Vedlikehald av telt
Ta vare på teltet ditt (Helsport).
Vedlikehald av lêrstøvlar
For å sørgje for at lêrstøvlane har lengst mogleg levetid, er det viktig å behandle dei rett. Om du tek godt vare på dei, kan du ha glede av støvlane i mange år. Viss ikkje vil dei kunne tørke ut og sprekke opp tidleg.
Grunnimpregnering – med lêrfeitt
Når støvlane er nye, og om dei har tørka ut, skal vi grunnimpregnere med lêrfeitt. Dette er mjukt som honning i konsistensen. Det finst ulike typar på marknaden. Dei beste er bivoksbaserte eller tjærebaserte. Begge variantar vil trengje godt inn og mjukgjere lêret. Vêr klar over at det tjærebaserte feittet luktar kraftig av tjære (bållukt) og vil farge lêret. Det bivoksbaserte luktar normalt søtt og har ein gyllen farge. Lêret vil alltid få ein mørkare farge når feittet trekkjer inn.
Sørg for at støvlane er reine og tørre. Ta godt med feitt i hendene og smør det inn i lêret med varme hender. Trekkjer første runde med feitt heilt inn, kan du ta på eit ekstra, tynt lag. La skoen stå litt og trekkje før du tørkar av overskytande feitt med ein klut eller tørkepapir.
Vedlikehaldsimpregnering – med lêrvoks
I det daglege smør vi skoa inn med lêrvoks ved behov. Lêrvoks kjennest fast når vi tek på han i boksen. Det er denne typen du som regel finn i sportsbutikkane. Bruk fingrane for å få opp litt voks. Gni inn skoen med voksen – bruk fingrane her òg. Ver spesielt nøye med alle saumar. Du kan gjerne smørje inn limfugene på solen òg. Blankpuss med ein tørr klut.
Sovepose – oppbevaring og vedlikehald
For at soveposen din skal halde deg varm på mange turar i framtida, er det viktig å ta godt vare på han. Her er nokre tips til korleis du best gir soveposen eit langt liv:
Lufting
For kvar gong du har brukt soveposen, bør han vrengjast og hengjast til lufting. Ideelt sett gjer du dette etter kvar einaste natt du har brukt posen – òg medan du er på tur. Dette er for å bli kvitt fukt som har samla seg i soveposen gjennom natta. Om fukta får bli verande, vil det lettare danne seg dårleg lukt i soveposen.
Oppbevaring
Soveposar held seg best om dei blir oppbevarte så lite komprimerte som mogleg når dei ikkje er i bruk. Dette gjeld spesielt dunposar, sidan duna blir øydelagde av å vere komprimerte over tid, men også kunstfibrar vil miste spenst over tid om dei er komprimerte under oppbevaring.
Dei fleste soveposar blir leverte med ein oppbevaringspose ved sida av kompresjonstrekket. I denne ligg soveposen som regel lett og ledig. Endå betre er det å la soveposen hengje i full lengd, om du har plass til det.
Sørg for å oppbevare soveposen tørt innandørs.
Vask
Ein sovepose må etter kvart vaskast, sidan han vil ta til seg feitt frå kroppen din og tape isoleringsevne. Soveposar med kunstfibrar er lettast å vaske, og går som regel på ein vanleg 40 graders vask med låg sentrifugering.
Dunsoveposar skal vaskast på dunprogram. Dei bør tørkast i tørketrommel på låg varme. Ha i nokre tennisballar (ballar til denne bruken finst hos dei fleste tekstil-/interiørbutikkar). Ballane vil tumle rundt saman med soveposen og «slå» duna på plass.
Lakenpose
For å gi soveposen ekstra levetid kan du bruke ein lakenpose. Lakenposar kjem i ulike variantar. Dei billigaste og tyngste er i bomull og gir lite ekstra varme. Silkeposar gir ekstra varme og tek liten plass – men kostar mykje.
Artiklar i temaet
Reparasjon etter tur (nynorsk)
Reparasjon etter tur – saum (nynorsk)
Meir om temaet
Oversikt over alle reparasjoner
Tekst:
- Tekst om vedlikehald av turutstyr: Bjørn Henrik Stavdal Johansen, Snuitide (2022)