Snu i tide
Snu i tide
Sekk (nynorsk)
🎒

Sekk (nynorsk)

Innhald

  • Kva bĂžr du tenkje pĂ„ nĂ„r du skal velje sekk?
  • Pakkrammesekker og anatomiske sekker
  • Pakkrammesekker
  • Anatomiske sekker
  • Dagstursekk (ca. 30–50 liter)
  • Vandresekk (ca. 50–80 liter)
  • Langtursekk (ca. 80–130 liter)
Pakking av sekk. Film: Jarle Sten Olsen, 2020, NDLA (CC-BY-SA)

Kva bÞr du tenkje pÄ nÄr du skal velje sekk?

FÞrst og fremst er det viktig Ä tenkje pÄ tre ting:

  • Sekken mĂ„ passe deg.
  • Beresystemet mĂ„ kunne tilpassast kroppen din og tole vekta du skal bere.
  • Storleiken pĂ„ sekken skal passe lengda pĂ„ turen og mengda bagasje.

Same kva slags sekk du treng, sĂ„ er det viktig Ă„ finne ein sekk som passar akkurat deg og dine behov! Det er med tursekker som det er med sko – dei mĂ„ passe til personen dei skal sitje pĂ„. PrĂžv derfor alltid sekken pĂ„ i butikken med vekt oppi fĂžr du kjĂžper.

Pakkrammesekker og anatomiske sekker

Det finst to typar sekker pÄ marknaden: pakkrammesekker og anatomiske sekker.

Hovudforskjellen er at pakkrammesekker har eit kraftig beresystem i metall og toler mykje vekt, medan anatomiske sekker er lettare og har fleire justeringsmoglegheiter.

Pakkrammesekker

Pakkrammesekker er oftast anten store og tunge sekker som rommar 70–150 liter og veg 4–5 kg i eigenvekt, eller mindre jaktsekker med ei integrert stollĂžysing. Du kan som regel fjerne sekkeposen og bruke berre beresystemet og ramma for Ă„ bere uhandterlege ting som felte dyr, ved eller vasskanner, og sekkene toler ofte ei vektbelastning pĂ„ godt over 35 kg.

Anatomiske sekker

Denne typen sekker har fleire justeringsmoglegheiter, er lettare og sit betre pĂ„ ryggen enn pakkrammesekker, men dei krev meir gjennomtenkt pakking (vektfordeling) og er generelt klammare pĂ„ ryggen. Dei har gjerne ei integrert ramme i lettmetall eller plast i form av skjener eller plater, og dei stĂžrste sekkene, 70–120 liter og 2–4 kg, klarer stort sett 25–35 kg utan for mykje ubehag for brukaren. Det finst svĂŠrt spesialiserte modellar frĂ„ mange produsentar pĂ„ marknaden, og det er store variasjonar i alt frĂ„ skumkvalitetar i beresystemet og justeringsmoglegheiter av brystreimar til vasstettleik og glidelĂ„stypar. Fleire produsentar kjem med eigne damemodellar, med kortare ryggstykke, skulderstroppar som er festa smalare Ăžvst og gĂ„r tidlegare ut til sidene, og hoftebelte tilpassa ei breiare hofte.

For Ä tilpasse sekken losnar du fÞrst alle stroppar. Med sekken pÄ ryggen festar du hoftebeltet i rett posisjon, omtrent pÄ hoftekammen. Juster skulderstroppane opp eller ned, og stram dei slik at dei fÞlgjer bogen til skuldra og belastar jamt pÄ oversida og framsida av skuldrene. Stram toppstrammarane, og eventuelt sidestrammarane pÄ hoftebeltet, for Ä dra sekkeposen nÊrmare kroppen og gi auka stabilitet. Dersom sekken ikkje er full, bÞr han ha tilstrekkeleg med kompresjonsreimar i sidene for Ä trekkje vekta nÊrmare ryggen.

Dagstursekk (ca. 30–50 liter)

Dagsturar kan vere alt frÄ ein rusletur i nabolaget til ein luftig topptur i Jotunheimen. Denne variasjonen gjer at ein dagstursekk ideelt sett bÞr vere allsidig nok til Ä passe ei rekkje ulike aktivitetar.

