Dette bør vere med på tur
Sommar
For sommarturar frå hytte til hytte held det gjerne med 40–50 liter sekkevolum, eller 60–70 liter dersom du må ha med all mat (ubetente hytter) eller meir utstyr (bre- og klatreturar og overnatting ute). Vinterstid trengst òg ofte litt meir plass enn sommarstid, med varmare sovepose og meir voluminøse plagg.
Ver merksam på at oppgitt volum frå produsentar kan avvike frå opplevd volum, ettersom europeiske produsentar oftast måler alle lommer totalt i liter vatn, medan nord-amerikanske produsentar måler talet på kubikktommar med utstyr i hovudrom og topplok.
Same kor stor sekk du endar opp med, er det fort gjort å fylle han opp med utstyr og klede som det er «greitt å ha med», anten du skal på ein helgetur eller ein veketur. Tenk på det når du kjøper sekk.
Klede
må du ha med deg. Les om Påkledning (nynorsk).
Lakenpose
er standard utrusting på hytte-til-hytte-turar, men turleiaren bør byte ut lakenposen med ein lett sovepose (dunpose 500–1000 g, syntetpose 1000–1500 g) av tryggingsomsyn. Om nokon blir skadde undervegs, er ei av dei store utfordringane å halde pasienten varm, og ein sovepose med liggjeunderlag bidreg i stor grad til dette.
Liggjeunderlaget
er eit av dei viktigaste hjelpemidla for å halde varmen ved ufrivillige overnattingar ute og er uunnverleg ved frakt av skadde personar – saman med vindsekken. Oppblåsbare underlag er behagelege, men dei punkterer ved kontakt med skarpe gjenstandar. Dessutan tek det ofte tid å blåse dei opp, og det vil du helst unngå i ein nødssituasjon.
Vi tilrår eit vanleg skumunderlag av tryggingsomsyn.
Vindsekken
er ein vindtett pose av tynt nylonmateriale som gjerne rommar 2–3 personar i ein nødssituasjon – eller i ein lunsjpause. Han er oftast vasstett på den eine sida og vindtett og pustande på den andre sida, og fungerer òg som yttertrekk for 1–2 soveposar ved utandørs overnatting.
Drikke og niste
er viktig på tur. Sjølv om du skal bu på hytter der du kan ta ut mat, bør du alltid ha litt ekstra mat i sekken. Sommarstid kan det vere praktisk med eit drikkesystem i sekken eller under topploket, men vinterstid vil dette ofte fryse til is. Då er det betre med plastflasker med vid opning, og gjerne eit isolerande yttertrekk (ullsokk, aluminiumsfolie eller neopren).
På sommarstid, i område med god tilgang på vatn, kan det vere nok å ta med seg ein kopp, og drikke kvar gong du kjem til ein bekk.
Hugs også nødproviant som er energirik, til dømes sjokolade, nøtter og tørka frukt. Mengda må tilpassast turtypen og -lengda.
Les meir om Mat (nynorsk).
Termosen
er ofte tung, men er verd vekta si i gull når det er iskaldt og du tek ein lunsjstopp med tørrmat eller toddy. Gode termosar held innhaldet varmt heile dagen, og det er gjerne framleis ein lunk på innhaldet etter 18–24 timar.
Kart og kompass
må alltid vere med. Det er ein fordel med ei vasstett kartmappe, gjerne gjennomsiktig på begge sider, slik at du kan sjå heile dagsetappen utan å måtte ta kartet ut av mappa. Eit spegelkompass vernar kompasskiva betre enn eit platekompass og er betre til krysspeiling. Dessutan er ein spegel praktisk å ha. Det kan òg vere lurt å ha med seg ein blyant og ei notisblokk for å notere koordinatar eller teikne inn kompasskursar og avstandar før du forlèt hytta eller teltet om morgonen.
Hovudlykt
bør du alltid ha med deg i sekken. Du treng lykt til alt frå å gå på do om kvelden eller natta, via å finne fram på stien når det byrjar å bli mørkt, til å signalisere med dersom du treng hjelp. Det er berre i dei lysaste sommarmånadene at lykt ikkje er nødvendig. Du bør velje ei lykt som sit godt på hovudet, er enkel å bruke og lyser rundt 30 meter framfor deg. Det er ein fordel om lysstyrken kan justerast, då kan du spare batteri når du treng mindre lys. Hugs alltid ekstra batteri eller lademoglegheiter til lykta.
Solbriller og solkrem
er vel så viktig på fjellet som på stranda i sørlegare strok, spesielt om våren og tidleg på sommaren med snøfelt og brear som reflekterer strålane. Bruk solbriller med godt UV-vern (eu-kat. 6–7).
Reparasjonssett
består gjerne av eit lite multiverktøy, litt ståltråd, nokre meter nylontau, duct tape (spar vekt ved å surre teipen rundt seg sjølv eller rundt flaska/stavane for å ha han lett tilgjengeleg, sytråd og nål, gjerne super-/tekstillim og nokre små lappar i vasstett stoff. I tillegg kan det vere lurt å ta med 10–20 meter 4 mm strømpetau. Det kan sjølvsagt brukast til reparasjon, men er òg veldig praktisk ved elvekryssing og liknande.
Førstehjelpssett
skal alltid vere med, sjølv på kortare turar. Settet bør alltid pakkast vasstett, og det finst mange produsentar som leverer gode trekk.
