapar skal øksa brukast vend vekk frå folk. Du skal aldri svinge ei øks mot andre menneske. Øksehovudet kan losne frå skaftet og treffe nokon!
Øksa bør ikkje vere altfor skarp. Høgg du deg i foten med ei skarp øks, er katastrofen total. Med ei sløv øks slepp du kanskje unna med berre eit blåmerke.
Sag
Ei tursag er turøksa sin følgjesvein. Det er nemleg med tursaga du lagar kubbar som skal kløyvast med øksa.
Meir om tursager
Dei fleste tursager blir folda inn i handtaket sitt, og er dermed ikkje spesielt lange. Derfor er det lurt å kjøpe ei som har eit blad som sagar begge vegar (både fram og tilbake). Sørg for at saga har ei form for sikring som gjer at sagbladet blir låst når det er spent ut. Du kan skjere deg stygt om du er uheldig med saga!
Sagbladet kan fort bli bøygd eller knekt med eit uhell. Derfor bør det vere mogleg å byte sagblad. Sjå etter dette når du skal skaffe deg sag.
Hugs at du ikkje har lov til å felle ståande døde tre til bruk som brensel utan samtykke frå grunneigaren. I mange nasjonalparkar og verneområde er det føresegner som fredar slike døde tre, både ståande og liggjande, i sin heilskap. Derfor kan det ofte vere like greitt å la sag og øks liggje heime, så slepp du ekstra vekt. Du kjem som regel langt med dei kvistene du kan plukke frå bakken.
Multiverktøy
Eit multiverktøy som ein leatherman eller liknande kan vere praktisk. Det gir deg mange høve til å reparere og fikse utstyr. Typisk har slike verktøy kniv, saks, tong (kombinert avbitar- og knipetong), boksopnar og skrujern som eit minimum. Enkelte har mykje meir enn dette. Jo fleire verktøy som er implementerte, dess tyngre blir reiskapen.
Diverse turutstyr
Varmekjelder til matlaging (nynorsk)
Meir om turutstyr
Tekst og bilete: Bjørn Henrik Stavdal Johansen, Snuitide (2022)