Logo

Nynorsk

Om snuitide

Kontakt oss på hei@snuitide.no

Snu i tide
Snu i tide
/
📚
Innhald – nynorsk
/
🧵
Reparasjon og vedlikehald (nynorsk)
Reparasjon og vedlikehald (nynorsk)
🧵

Reparasjon og vedlikehald (nynorsk)

Det er mykje som går sund etter ei tids bruk i naturen. Klede og utstyr treng derfor jamleg vedlikehald, og nokre gonger må det reparerast. Ulltøy går det som kjent fort hòl i, medan bomullsanorakkar og gamasjar blir slitne når dei har vore i bruk ei stund. Dunjakka får kanskje hòl etter ei glo frå bålet. Alt slikt kan fiksast med enkle middel.

‣
Innhald
  • Ulike typar reparasjonar
  • Meir om temaet
  • Kort om reparasjonar
  • Reparasjon er berekraftig
  • Fiks alt – alltid
  • Oppgåver
‣
Kompetansemål

Forslag til konkretisering av kompetansemål er skrevet av Gina Wigestrand, redaktør av Snuitide. Dette er ment som en hjelp til å tydeliggjøre hva kompetansemålene rommer innen de ulike temaene. Lærere står fritt til å bruke disse eller lage sine egne.

Kompetansemål med forslag til konkteriseringer - reparasjon og vedlikehold

Friluftsliv 1
Planlegge, gjennomføre og reflektere over turer med flere overnattinger i ulike naturmiljøer og til ulike årstider
Planlegge, gjennomføre og reflektere over turer med flere overnattinger i ulike naturmiljøer og til ulike årstider

- Sjekke utstyr før og etter tur og gjøre nødvendig vedlikehold.

Anvende, vedlikeholde og ta vare på utstyr og redskaper på en hensiktsmessig måte
Anvende, vedlikeholde og ta vare på utstyr og redskaper på en hensiktsmessig måte

- Kunne reparere utstyr midlertidig på tur. - Reparere og ta vare på eget - og felles utstyr. - Behandle utstyr og redskaper slik at det ikke går i stykker.

Friluftsliv 2
Anvende utstyr og redskaper på en bærekraftig måte
Anvende utstyr og redskaper på en bærekraftig måte

- Ta vare på eget og lånt utstyr. - Reparere og vedlikeholde turutstyr. - Reflektere over nytten av å reparere, låne og vedlikeholde utstyr fremfor å stadig kjøpe nytt i et bærekraftsperspektiv.

Planlegge, gjennomføre og vurdere turer med flere overnattinger i ulike naturmiljøer og til ulike årstider
Planlegge, gjennomføre og vurdere turer med flere overnattinger i ulike naturmiljøer og til ulike årstider

- Gå gjennom utstyr før og etter tur for å avdekke mangler eller skader og gjøre nødvendig vedlikehold.

Ulike typar reparasjonar

🔧Reparasjon på tur (nynorsk)🎗️Reparasjon etter tur (nynorsk)🪡Reparasjon etter tur – saum (nynorsk)

Meir om temaet

📔Oversikt over alle reparasjoner

Vedlikehald av turutstyr (nynorsk)Vedlikehald av turutstyr (nynorsk)⬇️Meir om reparasjon og vedlikehald (nynorsk)

Kort om reparasjonar

  • Det meste kan reparerast.
  • Reparasjon av utstyr og klede forlengjer levetida og minskar belastninga på miljøet.
  • Ta med reparasjonsutstyr, slik at du kan fikse utstyr som blir øydelagt på tur.
    • Lerretsteip og eit stykke tau er dei mest allsidige verktøya på tur.
    • Er de mange på tur saman, kan de ta med litt kvar.
  • Har du ikkje symaskin, kan du ofte bruke lim i staden.
  • Med ei enkel symaskin kan du sy og reparere det meste av friluftslivsutstyret.
    • Ei symaskin som har rettsaum og sikksakksaum, er god nok.
  • Finn informasjon og instruksjonar for reparasjonar på nettet.
    • Det er mange reparasjonsentusiastar rundt om i verda. Søk på engelsk, så kan du finne det meste.
image

Reparasjon er berekraftig

Vi vil ut og oppleve naturen, og Noreg er det landet i verda som bruker mest pengar per person på sports- og friluftslivsutstyr. Stadig nye friluftsaktivitetar krev nytt, og kanskje meir, utstyr. Men kva gjer vi med det gamle utstyret eller det som blir øydelagt på tur? Kastar vi det, eller ligg det og støvar ned inst i bua? Ville det ikkje vore betre for miljøet om vi brukte det vi hadde, i staden for å kjøpe nytt?