Forslag til Førstehjelpsutstyr (nynorsk).
Gamasjar
er greitt å ha tidleg på sommaren og i snørike område.
Fløyte
finst ofte på brystreima til ryggsekken, elles kan du ta med deg ei laus fløyte. I dårleg sikt eller i nødssituasjonar vil fløyta vere svært nyttig.
Annet nyttig
DNT-nøkkel bør alltid vere med i sekken, sjølv om ikkje alle hytter er låste. Ver merksam på at nokre hytter er låste med ein eigen nøkkel, men denne ligg vanlegvis like ved veg.
Myggmiddel er ofte ein god idé på sommar og haust.
Fyrstikker (pakka vasstett) er kjekt å ha.
Vinterutrusting
Vinterutstyret byggjer i grunnen på sommarutstyret, bortsett frå at det er kraftigare, og at spesielt snøutstyr (snøbriller, ski, stavar, spade, søkjestong m.m.) kjem i tillegg. Ulukker i vinterfjellet kjem ofte av for dårlege klede og manglande utstyr. Rette klede er god forsikring, og uvêrsulukker burde vere dei lettaste å førebyggje.
Fjellet stiller store krav til påkledninga vinterstid. Kleda skal gjere det mogleg å halde kroppstemperaturen stabil uavhengig av vind og vêr. Undertøyet må du ta på om morgonen, for det kan vere umogleg å skifte etter at uvêret har komme.
Gamasjar
hindrar snø i å komme mellom støvel og buksebein og gjer det lettare å halde varmen på føtene. Vinterstid kan dei vere av bomull, men det er ein fordel med vasstett materiale for våtare vårskiturar og sommar-/brebruk.
Yttertøy
Du kan gå for bomullsplagg, som pustar mykje betre enn allvêrsklede og er nesten heilt vindtette. I impregnert tilstand toler gode bomullsklede òg ein del sludd og våt snø, men for å vere sikker bør du alltid ha med vasstette skalklede på turar der temperaturar rundt 0 grader kan oppstå, og då vel mange heller membranklede for å sleppe to sett og spare vekt. Ei god hette med avstiva brem og godt synsfelt kombinert med god sidevegs vern for vind er viktig.
Til forskjell frå sommarjakka går gjerne vinterjakka nedanfor hoftene og er vidare i snittet. Det er viktigare at strikkar og lufting kan regulerast med vottar på, og du bør kunne stole på at glidelåsen framme held.
Les meir om Vinterpåkledning (nynorsk).
På hovudet
kan du gå for ei fjellue med ull- eller fleecefôr og vindtett yttermateriale. Lua bør dekkje øyra og gå nedover bakhovudet og gjerne ha snøring under haka. Alternativt kan du velje ein ullbalaklava og ei ullue under hetta. Eit par ullbuffar er praktiske for å dekkje hals og hovud under variert aktivitet.
Når du er aktiv, kan det vere best å bruke vanlege langrennshanskar eller ullvottar, men ved sterk vind og låge temperaturar er det romslege vindvottar med kraftige ullvottar som er det beste.
Ryggsekken
må vere stor nok til at du får med deg det du treng, men ikkje stor nok til at du fyller han med ting du ikkje treng. Det kan vere ein fordel med lukka skumceller i beresystemet for å unngå at snø festar seg for mykje når sekken har lege i snøen. Elles gjeld mykje av det same som for sommarsekken.
Snøspaden
er noko av det viktigaste du har i vintersekken. Anten du må grave deg ned, skal finne skredtekne, vil lage le for vinden eller må grave deg inn til ei hytte, ligg du tynt an utan ein spade. Den klassiske Rottefella-spaden med dobbeltkrumma blad toler mykje is og gir stor kraftoverføring med den nokså skarpe tuppen sin. Han er godt eigna til snøhòlegraving, ettersom forma gjer det lettare å lage eit jamt, bogeforma tak utan kantar det vil drype frå. Spaden er likevel nokså liten. Du grev mykje meir effektivt med eit større, trapesforma spadeblad, og for lengre personar er det langt meir behageleg å grave med ein teleskopspade (dei har ofte ei lengd på 80–100 cm). Vekta på slike varierer frå 400–500 gram til rundt 1 kilo for dei kraftigare modellane. Eit D-grep er gjerne meir behageleg å grave mykje med.
Styr unna plastspadane med såkalla knekke-garanti – dei knekk kanskje ikkje, men treffer du på eit hardt islag, vil dei berre bøye seg som gummi. Kraftige aluminiumslegeringar er det beste spadebladmaterialet.
Vindsekken
er endå viktigare vinterstid enn sommarstid, sidan vern mot vind og nedbør i vintervêr er livsviktig – spesielt i ein nødssituasjon. Til snøhòleovernatting fungerer han som soveposeovertrekk eller ekstraunderlag for to–tre personar.
Utstyr til overnatting ute
Varmekjelder til matlaging (nynorsk)
Pakkeliste
Diverse turutstyr
Varmekjelder til matlaging (nynorsk)
Meir om turutstyr
Tekst
Juel Victor Løkstrad Grande (2010), Utstyr og bekledning. I Blystad, J.T. (red.). Turlederboka, s. 96–111, omarbeidd av Gina Wigestrand, Snuitide (2022).