Dagstursekk. Film: BjĂžrn Henrik Stavdal Johansen, Naturveilederen

Storleik

Ein god dagstursekk bĂžr ideelt liggje pĂ„ rundt 30–50 liter. Det er betre med ein sekk som kan brukast til ulike aktivitetar, enn Ă„ ha Ă©in sekk for kvar aktivitet.

Dagstursekken bĂžr fungere like godt til fjellturar som til fisketurar i skogen.
Foto: BjĂžrn Henrik Stavdal Johansen
Dagstursekken bĂžr fungere like godt til fjellturar som til fisketurar i skogen. Foto: BjĂžrn Henrik Stavdal Johansen
PĂ„ ein god dagstursekk er det mogleg Ă„ feste utstyr pĂ„ utsida og under loket – i tillegg til at det er tilstrekkeleg plass i hovudrommet.
Foto: BjĂžrn Henrik Stavdal Johansen
PĂ„ ein god dagstursekk er det mogleg Ă„ feste utstyr pĂ„ utsida og under loket – i tillegg til at det er tilstrekkeleg plass i hovudrommet. Foto: BjĂžrn Henrik Stavdal Johansen

Komprimering og utviding

Sidan dagstursekken er ein sekk du bruker i mange ulike situasjonar, vil du oppleve at han ikkje alltid blir fylt opp. Det kan innebere at sekken heng som ei slapp lefse pĂ„ ryggen. Skal du unngĂ„ dette, mĂ„ sekken ha gode komprimeringsmoglegheiter, slik at han blir stramma godt opp sjĂžlv om han har lite innhald. Andre gonger merkar du gjerne at sekken blir fylt til randa. For Ă„ fĂ„ med deg det du treng i desse tilfella, er det svĂŠrt nyttig med eit lok som kan hevast – altsĂ„ at loket ikkje er sydd fast i sekken, men festa med reimar som kan slakkast i alle kantar. Dette gjer dagstursekken sĂ„pass anvendeleg at han ĂČg kan brukast pĂ„ hytte-til-hytte-turar.

Beresystem

SjÞlv ein dagstursekk vil kjennast tung pÄ lange turar pÄ fjell og vidde. Derfor er det viktig med eit godt beresystem. Godt polstra skulderreimar og eit kraftig hoftebelte, med gode justeringsmoglegheiter, utgjer forskjellen pÄ ein vond og ein god dagstursekk.

Andre detaljar

Ytre lommer og moglegheiter til Ä feste utstyr er viktig pÄ ein allsidig dagstursekk. SjÄ etter feste for ishakke, stavar eller fiskestong og lommer med plass til regnklede og vassflaske.

Vandresekk (ca. 50–80 liter)

Dette er sekkene dei fleste vil greie seg med.

Med vandresekker meiner vi stÞrre sekker for overnattingsturar pÄ opptil ei veke i sommarhalvÄret. Ein vandresekk mÄ romme grunnutrustinga for overnatting, i tillegg til mat og eventuell brensel. NÄr sekken rommar meir, aukar krava til berekomfort.

Vandresekk. Film: BjĂžrn Henrik Stavdal Johansen, Naturveilederen

Storleik

Denne sekken mĂ„ romme grunnutrustinga for overnatting, i tillegg til mat og eventuell brensel. Sekken bĂžr romme 60–80 liter. Ofte ser vi at damesekkene er mindre enn herresekkene – sjĂžlv om kvinner gjennomsnittleg treng varmare sovepose og klede enn menn, noko som aukar volumet i oppakninga drastisk.

70- og 75-liters sekker pakka for ei veke i Femundsmarka.
Foto: BjĂžrn Henrik Stavdal Johansen
70- og 75-liters sekker pakka for ei veke i Femundsmarka. Foto: BjĂžrn Henrik Stavdal Johansen
Vandresekk pÄ 75 liter pakka for ei langhelg i hÞgfjellet. 
Foto: BjĂžrn Henrik Stavdal Johansen
Vandresekk pÄ 75 liter pakka for ei langhelg i hÞgfjellet. Foto: BjÞrn Henrik Stavdal Johansen

Komprimering og utviding

OgsĂ„ her er komprimeringsmoglegheiter viktig. Variasjonen i oppakninga i desse sekkene dreier seg som regel om forbruksvarer som mat og brensel. PĂ„ ein veketur vil dette ta mindre og mindre plass. Dermed treng vi Ă„ kunne komprimere sekken for Ă„ fĂ„ oppakninga tettast mogleg mot ryggen. Eit lok som kan hevast, er ĂČg viktig pĂ„ vandresekkene. Under loket har vi gjerne liggjeunderlag og/eller telt.

