Det er spesielt uheldig dersom utstyr går sund midt under turen. Teltstenger som knekk, glidelåsar som blir øydelagde, eller bardunfester som ryk. Her er ei liste med personleg utstyr det er kjekt å ha i sekken, og fellesutstyr som det held at éin person i turfølgjet har med seg.
Innhald
- Personleg
- Gaffa- eller lerretsteip (duct-tape)?
- Eit stykke ekstra tau
- Strips
- Lighter
- Skistropp (vinter)
- Fellesutstyr
- Multiverktøy
- Reparasjonshylse til teltstenger
- Nål og tråd
- Tips til sying med nål og tråd
- Ståltråd
- Ekstra skruar til skibindingar (vinter)
- Oversikt over reparasjonar på tur
Personleg
Om du surrar teipen litt under handtaka på skistavane, får du i tillegg eit godt grep som er litt lågare. Det kan vere nyttig opp bratte bakkar, eller når du går i skrå bakkar med den eine staven høgare enn den andre.
Gaffa- eller lerretsteip (duct-tape)?
Ein rull teip er eit av dei mest allsidige reparasjonsverktøya du kan ta med. Du kan mellombels lappe hòl og rifter i tekstilar som skalklede og telt og ting i hardt materiale. Teip har òg eit stort bruksområde når det gjeld førstehjelp på tur.
Ver obs på at det finst to typar teip:
- Gafferteip – kjend som gaffateip
- blei utvikla for å feste leidningar på scena under konsertar
- har mindre sterkt lim for ikkje å late etter seg så mykje limrestar på scena
- er ikkje så tettvoven for å vere lettare å rive av rullen
- Lerretsteip – også kalla duct-tape
- blei utvikla og brukt for å fikse «alt mogleg» i hæren under andre verdskrigen
- er sterkare enn gafferteip i både lim og vev, men kan late etter seg limrestar
Eit lite obs: Sjølv om teipen eignar seg ypparleg til kjapt å fikse problem på tur, er kjemikaliane i limet så sterke at dei over tid vil løyse opp dei fleste tekstilar. Fjern derfor alltid teip- og limrestane når du kjem heim. Erstatt med lim eller lappar som er eigna for tekstilar, eller reparer ved hjelp av symaskin eller nål og tråd.
Fibertettleiken i veven og kor mange gonger limstoffet har blitt spraya på veven, har mykje å seie for kor sterk lerretsteip er, og kor effektivt han klistrar seg fast. Her kan det vere lurt å unngå den teipen som er billigast, og heller bruke eit par ekstra kroner. Spesielt eit ekstra lag med lim som kostar mykje i produksjon av teipen, kan avgjere om teipen sit godt på ei fuktig, kald overflate. Prøv ut teipen heime og test han på litt ulike plast-, metall- og tekstilflater ute før turen.
Eit stykke ekstra tau
Saman med lerretsteip er tau kanskje det viktigaste verktøyet vi kan ha med til reparasjon. Tau krev litt meir kunnskap og innsikt, men du kan gjere utruleg mange mellombelse reparasjonar eller praktiske løysingar når du kan eit par knutar.
4 millimeter er ein praktisk diameter på reserve- eller reparasjonstau. Klatretau eller fallskjermtau er godt eigna, ettersom dei er sterke nok til å halde kroppsvekta ved 4 millimeter eller meir. Då kan dei brukast til det meste, til dømes som bardunar, til å hengje opp hengjekøyer med eller til å erstatte slitne skolisser.
Desse taua er enkle å kjenne igjen: Har tauet ein kjerne med kvit tråd i midten og ein voven strømpe av nylontråd på utsida, er det av den sterke typen. Det er dei kvite trådane som gjer tauet sterkt, strømpen rundt er der for å verne kjernen.
Her finn du ei oversikt over knutar, bruksområda deira og ei rettleiing i korleis du knyter dei.
Strips
To–fire strips, helst litt breie (meir enn 1 centimeter), er kjekke til alt mogleg. Når dei har litt breidd, kan du bruke dei saman med lerretsteip for å spjelke skistavar og teltstenger. Nokre strips blir veldig sprø etter ei stund, så sjekk av og til at dei ikkje knekk når du trykkjer dei litt flate med handa.
Lighter
Ein lighter er kjekk å ha med for å svi av endene på tau og for å hindre tau eller tekstilar i å flise seg. I tillegg er lighteren bra til å tenne stormkjøkken med. Han passar fint å ha saman med reparasjonsutstyr som alltid er med i sekken.
