Logo

Nynorsk

Om snuitide

Kontakt oss på hei@snuitide.no

Snu i tide
Snu i tide
/
📚
Innhald – nynorsk
/
😴
Overnatting (nynorsk)
Overnatting (nynorsk)
😴

Overnatting (nynorsk)

På tur over fleire dagar treng vi ein stad å overnatte. Anten du vil sove inne eller ute, er det lurt å planleggje overnattinga. Det er dumt om hytta du har tenkt å overnatte på, er heilt full, eller om staden der du tenkte å sove i hengjekøye, ikkje har tre. Kanskje har du lyst å prøve ei ny overnattingsform, som å sove under ein steinheller?

Her får du ei oversikt over tilgjengelege hytter å sove i, ulike måtar å sove ute på og utstyr du treng å ta med deg på overnattingstur.

‣
Innhald
  • Overnatting
  • Utstyr til overnatting ute
  • Tak over hovudet
  • Kort om overnatting
  • Tips til val av leirplass
  • Kva bør du unngå?
  • Kva utstyr treng du?
  • Podkastar om utstyr til uteovernatting
  • Tips til overnattingsstader
  • Oppgåver
‣
Kompetansemål

Forslag til konkretisering av kompetansemål er skrevet av Gina Wigestrand, redaktør av Snuitide. Dette er ment som en hjelp til å tydeliggjøre hva kompetansemålene rommer innen de ulike temaene. Lærere står fritt til å bruke disse eller lage sine egne.

Kompetansemål med forslag til konkretiseringer - overnatting

Friluftsliv 1
Anvende, vedlikeholde og ta vare på utstyr og redskaper på en hensiktsmessig måte
Anvende, vedlikeholde og ta vare på utstyr og redskaper på en hensiktsmessig måte

-Kunne bruke utstyr for overnatting ute -vite hvilket utstyr som er hensiktsmessig å bruke ved ulike overnattingsformer ute

Friluftsliv 1
Planlegge, gjennomføre og reflektere over turer med flere overnattinger i ulike naturmiljøer og til ulike årstider
Planlegge, gjennomføre og reflektere over turer med flere overnattinger i ulike naturmiljøer og til ulike årstider

- vite hvordan man finner en god leirplass - vite hvilket utstyr det er lurt å ha med på overnattingstur ute - kunne vurdere hvilket utstyr som er nødvendig ved uteovernatting - kjenne til ulike typer overnatting inne og ute

Friluftsliv 1
Gjennomføre sikker ferdsel og praktisere et friluftsliv som tar hensyn til naturen
Gjennomføre sikker ferdsel og praktisere et friluftsliv som tar hensyn til naturen

- vite hvilke hensyn man må ta og hvilke rettigheter man har når man bor ute i naturen - vite hvordan leiren skal se ut når vi forlater den - praktisere sporløs ferdsel i forbindelse med leirliv

Friluftsliv 1
Samarbeide for å bidra til fellesskap, sosiale opplevelser og mestring
Samarbeide for å bidra til fellesskap, sosiale opplevelser og mestring

- bidra i gruppa med etablering av leir - samarbeide og hjelpe resten av gruppa med oppgaver i leir

Friluftsliv 1
Beskrive og forstå hva som kan skape gode naturopplevelser
Beskrive og forstå hva som kan skape gode naturopplevelser

- reflektere over hvordan valg av utstyr og leirsted kan være med på å skape gode naturopplevelser - beskrive egne opplevelser fra overnatting ute og si noe om hva som kan bidra til en god opplevelse av å sove ute

Friluftsliv 1
Friluftsliv 2
Planlegge, gjennomføre og vurdere turer med flere overnattinger i ulike naturmiljøer og til ulike årstider
Planlegge, gjennomføre og vurdere turer med flere overnattinger i ulike naturmiljøer og til ulike årstider

- ha kunnskap om og prøve ulike overnattingsmuligheter, både inne og ute - vite hvordan det er lurt å organisere en leir med både få og mange mennesker - vurdere leir og organisering av denne ut fra vær og føre - være i stand til å finne leirplasser til ulike typer overnatting

Friluftsliv 2
Anvende utstyr og redskaper på en bærekraftig måte
Anvende utstyr og redskaper på en bærekraftig måte

- kunne vurdere hvilket utstyr som er hensiktsmessig å bruke ved ulike overnattingsformer og til ulike årstider - vurdere lån/leie av overnattingsutstyr mot kjøp. Hva er mest bærekraftig?

