Snu i tide
Snu i tide
/
📚
Innhald – nynorsk
/
🧵
Reparasjon og vedlikehald (nynorsk)
/
🪡
Reparasjon etter tur – saum (nynorsk)
Reparasjon etter tur – saum (nynorsk)
🪡

Reparasjon etter tur – saum (nynorsk)

Innhald

  • Nokre tips for eit godt resultat når du syr med maskin
  • Saumtypar – rettsaum og sikksakksaum
  • Stinglengd
  • Stingbreidd (sikksakk)
  • Dimensjonar på maskinnåler
  • Sytråd
  • Trådspenning
  • Reparasjonar med symaskin eller for hand

Reparasjon av friluftslivsutstyr stiller for det meste ingen store krav til symaskin, dei fleste hushaldsmaskiner fungerer fint. Klede, telt og anna utstyr som vi bruker på tur, er stort sett laga av tynne og lettare materiale som ei vanleg symaskin fint kjem seg gjennom. Har symaskina di rettsaum og sikksakksaum, har du alt du treng til reparasjon.

💡
All saum med symaskin kan òg gjerast for hand. Kjem du ikkje til med symaskina, kan du sy for hand eller lime på ein lapp.

Nokre tips for eit godt resultat når du syr med maskin

Saumtypar – rettsaum og sikksakksaum

Til reparasjon av klede og utstyr treng du berre å kjenne to saumtypar: rettsaum og sikksakksaum.

  • Rettsaum – den sterkaste og mest brukte saumen
    • Den einaste staden der rettsaum ikkje kan brukast, er i saumar som må strekkje seg, til dømes i tettsitjande plagg som ullundertøy.
  • Sikksakksaum – mindre slitesterk sidan meir av tråden er eksponert mellom kvart sting
    • Den diagonale avstanden mellom stinga gjer at denne saumtypen gir stoffet høve til å strekkje seg. Derfor blir sikksakksaum brukt i stretchstoff.
    • Saumen kan justerast i breidda, så det er òg kjekt å bruke han for å dekkje til hòl.

Stinglengd

På alle symaskiner er det eit lite hjul for å justere lengda mellom kvart sting. Hovudprinsippet er at tynnare stoff treng fleire sting enn tjukkare og sterkare stoff.

  • 1,5–2,5 – tynnare tekstilar, som tynt ytterstoff på tynne dunjakker
  • 2,5–4 – tjukkare tekstilar, som bomulls- og polyesterblandingar
  • 0 (mating for hand) – du må sjølv bevege stoffet gjennom for å bestemme avstanden. Kjekt når du skal tette hòl.
Hjul for å justere lengda på stinga i saumen. 
Bilete: Lars Peters
Hjul for å justere lengda på stinga i saumen. Bilete: Lars Peters

Stingbreidd (sikksakk)

Korleis du justerer hjulet for stingbreidda på sikksakksaum, er litt ulikt frå maskin til maskin. Nokre har det innebygd i hjulet der du vel saumtype, ofte frå B (smalast) til C (breiast). Andre maskiner har sitt eige hjul med tal som justerer breidda.

💡
Dei maskinene som har eit eige hjul til justering, har ein praktisk eigenskap på rettsaum. Du kan ofte bruke han til å flytte synåla trinnvis til sida av sy-foten, noko som er praktisk når du syr glidelås.
Breidda på sikksakk blir justert mellom B og C. Jo lengre mot C, desto breiare saum.
Foto: Lars Peters
Breidda på sikksakk blir justert mellom B og C. Jo lengre mot C, desto breiare saum. Foto: Lars Peters
Eige hjul for å justere sikksakk-breidda. Høgare tal gir breiare saum.
Foto: Lars Peters
Eige hjul for å justere sikksakk-breidda. Høgare tal gir breiare saum. Foto: Lars Peters

Dimensjonar på maskinnåler

Storleik
Bruksområde
Tjukkleik på tråden
70
Tynne og lette tekstilar som på dunjakker, tynn teltduk, vindjakker og liknande
Tynn tråd / vanleg tråd
80
Vanleg bomull og ull
Tynn tråd / vanleg tråd
90
Medium tjukke stoff, bomulls- og polyesterblandingar og så vidare (den mest allsidige nåla)
Vanleg tråd
100 – 110 – 120
Tyngre tekstilar og fleire lag med stoff
Tjukk (jeans-)tråd
Storleiken på synåla er inngravert med små tal i nåla eller på eska.
Foto: Lars Peters
Storleiken på synåla er inngravert med små tal i nåla eller på eska. Foto: Lars Peters

Sytråd

Det finst mange ulike typar fibrar – naturlege og kunstige. Kunstige fibrar er dei sterkaste om du tenkjer på sytråd i same gram per meter. Det betyr ikkje at naturleg tråd ikkje er brukbar, men at du ofte må litt opp i tjukkleik for å få same styrke på tråden.

‣
Bomull
‣
Ull
‣
Polyester
‣
Nylon

Les meir om ulike fibrar: 🐑Materialvalg .

Trådspenning

På alle symaskiner kan du stille inn spenninga på overtråden. Trådspenninga regulerer kor mykje tråd som blir brukt på kvart sting. Ved høg trådspenning vil saumen vere strammare: Du får mindre sytråd per sting. Er spenninga låg, er saumen lausare, fordi vi får meir tråd per sting.

Justeringshjul for trådspenning. 
Foto: Lars Peters
Justeringshjul for trådspenning. Foto: Lars Peters

Trådspenninga må stillast inn etter tjukkleiken på sytråden du har valt å sy med, og stoffet du syr på.

Stretch, netting og tynne stoff: Ser du at stoffet rynkar, eller at det er laus tråd på oppsida eller nedsida av stoffet: Slakk eller stram litt på trådspenninga og hald fram på saumen. Dersom det ikkje hjelper: Sjekk om du har trædd sytråden rett gjennom symaskina, både under- og overtråden.

Filmsnutt som viser korleis saumen ser ut ved feil trådspenning, og kva som er løysinga. Film: se mn Sewing machines, 2022, https://www.youtube.com/watch?v=DceMZGHrXMU
‣
Indikasjon på rett overtråd på saumen:
‣
Indikasjon på for stram overtråd på saumen:
‣
Indikasjon på for slakk overtråd på saumen:

Reparasjonar med symaskin eller for hand

Sy hull og rifter Sy hull og rifter
👕
Sy hull og rifter
Rift i myggnettingRift i myggnetting
⛺
Rift i myggnetting
Bytte frontglidelåsen på jakkerBytte frontglidelåsen på jakker
🧥
Bytte frontglidelåsen på jakker
Sy fast en løs glidelåsspiralSy fast en løs glidelåsspiral
🧵
Sy fast en løs glidelåsspiral
Rift i skrittet på buksenRift i skrittet på buksen
👖
Rift i skrittet på buksen
Sy igjen en søm som har røketSy igjen en søm som har røket
🧵
Sy igjen en søm som har røket
🖇️
Dette er ein del av temaet 🧵Reparasjon og vedlikehald (nynorsk)

Artiklar i temaet

🔧Reparasjon på tur (nynorsk)

🎗️Reparasjon etter tur (nynorsk)

🪡Reparasjon etter tur – saum (nynorsk)

Meir om temaet

📔Oversikt over alle reparasjoner

Vedlikehald av turutstyr (nynorsk)Vedlikehald av turutstyr (nynorsk)

⬇️Meir om reparasjon og vedlikehald (nynorsk)

Tekst:

  • Lars Peters, Snuitide (2022)
Logo

Nynorsk

Om snuitide

Kontakt oss på hei@snuitide.no