Skistropp (vinter)
Ta med skistroppane på tur! Dei er utruleg praktiske om du får problem med fellane dine, anten at limet losnar, eller at festet er øydelagt. Du kan òg bruke skistroppane rundt skia midt under bindinga for å få ekstra grep dersom du har glatte ski. Om du finn ein kvist frå eit nåletre og festar han med stroppen under skia, får du endå betre grep.
Fellesutstyr
Multiverktøy
Multiverktøy er eit lite handverktøy som ofte primært er turkniv og tong, men som kan ha utruleg mange tilleggsfunksjonar. Ei lita saks, fil, boksopnar, skrutrekkjar og andre funksjonar er bretta inn i handtaket. Dei som har ei stor knipetong framme, er ekstra gode. Tonga er praktisk ved mange ulike høve. Eit multiverktøy er ein solid klump metall og veg ein del, men det er kjekt om éin eller to i gruppa har eit med seg.
Spesielt for vinterturar med ski: Dei multiverktøya som har skrutrekkjar der du kan byte ut bits, er utruleg kjekke. Ta med bits med spor som passar til skibindingane. Då kan du stramme opp lause skruar på skia eller skru om / flytte heile bindinga dersom du eller andre i gruppa har knekt ei ski. Så får de ei miniski å fullføre turen på.
Reparasjonshylse til teltstenger
Har du med telt, er det lurt å ha ei reparasjonshylse som passar til teltstengene. Det er ei hylse i metall som er ca. 10–15 cm lang, og som du kan la skli over ei knekt teltstong. Ei slik hylse finst ofte saman med teltstengene på nye telt. Éi hylse per telt er tilrådd.
Unngå å ha reparasjonshylsa laus i posen med teltpluggar eller teltstenger. Ho kan fort forsvinne når posane blir tømde, eller ho kan bli gløymd på vinterturar dersom ho ligg saman med teltpluggar til sommarbruk.
‣
Nål og tråd
Nål og tråd kan vere lurt å ha med. På telt som er silikonimpregnerte, kan det til og med vere vanskeleg å få lerretsteip til å feste seg.
Handsaum med nål og tråd kan av og til vere einaste løysing for å reparere ei stor rift i slike telt på tur. Utanom telt er òg stroppar på sekkar, sokkar og ullundertøy utstyr der teip ikkje fungerer.
Sterk sytråd er viktig når du skal sy for hand. Det blir færre sting enn det ei symaskin vil lage, og dermed meir belastning på tråden. Ta med ein liten rull som det står «ekstra sterk» på, helst polyestertråd eller «bonded nylon» som blir brukt på interiør og segl.
Ei kroknål i tillegg til ei vanleg rett nål er kjekk å ha. Kroknåla kan du smyge inn under ting som har ei hard plate bak, der ei rett nål ikkje kjem gjennom. Med ei kroknål syr du dessutan dobbelt så raskt som med ei normal nål, sidan du syr både oppsida og ut på baksida av stoffet i éi rørsle.
Kroknåla er fin når du ikkje kjem gjennom med vanleg nål på til dømes eit magebelte eller ein skulderstropp på tursekken der det er hardt materiale bak.
Tips til sying med nål og tråd
Slik syr du med nål og tråd (Sømsenteret).
Ståltråd
Av og til er det kjekt med ståltråd. Treng du å lage ein liten krok eller ring, er stålwire best. Kraftig stålwire er det beste, sånn cirka 1,5–2 millimeter tjukk. Då er han sterk nok til å tole litt belastning og framleis lett å bøye. Éin meter er ofte nok å ha med. Viss du i tillegg har gode strips og tau i sekken, klarer du å improvisere det meste.
Ekstra skruar til skibindingar (vinter)
På vintertur er det lurt å ha med eit par ekstra skruar til skibindingar, for av og til er det ein skrue på ei binding som losnar og forsvinn. Hugs òg multiverktøy med rett bits eller ein skrutrekkjar som passar til skruane.
Lause skruar på tur? Ta ein bitte liten bit med lerretsteip i hòlet på skia før du set skruane inn igjen. Teipbiten gir feste og sørgjer for at skruen ikkje snurrar seg sjølv ut. Stålull er endå betre til dette formålet. Av og til finn du det på kjøkkenet på DNT-hytter. Der blir det brukt til å skrubbe kjelar etter matlaging.
Oversikt over reparasjonar på tur
Nedanfor kan du sjå ulike reparasjonar du kan gjere på turen. Med enkle grep kan du reparere eller lage ei mellombels løysing som fungerer til du kjem heim.
Artiklar i temaet
Reparasjon etter tur (nynorsk)
Reparasjon etter tur – saum (nynorsk)
Meir om temaet
Oversikt over alle reparasjoner
Tekst:
- Lars Peters, Snuitide (2022)