Friluftsliv 2
Planlegge og gjennomføre aktiviteter og turer i nærmiljøet selvstendig og i fellesskap
Planlegge og gjennomføre aktiviteter og turer i nærmiljøet selvstendig og i fellesskap

- kunne selvstendig gjennomføre en overnattingstur alene eller i fellesskap med andre

Friluftsliv 2
Gjennomføre og vurdere friluftslivsturer der mestringsfølelse, naturopplevelser og fellesskap står sentralt
Gjennomføre og vurdere friluftslivsturer der mestringsfølelse, naturopplevelser og fellesskap står sentralt

- diskutere hvordan valg av utstyr og leirsted kan være med på å skape mestring og naturopplevelser - vurdere egne overnattingsturer og forklare hvilke elementer som var viktige for mestringsfølelse, naturopplevelse og fellesskap

Friluftsliv 2
Utøve og reflektere over bærekraftig ferdsel i naturen
Utøve og reflektere over bærekraftig ferdsel i naturen

- ha god kunnskap om og følge allemannsretten og ferdselsregler i området man overnatter - bruke naturen slik at vi etterlater oss minst mulig spor og praktisere sporløs ferdsel i forbindelse med leirliv - reflektere over hvordan vi mest mulig bærekraftig kan overnatte i naturen

Friluftsliv 2

Overnatting

🏕️Rutinar i leir (nynorsk)⛄Tips til vinterovernatting (nynorsk)

Utstyr til overnatting ute

🛌Sovepose (nynorsk)

🗞️Liggjeunderlag (nynorsk)

🪵Varmekjelder til matlaging (nynorsk)

Tak over hovudet

🏡Tilgjengelege hytter i Norge (nynorsk)⛺Telt og lavvo (nynorsk)☂️Presenning/tarp (nynorsk)🌲Hengjekøye og tretelt (nynorsk)❄️Sove i snøen (nynorsk)🪨Andre typar overnatting ute (nynorsk)
Foto: Gina Wigestrand, Snuitide
Foto: Gina Wigestrand, Snuitide

Kort om overnatting

  • I Noreg finst det mange hytter vi kan overnatte i på tur.
    • Sjekk på førehand om du treng nøkkel eller medlemskap for å få overnatte.
  • Vel ein leirplass som ligg i le for vinden og har tilgang på vatn.
  • Hald leiren ryddig, pakk vekk mat du ikkje bruker, og hugs sporlaus ferdsel.
  • Hugs god hygiene i leir.
    • Lag latrine.
    • Etabler rein og skiten sone.
  • Ta på nok klede og hald deg i aktivitet for å halde varmen.
  • Pass på at du er varm når du legg deg.
    • Ha med varm nok sovepose og liggjeunderlag.
  • Det finst mange måtar å sove ute på:
    • under open himmel
    • i telt
    • under ein steinheller
    • under ein presenning eller gapahuk
    • i hengjekøye
    • i tretelt
    • i snøen i iglo, quinzee eller snøhòle

