I sekken
Røde Kors har lista opp kva som må med i sekken på dagsturar i fjellet på vinteren, og kvifor.
Ekstra klede
Korleis skal du halde deg varm dersom noko går gale, lue eller vottar blir våte eller blæs bort, eller du har gått deg sveitt eller plumpa i vatn? Du veit kanskje sjølv best kva som er dei svake punkta ved kleda du har på deg, kva overraskingar vêret kan gi, og kvar du plar bli kald og våt først. Det viktigaste er å tenkje igjennom det, og ta forholdsreglar.
Dersom det blæs opp, eller du må ta ein lang stopp eller ei ufrivillig overnatting utandørs, treng du som eit minimum ei vindtett jakke med hette, ei vindbukse, ei tørr undertrøye, eit tørt sokkeskift og ein varm, tjukk genser eller ei varm jakke. På lengre turar bør du òg vurdere å ha med ein tynn sovepose i tilfelle ufrivillig overnatting eller personskade på turen.
Niste og drikke
Ta med rikeleg, slik at du har til både lunsj og mellommåltid som kan hjelpe deg og turkameratane dine gjennom uventa forseinkingar. I tillegg må de fylle på med drikke undervegs. Ei flaske med lunken drikke og ein termos med varm drikke trengst for ein heil dag ute i fjellet.
Solbriller og solkrem
Mykje av førebuingane til ein tur i fjellet handlar om å ruste seg for uvêr, men det er lurt å førebu seg på godt vêr òg, så unngår du å bli snøblind og solbrend.
Liggje-/sitjeunderlag
Varmetapet er stort om ein sit eller blir liggjande i snø. Eit liggjeunderlag vil avhjelpe om det skulle skje ein skade og ein person må leggjast ned. Det er dessutan alltid godt å ha når nista skal etast.
Kart og kompass
Ikkje alle stader har mobildekning. Ha alltid med kart og kompass, sjølv om du er godt kjend i turområdet. Bruk gjerne elektroniske hjelpemiddel som fortel deg kvar du er, og kvar du ferdast, men ver obs på faren for dårleg dekning og for låg batterikapasitet ved kaldt vêr.
Har du med og kan bruke kart og kompass, er det lett å halde kontroll på kvar du er, og kvar du skal gå. Oppbevar kartet i ei kartmappe, gjerne saman med blyant og papir.
Førstehjelpsutstyr
Dei vanlegaste skadane i påska er brot og forstuingar, sår og kutt. Ta derfor med førstehjelpsutstyr.
Prioriter å ta med førstehjelpsutstyr som kan dekkje fleire ulike behov (har ein multifunksjon). Ikkje gløym å førebyggje gnagsår med rett fottøy. Gnagsårplaster kan leggjast på før turen.
Vindsekk
Ein vindsekk er ein vindtett sekk som har ei opning i den eine kortsida, og som gjerne har plass til at to–tre personar kan sitje inni han og vere verna mot vêr og vind. I tillegg til å sitje inni sekken og ete lunsj kan du ha sekken over deg viss du skal skifte til tørt tøy eller gå på do. Vindsekken eignar seg òg til å lage levegg av, og han kan brukast som skisegl.
Dersom de er skikkeleg uheldige og nokon skader seg, kan den skadde liggje i vindsekken medan de ventar på hjelp, eller under transport. Ver obs på nedkjøling, pakk den skadde godt inn med varme klede, og legg hen på eit isolerande underlag.
Hovudlykt
Ei god hovudlykt hjelper deg ikkje berre å sjå i mørkeret. Minst like viktig er det at ho kan hjelpe deg til å bli sett. Om vinteren er dagane korte, og mørkeret kjem ofte fort. Litt forseinkingar, og du må leggje bak seg dei siste nedkøyringane i stummande mørker.
Lighter/fyrstikker og stearinlys (eit krav dersom overnatting)
Ikkje undervurder verdien av å kunne fyre opp eit bål dersom du er nede i eit skogbelte, både for hygge og av nødvendigheit. Pakk fyrtøyet vasstett, og ikkje regn med at nokon andre har hugsa å ta det med. Det kan vere krevjande å fyre opp bål om vinteren, så bruk høvet til å øve når du er ute.
Stearinlys kan hjelpe deg til å få fyr på bålet under krevjande forhold, men er òg ei fantastisk lyskjelde i ei snøgrop eller snøhòle. Så sparer du batteria i hovudlykta. Stearinlys gir òg ein god indikator på oksygennivået i ei snøhòle om du må overnatte.
Kniv eller multiverktøy
Ein god kniv eller eit solid multiverktøy har uendeleg mange bruksområde, anten du skal lage lunsj, reparere øydelagde skibindingar og utstyr eller utføre førstehjelp. Bruk ei god slire eller eit etui for å unngå uhell og halde kniven rein og uskadd.
Ekstra tryggingsutstyr for topptur
Dersom du skal på topptur og bevege deg i eller i nærleiken av skredfarleg terreng, må du ha med ekstrautstyr som spade, søkjestong og skredsøkjar.
Spade
Ein spade kan alltid vere nyttig. Han kan brukast til alt frå å lage skihopp, sitjeplass og leveggar, til å grave ei snøhòle eller kantgrop i nødsfall. Ein spade er ein del av grunnutrustinga som alltid bør vere med når du skal på tur i fjellet om vinteren.
Søkjestong
Ei søkjestong er alfa og omega dersom nokon skulle bli tekne i skred. Ho kan òg brukast for å sjekke snødjupna der de planlegg å grave ei snøgrop/-hòle. I tillegg kan du bruke søkjestonga til å finne vatn.
Skredsøkjar (sendar/mottakar)
Skal du ferdast i bratt terreng, eller i område der du er nøydd til å passere bratt terreng, er ein sendar/mottakar nødvendig i tilfelle det verst tenkjelege skulle skje. Han sender signal slik at dei som er over snøen, kan ta imot om dei sjølve har ein sendar/mottakar, og raskt kan setje i gang søk etter den skredtekne. Sendarane/mottakarane er forholdsvis enkle å bruke og forstå, men det krev mykje trening å sikre nøyaktig bruk.
Kjekt å ha
Nylontau/-band
Nokre meter med solid nylontau eller -band har òg tallause bruksområde. Til dømes kan du reparere øydelagt utstyr, knyte opp vindsekken til ein levegg og lage ein improvisert skikjelke.
Nødladar og ekstra batteri
Dersom du har med deg telefonen på tur, og kanskje òg GPS, må du ta høgd for at batteria blir svekte i kulda og blir lada ut over tid. Ikkje belag deg på at dette utstyret skal fungere til kvar tid. Lær deg å bruke kart og kompass, og la GPS-en vere eit supplement. Ikkje basar deg eine og åleine på avtalar som føreset at de ringjer kvarandre. Det kan vere at det ikkje er dekning der du er, eller at du er tom for straum.
Tips!
Har du ikkje eige utstyr, så sjekk om det finst ein organisasjon i nærleiken som låner eller leiger ut utstyr. Det kan til dømes vere lokale turlag, sportsbutikkar eller stader som driv med skiutleige. Ta òg ein kikk på marknadsplassar som finn.no for å sjå om nokon sel lett brukt utstyr rimeleg.
Pakkelister til ulike turar
Pakkeliste for teltturen (nynorsk)
Døme på pakkeliste til sommartur (nynorsk)
Døme på pakkeliste til vintertur (nynorsk)
Innhald i dagstursekk på skitur (nynorsk)
Meir om temaet
Tekst
Røde Kors (u.å.), omarbeidd av Gina Wigestrand, Snuitide