Skal du på tur og manglar utstyret du treng? Er ikkje sekken din stor nok til å få med alt til teltturen, eller lurer du på kva slags brennar du bør ha med deg for å lage mat?
Nesten alt utstyr du treng, kan du låne, leige eller få kjøpt brukt. Utstyr du bruker sjeldan, er det meir berekraftig å leige enn å eige.
Kort om utstyr
- Lån, leig eller kjøp brukt.
- Vel utstyr som passar ditt behov.
- Prøv utstyret før bruk og sjekk at det passar deg.
- Vel sekk etter kva slags tur du skal på.
- Jo kortare tur, dess mindre sekk kan du ha.
- Vel sko som gir god støtte.
- Kniv og multiverktøy er lurt å ha på tur.
- Viss du skal brenne bål, kan sag og øks òg vere kjekt.
- Skia bør vere litt lengre enn deg sjølv og ha stålkantar.
- Hugs fellar.
- Jo større trugene er, dess betre ber dei deg.
Kva treng du?
Du treng ikkje dyrt utstyr for å få gode opplevingar på tur. Forbruket i Noreg av klede og utstyr til friluftsliv er ikkje berekraftig (Andersen og Skumsvoll, 2019). Dessutan er nytt og moteriktig ikkje ein garanti for god funksjonalitet og lang haldbarheit.
Noko utstyr kan det likevel vere greitt å kjøpe om du skal gå mykje på tur.
- Tenk igjennom kva du har behov for.
- Skal du på mange turar over fleire dagar, treng du ein større sekk.
- Viss du stort sett går dagsturar, kan du heller låne ein storsekk om du treng det på tur ein gong iblant.
- Skal du sove mykje ute, treng du liggjeunderlag og sovepose.
- Kan eg låne utstyr av nokon?
- Lån utstyr og sjå kva som passar deg, før du kjøper.
- Kan eg kjøpe brukt?
- Har utstyret god kvalitet, slik at det held lenge?
Startpakke for å gå tur
- gode sko – helst vasstette
- ein sekk som er god å bere
- vasstett jakke og bukse
I tillegg bør ulltøy og tryggingsutstyr som førstehjelpsskrin, liggjeunderlag og vindsekk vere med sjølv på korte turar.
Gå gjennom Pakkelister (nynorsk) for å lese meir om kva du bør pakke med deg på tur.
Oppgåver
Oppgåver om utstyr og reiskaparDiverse turutstyr
Varmekjelder til matlaging (nynorsk)
Meir om turutstyr
Tekst: Bjørn Henrik Stavdal Johansen og Gina Wigestrand, Snuitide (2022)