Kva du treng å ha med deg på tur, kjem an på kva tur du skal på. Ei pakkeliste gjer pakkinga enklare og kjappare, fordi alt du treng på turen, er lista opp. Med ei pakkeliste kan du òg lett sjå om du har alt utstyret du treng for turen du skal på.
Forslag til konkretisering av kompetansemål er skrevet av Gina Wigestrand, redaktør av Snuitide. Dette er ment som en hjelp til å tydeliggjøre hva kompetansemålene rommer innen de ulike temaene. Lærere står fritt til å bruke disse eller lage sine egne.
Pakkelister til ulike turar
Meir om innhald i sekken
Tenk over før du pakkar
- Kva type tur skal eg på, og kva utstyr krev turen?
- Kva utstyr er heilt nødvendig å ha med (tenk tryggleik)?
- Kva kan eg droppe å ta med (eller ta med ekstra om det ikkje er så langt å gå)?
Slik pakkar du sekken
- Dei tyngste tinga bør alltid pakkast tettast mogleg inntil ryggen.
- Døme er mat og matlagingsutstyr.
- Pakk ting du ikkje treng før du er framme, i botnen av sekken.
- Fordel vekta jamt i begge sider av sekken.
- Legg det du har bruk for i løpet av dagen, i toppen av sekken, sidelommer og topplok:
- kart og kompass, kniv, hovudlykt i topploket
- niste, vatn og termos i sidelommer eller i toppen av sekken
- ekstra klede og førstehjelp i toppen av sekken
- Pakk vasstett!
- Bruk gjerne ein stor søppelsekk i heile sekken og fleire små posar oppi.
- Det er lettare å halde orden om du bruker fleire mindre posar, med faste fargar og fast innhald.
- Du kan kjøpe vasstette pakkeposar, men vanlege plastposar fungerer like bra så lenge dei er heile.
- Pass alltid på å ikkje pakke mat og brennstoff i nærleiken av kvarandre.
Grunnutrusting – dette skal alltid vere med i sekken
Grunnutrustinga er den delen av oppakninga som er lik anten du skal vere ute ei helg eller ei veke. Dette er altså utstyr du bruker på turar generelt, og som ikkje varierer, til forskjell frå forbruksmateriell som mat og drivstoff. Med andre ord kan grunnutrustinga i prinsippet alltid liggje klar i sekken, for rask og effektiv pakking.
Overnattingsturar
Grunnutrustinga består av sekk, soveutstyr, kjøkkenutstyr, klede, hygieneutstyr og tryggingsutstyr. Lista for vinter og sommar er i utgangspunktet lik, men vi må skifte ut soveutstyr og klede etter årstida.
- Vandresekk
- Soveutstyr
- Klede
- Kjøkkenutstyr
- Hygieneutstyr
- Tryggingsutstyr
- Kompasset skal alltid vere med (sjølvsagt òg kart, men sidan kartet varierer avhengig av kvar du er, blir ikkje det rekna som grunnutrusting).
- Hovudlykt er viktig å ha for å kunne orientere seg i mørkeret.
- Kniven skal alltid liggje i sekken! Han er eit allsidig verktøy vi ofte treng!
- Førstehjelpsutstyr og reparasjonssett (minimum ein enkeltmannspakke, sportstape, støttebandasje, nål og tråd, smertestillande, sårsalve og nokre plaster). Med dette kan du hjelpe deg gjennom det meste du skulle komme ut for av uhell på deg sjølv eller utstyret ditt.
- Tilleggsutstyr vinter
Sekken er kanskje det første og viktigaste utstyret ein skaffar seg til friluftslivet. Utan denne kjem ein ikkje langt!
Meir om val av tursekk finn du her:
Skal du overnatte ute, treng du utstyr for dette. Eit typisk sett med soveutstyr består av telt/tarp, sovepose og liggjeunderlag.
Les meir om
På overnattingsturar er det lurt å venne seg til å alltid ha eit tørt skift med ullundertøy (over- og underdel), sokkar og eit varmande mellomlag (boblejakke eller ullgenser). Eit lett og pakkbart sett med regntøy er òg lurt å ha tilgjengeleg.
Les meir om
Det er viktig å kunne lage mat på tur. Her er det likevel stor variasjon i kva folk føretrekkjer. Om vekta på sekken er viktig, greier du deg med fyrtøy, brennar, ein kjele, ein kniv, ei flaske og ei skei.
Les meir om
Å oppretthalde god hygiene på tur er viktig. I sekken bør du alltid ha tannkost, ei miljøvennleg alt-mogleg-såpe og antibac.
Les meir om
Tryggingsutstyr omfattar ting som er nødvendige å ha med for å vareta tryggleiken på tur på ulike måtar.