Tips til val av leirplass

Slik finn du ein god teltplass. Film: Den Norske Turistforening, 2020
💡
Det er ikkje alltid lett å finne den perfekte leirplassen, så det kan vere lurt å ikkje vere altfor kresen i starten.
  • Vel eit relativt flatt område (gjeld når du skal sove på bakken).
    • Finn ein relativt tørr stad, gjerne eit litt mjukt underlag som mose eller lyng.
    • Pass på å ikkje leggje deg i ei dump – då blir det badekar i teltet om det regnar mykje.
  • Sørg for at det er vatn i nærleiken – det gjer matlaging og det meste mykje lettare.
    • Det bør helst vere rennande vatn – det er tryggare å drikke enn stille vatn.
  • Prøv å skaffe deg le for vind og vêr – spesielt viktig på høgfjellet.
    • Sjekk kvar vinden kjem frå, og søk le frå den retninga.
    • Ein dal, stor stein eller skog kan gi godt le.
    • NB! På sommaren kan lune stader vere ei skikkeleg mygg- og knottfelle. Legg gjerne leiren ein stad med litt vind eller trekk, så får du mindre uønskt besøk.
  • Sjå etter spor etter tidlegare leirplassar.
    • Det er kanskje ein grunn til at nokon har sove her før deg?
  • Sjekk solforholda.
    • Sjekk kvar sola kjem om kvelden og morgonen.
    • Sol på teltduk om morgonen kan vere hyggeleg, men midt på sommaren er det ganske forferdeleg.
  • Treng du ved?
    • Viss du skal brenne bål, er det fint om du ikkje må gå så veldig langt for å finne ved.
  • Har du utsikt?
    • Utsikt er ikkje eit must, men eit stort pluss.
  • Til hengjekøye treng du tre.
    • Finn to tre som har ca. 4–6 meters mellomrom.
    • Pass på at trea minst er like tjukke som låret ditt, så toler dei belastninga.
  • Skal du lage ditt eige ly?
    • Til gapahuk, overnatting under presenning eller tarp er det òg ein fordel å ha tre tilgjengeleg.
    • Det er òg mogleg å bruke vandrestavar for å slå opp presenning eller tarp om du er på høgfjellet.
    • Ver spesielt nøye med underlaget sidan du ligg rett på bakken – tenk over om det kan renne vatn inn der du ligg.

I skogen er leiren mykje meir verna enn på snaufjellet. Ver alltid nøye når du vel leirstad på utsette stader, og barduner teltet godt. Det kan vere lurt å leggje stein på stormklaffane og på pluggane som ekstrasikring.

Slik finn du ein god teltplass. Film: Den Norske Turistforening, 2020

Kva bør du unngå?

Marius Nergård Pettersen (2020) har nokre tips til kvar du bør unngå å leggje leirplassen:

  • IKKJE ligg heilt i vasskanten
    • i fjæresteinane ved havet (havet stig, og du kan bli våt)
    • ved ei elv i regn (vassføringa aukar, og det kan bli vått der du ligg)
  • IKKJE ligg under døde eller rotnande tre i skogen – dei kan falle over deg.
  • IKKJE ligg på ein høg topp eller det høgaste punktet i området ved fare for tore – lynet kan slå ned og treffe deg.
  • IKKJE ligg rett under bratt terreng med mykje snø, det kan rase over deg.

Kva utstyr treng du?

💡
Hugs: Lån, leig eller kjøp brukt!

Overnatting ute krev litt meir utstyr enn det å bu inne. Til sjølve overnattinga treng vi først og fremst

  • noko å sove i – sovepose
  • noko å sove på – liggjeunderlag

Valet av korleis du skal bu ute, legg føringar for utstyret. Skal du sove i telt, hengjekøye, snøhòle, under ein steinheller eller under open himmel?

Det er lurt å teste ut både liggjeunderlag og sovepose før du kjøper, slik at du veit kva som fungerer for deg. Lån eller leig og test ut utstyr før du kjøper. Det same gjeld telt og hengjekøye. Prøv ulike variantar og finn ut kva eigenskapar som er viktige for deg, før du kjøper.

Skal du sove mykje ute, er det lurt å investere i eit liggjeunderlag og ein sovepose. Du treng ikkje å gå for det dyraste, vel noko som passar ditt behov. Kjøp gjerne brukt.

Sjekk kvar du kan 📔Låne, leige eller kjøpe brukt (nynorsk).