Tenk på ressursane og energien som er brukt for å produsere utstyret. Når du får ei rift i turbuksa, er det lett å bli freista av ein nyare modell, ein ny type superstoff eller årets kule farge. Naturen bryr seg ikkje om den nyaste trenden eller kulaste fargen, og det burde kanskje ikkje du heller?

Fiks alt – alltid

Ein av miljøvettreglane som ungdommane i Turistforeininga har laga, lyder:

Fiks alt – alltid!

Det er ein veldig god leveregel som sørgjer for at vi får eit meir berekraftig forbruk. Her har vi samla ein del filmar for å vise korleis vi kan reparere klede og utstyr, både heime og på tur.

Utstyr og klede har ofte mykje lengre levetid enn vi trur. Ei rift i eit plagg, ei ripe i solen på skia eller eit hòl i myggnettingen betyr ikkje at utstyret må bytast ut. Det kan fint reparerast, leve eit lengre liv og dermed redusere belastninga på miljøet.

Sjølv om det er godt synleg at du har gjennomført ein reparasjon, bør du vere stolt av den lappen du har limt på buksa, glidelåsen i «feil» farge som du har sydd på jakka, eller limrestane på skoa etter at du har limt solen. Det viser at du har teke eit berekraftig val, som er med på å skåne naturen.

Fleire tips finn du på Fiks alt – alltid (DNT Ung).

Oppgåver

🖍️Oppgåver om reparasjon og vedlikehald
🖇️
Dette er ein del av temaet 🧵Reparasjon og vedlikehald (nynorsk)

Artiklar i temaet

🔧Reparasjon på tur (nynorsk)

🎗️Reparasjon etter tur (nynorsk)

🪡Reparasjon etter tur – saum (nynorsk)

Meir om temaet

📔Oversikt over alle reparasjoner

Vedlikehald av turutstyr (nynorsk)Vedlikehald av turutstyr (nynorsk)

⬇️Meir om reparasjon og vedlikehald (nynorsk)

Tekst:

  • Lars Peters, Snuitide (2022)
  • Tekst om vedlikehald av turutstyr: Bjørn Henrik Stavdal Johansen, Snuitide (2022)
  • Bilete er, når ikkje anna er nemnt, tekne av Lars Peters.
‣
Kjelder

Andersen, B.L. og Skumsvoll, N.F. (2019, 5. juni). Vi bruker 15 milliarder i året på utstyr: – Stiene har blitt en catwalk. NRK Vestfold og Telemark. Henta frå https://www.nrk.no/vestfoldogtelemark/nordmenn-bruker-15-milliarder-i-aret-pa-sportsutstyr-1.14575621

Bykuben (2020). Stoppe hull for hånd. [Videoklipp]. Bykubens syskole. Henta frå https://www.youtube.com/watch?v=vUu6gCQBfE8&list=PLzeS14mO_oU9PrObJ5p3pXPkqamkeOQwM&index=9

Gear aid (2018). Aquaseal SR Shoe Repair Adhesive by GEAR AID. [Videoklipp]. Henta frå https://www.youtube.com/watch?v=FRbwUoISpa4

Outside (2019). The 101: How to Fix a Sleeping Pad. [Videoklipp]. Henta frå https://www.youtube.com/watch?v=_07peoySzvA

Gear aid (2014). How to Seal Tent Seams with Seam Grip WP. [Videoklipp]. Henta frå https://www.youtube.com/watch?v=c7uURBdvOmY&t=10s

Tarptent (2016). How to Seam Seal Your Tarptent. [Videoklipp]. Henta frå https://www.youtube.com/watch?v=BDLVCXRTHKU&feature=youtu.be

Helsport (2020). How to replace a zipper slider on a sleeping bag [Videoklipp]. Henta frå https://www.youtube.com/watch?v=SpAlCLC6GxU

Helsport (2019). How to replace the shock cord in your tent pole. [Videoklipp]. Henta frå https://www.youtube.com/watch?v=FSL4QtvqGtI

Classically.foolish (2011). Waterproofing your tent with McneTT Seam Sealer and Tent Floor Sealant. [Videoklipp]. Henta frå https://www.youtube.com/watch?v=mbs3R0-mIOQ

Swix (2013). Swix Alpine Racing Reparasjon av sår i belegg. [Videoklipp]. Henta frå https://www.youtube.com/watch?v=7QkoWjuA7qc

Se mn Sewing machines (2022). Sewing tension problems upper and lower thread tension explained. [Videoklipp]. Henta frå https://www.youtube.com/watch?v=DceMZGHrXMU

Easy sewing easy life DIY (2021). How to replace the winter coat zipper. [Videoklipp]. Henta frå https://www.youtube.com/watch?v=9WMSpa7b1WU