Les meir om
Spade
Ein god og lett turspade kan vere livsviktig å ha med seg i vinterfjellet.
Skredsøkjar (viss du går i skredfarleg terreng)
Viss uhellet er ute og turkompisen din blir teken av skred, er det lurt å kunne gå raskt i gang med søk.
Termos
På vinterturar er det veldig lurt å ha med seg varmt vatn å drikke. Termosen kan derfor erstatte den vanlege vassflaska.
Dagstur
På dagsturar treng du ikkje like mykje utstyr, men noko er lurt å alltid ha med i tilfelle vêret skiftar, tida spring frå deg eller du er uheldig og plumpar. Det meste vi har med av grunnutrusting på dagsturar, er altså tryggingsutstyr.
Ha alltid med dette:
Sjølv på kortare turar, spesielt i fjellet, er det lurt å ta høgd for at noko uventa kan skje. Fjelldukar er vasstette og vindtette posar. Ein fjellduk kan hjelpe deg til å halde deg tørr og varm – sjølv om du skulle komme ut for eit brått vêrskifte som du må vente deg gjennom, eller må ta ei ufrivillig overnatting. Det beste er isolerte variantar.
Ta med nok mat for ein heil dag ute. Hugs å ta med vatn om du skal gå i område der det er vanskeleg å finne vatn. Du kan òg ta med turkjøkken om du vil lage mat undervegs. Les meir om turkjøkken.
Eit sett med tørre, varme klede bør alltid vere i sekken. Sokkar blir ofte våte, og trøyer blir sveitte når du går. Ved pausar (både planlagde og ufrivillige) er det godt å skifte til noko tørt. Eit varmt mellomlag er òg fint å ha. Hugs at vêr og temperaturar svingar mykje i Noreg, sjølv på sommaren!
Les meir om
Sjølv om du ikkje har planlagt å vere lenge ute, bør ei hovudlykt alltid vere på plass i sekken. Plutseleg er kvelden der, og då kan det bli vanskeleg å finne vegen heim i mørkeret!
Ei tørr lue og eit par hanskar er alltid kjekt å ha i sekken.
Ein enkeltmannspakke, støttebandasje, sårsalve, nokre plaster og litt smertestillande bør ha ein fast plass i sekken. Her er forslag til .
Ein kniv eller leatherman bør alltid vere med på tur, sjølv om du ikkje har planlagt å bruke han til noko spesielt. Du veit aldri når du får bruk for han!
Oppgåver
Tekst
- Bjørn Henrik Stavdal Johansen og Gina Wigestrand, Snuitide (2022)
- «Pakkeliste for teltturen»: Gina Wigestrand, Snuitide (2022)
- «Døme på pakkeliste til sommartur»: Den Norske Turistforening (2019)
- «Døme på pakkeliste til vintertur»: Den Norske Turistforening (2019)
- «Innhald i dagstursekk på skitur»: Røde Kors (u.å.), omarbeidd av Gina Wigestrand, Snuitide
Den Norske Turistforening (2018, 23. mars). Dette har du i sekken på toppturen [Videoklipp]. Henta frå https://www.youtube.com/watch?v=Wrjo-uA51WA
Den Norske Turistforening (2021, 21. februar). Pakkeliste for toppturen [Videoklipp]. Henta frå https://vimeo.com/510597380
Den Norske Turistforening (2019) Pakkelister. Henta frå https://www.dnt.no/pakkeliste/
Den Norske Turistforening (2020, 30. juni). Slik pakker du sekken. [Videoklipp]. Henta frå https://www.youtube.com/watch?v=0HNJ9xpJvMk
Den Norske Turistforening (2014, 7. februar). Slik pakker du sekken for vinterturen [Videoklipp]. Henta frå https://www.youtube.com/watch?v=frJFsdasi2E&list=PLsNwAvQ4hxbCuijR-G-LMs6eNkdqU7_VT
Den Norske Turistforening (2020, 28. juni). Pakkeliste for teltturen. [Videoklipp]. Henta frå https://www.youtube.com/watch?v=pV1fuqC-6pM&list=PLsNwAvQ4hxbCuijR-G-LMs6eNkdqU7_VT&index=14
Olsen, J.S. (2020, 24. mars). Pakking av sekk. [Videoklipp]. NDLA. Henta frå https://www.youtube.com/watch?v=in2GtDOnFXE&list=PLLes_I-Ulepbheva6cmNWJR5CEunBnsNr&index=2
Røde Kors (u.å.). Dette bør med på en dagstur i fjellet. Henta frå https://www.rodekors.no/vart-arbeid/beredskap/fjellvett/dette-bor-du-ha-med-pa-paskefjellet/