Logo

Nynorsk

Om snuitide

Kontakt oss på hei@snuitide.no

Snu i tide
Snu i tide
/
📚
Innhald – nynorsk
/
🧵
Reparasjon og vedlikehald (nynorsk)
/
🖍️
Oppgåver om reparasjon og vedlikehald
Oppgåver om reparasjon og vedlikehald
🖍️

Oppgåver om reparasjon og vedlikehald

Praktiske oppgåver

  1. Gjennomfør enkelt vedlikehald av telt.
    1. Sjekk at stengene er heile.
    2. Byt strikk dersom strikken som held saman stengene, er slakk.
    3. Sjekk at det ikkje er knutar på bardunane. Har dei knutar, knyt dei opp.
    4. Surr saman og knyt opp éin og éin bardun, slik at dei ikkje surrar seg i kvarandre.
    5. Sjekk teltet for rifter.
    6. Sjekk at glidelås, stormklaffar og bardunar er heile og utan skadar.
    7. Sjekk at pluggane er heile. Rett ut skeive pluggar og fyll på med fleire pluggar om det er for få.
  2. Ta med skosmurning på skulen og impregner eigne sko.
  3. Arranger ein sykveld.
    • Reparer turtøy som har fått rifter og skadar.
  4. Gå gjennom brennarar og sjekk at alt fungerer.
    • Sjekk at brennarane brenn reint, og at flammen kan regulerast.
    • NB! Dette må gjerast ute.