Reinsemd er viktig same kvar vi er. God handhygiene førebyggjer sjukdom. Forskjellen frå heime er at på tur kan vi ofte ikkje skru på vasken med varmt vatn. Vi må derfor tenkje ekstra på å ha god hygiene når vi er ute.
På tur er det ikkje alltid ein utedo tilgjengeleg. Då må vi lage vår eigen do, ei såkalla latrine, eller grave ned bæsjen. Dopapir lèt vi aldri liggje og slenge, det tek vi med oss heim, eller så brenner vi det.
Kort om hygiene på tur
- Vask alltid hender etter du har vore på do, og før du lagar mat.
- Varmt, rennande vatn er det beste å vaske seg i.
- Rennande vatn er betre å vaske seg i enn vatn som ikkje blir skifta ut.
- Bruk handsprit om du ikkje har tilgang på vatn.
- Torvmose kan brukast som eit alternativ om du ikkje har anna tilgjengeleg.
- Enkel kroppsvask på kortare turar er hyggeleg for dei du er på tur saman med.
- På lengre turar, i kaldt vêr, bør vi unngå overdriven vasking.
- Etabler rein og skiten sone i leir.
- Grav ned bæsjen.
Ver reinsleg
Både for din eigen del og av omsyn til andre er det lurt å vareta hygienen også når du er på tur, spesielt når du er på tur med fleire personar. Gjer det enkelt å vere hygienisk. Gjer såpe og vatn eller handsprit lett tilgjengeleg. God handhygiene vil bidra til at vi ikkje overfører bakteriar mellom kvarandre og i mat og drikke. Det vil gjere at vi sleppe at alle endar opp med magesjau.
Handvask
Rennande varmt vatn og såpe er i dei aller fleste tilfella det beste. Kaldt rennande vatn og såpe er òg bra. Ein bekk kan vere ein fin stad å få vaska hendene godt.
I teltleir eller på hytter utan vatn kan vi gjerne bruke ein utedusj som vi hengjer opp. Fordelen med dette er at vi får vaska hendene skikkeleg samtidig som vi tek minimalt på dusjen for å få vatn. Alternativet med å helle vatn over hendene med ei ause frå ei bøtte er ikkje så bra. Då tek vi med skitne hender på ausa for å helle vatn, så tek vi på ausa igjen med reine hender.
Vi kan også ha ein handvaskebalje med vatn i. Det er betre enn ingenting, men ikkje å føretrekkje. Sørg i så fall for å skifte ut vatnet fleire gonger om dagen.
Handsprit fungerer når vi ikkje har anna tilgjengeleg, men det fjernar ikkje skit og skal ikkje vere det einaste vi bruker på tur.
Våtserviettar kan vere greitt å ha dersom du veit det vil vere knapt med vatn, til dømes vinterstid. Det gjer godt å få reine hender i alle fall ein gong eller to i løpet av dagen.
Vask med torvmose
Torvmose er antibakterielt og kan fungere godt som alternativ til rennande vatn eller våtserviettar.
Kroppsvask
Når vi er med grupper på tur og bur tett på kvarandre, kan det vere vi må leggje litt ekstra til rette for å få tid og rom og privatliv nok til å vaske kroppen. Det treng ikkje å vere verre enn at du ber om å få telta litt for deg sjølv, eller bruker eit soverom dersom hytta du er på, manglar bad. På turar som går over fleire dagar, kan det vere lurt å gjere det til ein rutine på kveldstid eller om morgonen å vaske seg kjapt i alle fall annankvar dag.
Varmt vatn i ein kroppsvaskebalje og såpe saman med anten ein vaskeklut eller berre ein våtserviett som du bruker som vaskeklut, fungerer godt. Våtserviett åleine gjer òg nytta til dømes på telttur.
Vask først ansiktet, deretter hender og armar, bryst, rygg og armholer, og så skritt og rumpe til sist.
På lengre turar, over ei veke eller i kaldt vêr, er det liten vits med overdriven kroppsvask. Spesielt i kulde gir feitt og møkk ekstra vern mot kulde (Pettersen, 2020).
Skitent og reint
Dette er ganske enkelt. Noko som er reint, blir rekna som skitent dersom det er eller har vore i kontakt med noko skitent.
Eit vanleg syn på mange fjellhytter utan innlagt vatn er vassbøttene. I utgangspunktet er vatnet reint og kan drikkast. Mange fyller drikkeflaska si ved å helle vatn over tuten på flaska. Overskotsvatnet renn over hendene og tilbake i vassbøtta. Då har ein klart å dra med alle bakteriane frå hendene og ned i drikkevatnet til neste person. Det er betre å helle over ein vask eller å stå ute, slik at overskotsvatnet ikkje renn tilbake i drikkevassbøtta.
Tenk òg på kva reiskapar som blir stappa nedi vassbøtta, og sørg for at dei er reine og blir brukte med reine hender.
Overnattar du ute, må du etablere rein og skiten sone.
Vi etablerer mellom anna rein og skiten sone, slik at vi veit kvar vi kan hente vatn. Rein sone er alltid oppstraums frå skiten sone (høgare i terrenget), ettersom vatnet som kjent renn nedover. I skiten sone kan vi vaske opp og vaske hendene våre. Merk at du bør vaske opp med varmt vatn, elles får du ikkje vekk bakteriar. Ver spesielt obs når det gjeld ris og pasta, ettersom denne maten har ein del bakteriar sjølv etter at han er kokt (Granum, 2012).
Toalett og latrine
Du skal alltid vaske hendene etter å ha vore på do. Her er gjerne handspriten det mest praktiske undervegs på turen. Grunnen til at du alltid skal vaske hendene, er enkel: Med mindre du går heilt åleine på tur, er det veldig fort gjort å ta på noko og overføre bakteriar til andre. Dette er ofte tarmbakteriar som fører til laus mage.
Er du med ei gruppe på tur og det ikkje finst toalett der de er, så skal det etablerast. Finn ein eigna stad de skal bruke når de skal på do. Med ti personar i ein leir ein dag eller fire blir det fort ekkelt i nærområdet om alle vel heilt fritt sjølve.
Hugs alltid å ha med toalettpapir og handsprit i ein vasstett pose, sjølv på dagsturar.
Meir om hygiene på tur
Korleis gå på do ute (nynorsk) Artiklar om hygiene på turTekst:
- Ola Njå Bertelsen, Snuitide (2020)
- “Korleis gå på do ute”: Gina Wigestrand, Snuitide (2021)