- La elevane pakke ein dagstursekk/langtursekk heime og ta denne med på skulen. Elevane presenterer det dei har pakka, og grunngir kvifor dei har valt det dei har valt.
- Ta med mange forskjellige klede og mykje ulikt utstyr til elevane (eller få elevane til å ta med). Del elevane i grupper og la dei velje utstyr ved å diskutere seg fram til kva dei vil ha med på tur. Her er det mogleg å leggje inn fleire ulike føresetnader:
- Utstyret skal vere billigast mogleg.
- Dei skal klare seg med minst mogleg utstyr.
- Dei skal på dagstur eller tur med teltovernatting.
- Dei skal berre bruke «vanlege» klede og ikkje turklede.
- Dei skal velje det som er mest berekraftig.
- Diskuter korleis målet med turen er med og påverkar kva vi pakkar med oss.
- Korleis kan vi tenkje berekraftig når vi pakkar til ein tur?
NDLA har laga ein ressurs der det er mogleg å lage ei eiga pakkeliste og grunngi denne. Det er ei fin øving for diskusjon rundt kva som er nødvendig å ha med på tur:
Vurder funksjonen - hva tar dere med dere på fjelltur? - Produktutvikling og skapende prosesser - NDLA
Oppgave Tenk dere at dere skal ei uke på fjelltur i et område uten mobildekning. Gruppa velger selv hvor dere skal dra og hvilken årstid dere skal reise på. Dere får bare ta med 10 ting hver. Hvilke gjenstander tar dere med? Hva slags funksjon har dette utstyret?
ndla.no
Dette er ein del av temaet Pakkelister (nynorsk)
Pakkelister til ulike turar
Pakkeliste for teltturen (nynorsk)
Døme på pakkeliste til sommartur (nynorsk)
Døme på pakkeliste til vintertur (nynorsk)
Innhald i dagstursekk på skitur (nynorsk)
Meir om temaet
Utfyllende pakkeliste
Innhald i sekken (nynorsk)
Førstehjelpsutstyr (nynorsk)
Tekst: Gina Wigestrand, Snuitide (2022)