Podkastar om utstyr til uteovernatting

‣
«En god natts søvn» - podkasten Uteliv
  • med Randulf Valle og Bengt Rotemo
  • (Valle, 2019, https://feeds.acast.com/public/shows/podkasten-uteliv, BY-NC-ND)
‣
«Soveposestandarden» – podkasten Uteliv
  • med Randulf Valle og Øystein Wiggen
(Valle, mars 2021, https://feeds.acast.com/public/shows/podkasten-uteliv, BY-NC-ND)
‣
«Det viktige liggeunderlaget» – podkasten Uteliv
  • med Randulf Valle og Øystein Wiggen
(Valle, november 2021, https://feeds.acast.com/public/shows/podkasten-uteliv, BY-NC-ND)

Tips til overnattingsstader

  • Sov godt ute
  • Plass til telt
  • Markas fineste teltplasser (Skiforeningen, Oslo)
  • 10 fine teltplasser i Oslomarka (tursøstre)

Oppgåver

🖍️Oppgåver om å sove ute
🖇️
Dette er ein del av temaet 😴Overnatting (nynorsk)

Overnatting

🏕️Rutinar i leir (nynorsk)

⛄Tips til vinterovernatting (nynorsk)

Utstyr til overnatting ute

🛌Sovepose (nynorsk)

🗞️Liggjeunderlag (nynorsk)

🪵Varmekjelder til matlaging (nynorsk)

Tak over hovudet

🏡Tilgjengelege hytter i Norge (nynorsk)

⛺Telt og lavvo (nynorsk)

☂️Presenning/tarp (nynorsk)

🌲Hengjekøye og tretelt (nynorsk)

❄️Sove i snøen (nynorsk)

🪨Andre typar overnatting ute (nynorsk)

Tekst:

Gina Wigestrand og Bjørn Henrik Stavdal Johansen, Snuitide (2022)

‣
Kjelder

Den Norske Turistforening (2020, 28. juni). Pakkeliste for teltturen. [Videoklipp]. Henta frå https://www.youtube.com/watch?v=pV1fuqC-6pM&list=PLsNwAvQ4hxbCuijR-G-LMs6eNkdqU7_VT&index=14

Den Norske Turistforening (2020, 26. juni). Slik finner du en god teltplass. [Videoklipp]. Henta frå: https://www.youtube.com/watch?v=Pv-8-RAERjo

Ekker, K., Bolle, J. og Slapgaard, O.V. (2019). Slå leir. NDLA https://ndla.no/subject:13/topic:1:184909/topic:1:184914/topic:1:184880/resource:1:16724

Finn.no (2018, 3. juni). Sett opp teltet på 1-2-3. [Videoklipp]. Henta frå https://www.youtube.com/watch?v=5_rQlAXnbs8

Fosse, I.B. (2018). Turtriks – hold deg varm i soveposen. KFUK-KFUM Speiderne. https://kmspeider.no/ressurser/turtriks-hold-deg-varm-i-soveposen-article10763-3902.html

Granum, P.E. (2012). Så farlig er det å spise ris og pasta som er lagret feil. forskning.no Henta frå https://forskning.no/forskeren-forteller-mat-mat-og-helse/sa-farlig-er-det-a-spise-ris-og-pasta-som-er-lagret-feil/733037

Helsport (2015, 5. januar). Helsport oppsett tunneltelt web. [Videoklipp]. Henta frå https://www.youtube.com/watch?v=q0mGQ-OvSts

Kjøndal, A. (2017, 15. september). Hvordan sove godt i sovepose – noen tips! [Videoklipp]. https://www.youtube.com/watch?v=Ibjh5aXLksI

Norges Fjellstyresamband (u.å.). Om fjellstyrene. https://www.fjellstyrene.no/om-fjellstyrene

Norsk Friluftsliv (2021, 18. juni). Trodde du det var lov å hugge friske trær? Det er det ikke. Henta frå https://norskfriluftsliv.no/trodde-du-det-var-lov-a-hugge-friske-traer-det-er-det-ikke/

Pettersen, M.N. (2020). Sove ute. Gyldendal

Sysselmesteren (2021). Informasjon om regelverk vedrørende hytter på Svalbard. Henta frå https://www.sysselmesteren.no/nyheter/2021/07/informasjon-om-regelverk-vedrorende-hytter-pa-svalbard/

Valle, R. (2021). Sove ute og Oslos nære villmark – med Marius Nergård Pettersen. [Lydfil] Podkasten Uteliv. Henta frå https://feeds.acast.com/public/shows/podkasten-uteliv