Logo

Nynorsk

Om snuitide

Kontakt oss på hei@snuitide.no

Snu i tide
Snu i tide
/
📚
Innhald – nynorsk
/
⚒️
Utstyr og reiskapar (nynorsk)
/
🗞️
Liggjeunderlag (nynorsk)
Liggjeunderlag (nynorsk)
🗞️

Liggjeunderlag (nynorsk)

Innhald

  • Isoleringsevne
  • Skumunderlag
  • Sjølvoppblåsbare
  • Oppblåsbare
  • Reinskinn

Isoleringsevne

Tenk gjennom kva du treng liggjeunderlaget til, før du kjøper.

💡
Skal du ha berre eitt liggjeunderlag, er det enkelt: Vel eit skumunderlag. Skumunderlag toler det meste, er billige og kan brukast overalt.

Eit varmt liggjeunderlag er viktigare enn ein veldig varm sovepose. Årsaka er at liggjeunderlaget tek opp langt meir kulde frå bakken enn det soveposen kan gjere frå lufta. Soveposen har ingen effekt der du ligg på han, sidan isolasjonen blir klemd flatt. All varme under deg må altså komme frå isoleringa i liggjeunderlaget.

Kvaliteten til liggjeunderlaga handlar først og fremst om isoleringsevna – som altså fortel noko om evna liggjeunderlaget har til å halde deg varm. Isoleringsevna blir oppgitt i ein R-verdi. Her er ein tabell som viser R-verdiar overført til kva temperaturar dei fungerer i:

image

På kalde vinterturar kan det lønne seg å kombinere fleire liggjeunderlag. Då kan du enkelt leggje saman R-verdiane for å få rett verdi. To underlag på 1,5 får altså ein R-verdi på 3, som fungerer på rundt 3–4 minusgrader.

Det finst hovudsakleg tre typar liggjeunderlag: skumunderlag, sjølvoppblåsbare og oppblåsbare.

Det går òg an å bruke reinsdyrskinn som liggjeunderlag.

Skumunderlag

Om du berre skal ha eitt underlag, er dette typen du skal ha. Skumunderlag toler mykje og er billige og lette å reingjere. Det finst ein del ulike variantar, både heilt flate og underlag med former, som gir meir isolasjonsevne. Fordelen med skumunderlag er at dei ikkje kan punktere, og at dei toler å få ein god del skadar utan å miste isoleringsevne. Skumunderlaga fungerer fint under alle forhold, men kan bli litt i snauaste laget når det blir kaldt. Då må du kombinere fleire.

To ulike liggjeunderlag av skumtypen.
Foto: Bjørn Henrik Stavdal Johansen
To ulike liggjeunderlag av skumtypen. Foto: Bjørn Henrik Stavdal Johansen
Skumunderlag veg ikkje så mykje, men tek over dobbelt så stor plass som dei nye oppblåsbare liggjeunderlaga.
Foto: Ola Njå Bertelsen, Snuitide
Skumunderlag veg ikkje så mykje, men tek over dobbelt så stor plass som dei nye oppblåsbare liggjeunderlaga. Foto: Ola Njå Bertelsen, Snuitide

Sjølvoppblåsbare

Desse liggjeunderlaga har ein ventil som gjer at dei kan ekspandere og blåse seg opp sjølve. Dei har ofte ein låg pris, men er typisk ganske tunge i forhold til isoleringsverdien.

Oppblåsbare

Oppblåsbart liggjeunderlag.
Foto: Ola Njå Bertelsen, Snuitide
Oppblåsbart liggjeunderlag. Foto: Ola Njå Bertelsen, Snuitide

Oppblåsbare underlag er underlag som du blæs opp anten med ei integrert pumpe eller med ein pumpepose. Dei kjem i ei rekkje ulike variantar, med og utan isolasjon. Isolerte variantar av desse er dei varmaste liggjeunderlaga du kan finne, men òg dei dyraste.

Ulempa med alle variantar av luftfylte underlag er at dei kan punktere. Derfor bør vi alltid ha eit skumunderlag i bakhand. Fordelen er betre sovekomfort og gode isoleringsevner.

Eit oppblåsbart liggjeunderlag er varmt og godt på kalde vinternetter. Eit skumunderlag gir ekstra isolasjon på golvet.
Eit oppblåsbart liggjeunderlag er varmt og godt på kalde vinternetter. Eit skumunderlag gir ekstra isolasjon på golvet.
Det finst ei rekkje ulike typar oppblåsbare liggjeunderlag.
Foto: Ola Njå Bertelsen, Snuitide
Det finst ei rekkje ulike typar oppblåsbare liggjeunderlag. Foto: Ola Njå Bertelsen, Snuitide

Reinskinn

Reinskinn er eit naturprodukt med god isoleringsevne. Dette kjem av dei hòle, stive håra til reinsdyret, som gjer at isoleringsevna til pelsen blir halden oppe. Dei har ein R-verdi på rundt 4 og har god breidd. Dei er som regel litt korte i lengda, så dei fungerer best som eit supplement til eit skumunderlag. Reinskinn er eit godt val om vi skal sove i gapahuk framfor bål vinterstid. Dei mest haldbare reinskinna til utebruk er skinn som berre er tørka. Ulempa med desse er at dei gjerne luktar meir av dyr. Garva skinn luktar ikkje, men slepper håra svært lett og har dermed kort haldbarheit. Tørka reinskinn er ikkje spesielt tunge, men dei er store og upraktiske i pakkstorleik. Dermed passar dei best på pulken vinterstid.

🖇️
Tilbake til 😴Overnatting (nynorsk)
🖇️
Dette er ein del av temaet ⚒️Utstyr og reiskapar (nynorsk)

Diverse turutstyr

🎒Sekk (nynorsk)

🥾Sko (nynorsk)

🛌Sovepose (nynorsk)

🗞️Liggjeunderlag (nynorsk)

🪵Varmekjelder til matlaging (nynorsk)

🪓Turverktøy (nynorsk)

🎿Skiutstyr og truger (nynorsk)

Meir om turutstyr

Innhald i sekken (nynorsk)Innhald i sekken (nynorsk)

📔Låne, leige eller kjøpe brukt (nynorsk)

🧵Reparasjon og vedlikehald (nynorsk)

Tekst

Bjørn Henrik Stavdal Johansen og Gina Wigestrand, Snuitide (2021)

‣
Kjelder