Beresystem

NÄr vekta pÄ sekken aukar, trengst eit betre beresystem. Skulderreim og hoftebelte skal vere godt polstra og vere lette Ä stille inn. Det er eit pluss om rygglengda og breidda mellom skulderreimane kan stillast inn. Sekken bÞr vere avstiva i ryggen for Ä gi auka stÞtte.

Andre detaljar

StĂžrre ytre lommer pĂ„ sider, front og topplok er spesielt praktisk. Du vil gjerne kunne fikse lunsjmat, kle pĂ„ deg ei tĂžrr trĂžye og regntĂžy eller fylle vassflaska utan Ă„ mĂ„tte hente noko i hovudrommet pĂ„ sekken. Det bĂžr ĂČg vere mogleg Ă„ feste gjenstandar som ikkje fĂ„r plass i sekken, t.d. ei fiskestong.

Langtursekk (ca. 80–130 liter)

Storsekk. Film: BjĂžrn Henrik Stavdal Johansen, Naturveilederen

PÄ lengre turar der du ikkje kan skaffe ny proviant pÄ vegen, mÄ sekken romme meir. Desse store sekkene fÄr ei hÞgare eigenvekt pÄ grunn av storleiken og det kraftigare beresystemet.

Storleik

PĂ„ turar som gĂ„r over meir enn ei veke, er det sekker pĂ„ 80–130 liter som blir aktuelle.

Beresystem

I denne storleiksklassen finst det to typar beresystem: anatomisk og pakkramme. Dei anatomiske sekkene er sekker som fÞlgjer rÞrslene til kroppen. Dette er meir behageleg pÄ lettare sekker, men du vil oppleve det som tyngre Ä bere nÄr sekken blir skikkeleg tung. Alternativet er pakkrammesekker. Dette er sekker som er heilt avstiva av ei metallramme (beremeis). Pakkrammesekkene har hÞg eigenvekt, men er til gjengjeld langt meir stabile Ä bere. Dei eignar seg spesielt godt for svÊrt tunge bÞrer. SjÞlve sekkeposen kan som regel takast av for Ä bere vilt, vassdunkar eller anna.

110-liters anatomisk ryggsekk.
Foto: BjĂžrn Henrik Stavdal Johansen
110-liters anatomisk ryggsekk. Foto: BjĂžrn Henrik Stavdal Johansen

For begge beresystema gjeld dei same krava om spesielt kraftige og polstra skulderreimar og hoftebelte.

Andre detaljar

PÄ desse sekkene er det svÊrt praktisk Ä kunne gjere om loket eller sidelommene til dagstursekker. Dette gir stÞrre fleksibilitet nÄr ein ligg i camp og Þnskjer Ä ta dagsturar derfrÄ.

Med 110-liters anatomisk langtursekk pÄ ein trevekers tur i Finnmark. 
Foto: BjĂžrn Henrik Stavdal Johansen
Med 110-liters anatomisk langtursekk pÄ ein trevekers tur i Finnmark. Foto: BjÞrn Henrik Stavdal Johansen
đŸ–‡ïž
Dette er ein del av temaet ⚒Utstyr og reiskapar (nynorsk)

Diverse turutstyr

🎒Sekk (nynorsk)

đŸ„ŸSko (nynorsk)

🛌Sovepose (nynorsk)

đŸ—žïžLiggjeunderlag (nynorsk)

đŸȘ”Varmekjelder til matlaging (nynorsk)

đŸȘ“TurverktĂžy (nynorsk)

🎿Skiutstyr og truger (nynorsk)

Meir om turutstyr

Innhald i sekken (nynorsk)Innhald i sekken (nynorsk)

📔LĂ„ne, leige eller kjĂžpe brukt (nynorsk)

đŸ§”Reparasjon og vedlikehald (nynorsk)

Tekst og bilete: BjĂžrn Henrik Stavdal Johansen, Snuitide (2022)

Logo

Nynorsk

Om snuitide

Kontakt oss pÄ hei@snuitide.no