Berekraft har blitt eit populært ord dei siste åra. Alt skal vere berekraftig. Men er ikkje friluftsliv ein berekraftig aktivitet? Du går jo berre rundt i naturen? Det kan vel ikkje vere skadeleg?
Det å gå på tur er i utgangspunktet ikkje skadeleg for naturen. Men nokre stader, som på Besseggen, er det så mykje trafikk at både jord og berg blir slitne ned. Då må vi leggje til rette for at naturen skal tole mange menneske. Reisa til og frå dit vi går tur, og klede og utstyr vi skaffar oss i friluftslivets namn, er andre faktorar som er viktige å ta med i berekninga. Kjøper du ny jakke annakvart år, eller tek du vare på den gamle, slitne jakka? Går du tur i nærområdet, eller køyrer du bil to timar fram og tilbake til hytta kvar helg?
- Kort om berekraftig ferdsel i naturen
- Berekraft – kva er det?
- Ruteval
- Leir
- Ta omsyn til naturen
- Latrine
- Bålfyring
- Omsyn til dyr og fuglar
- Villrein og ferdsel
- Leveområda til villreinen er under press
- På hjul i naturen
- Omsyn til næringsinteresser
- Verneområde
- Berekraftige val i friluftslivet
- Meir om berekraft, sporlaus ferdsel og naturvern
- Oppgåver
Forslag til konkretisering av kompetansemål er skrevet av Gina Wigestrand, redaktør av Snuitide. Dette er ment som en hjelp til å tydeliggjøre hva kompetansemålene rommer innen de ulike temaene. Lærere står fritt til å bruke disse eller lage sine egne.
Kort om berekraftig ferdsel i naturen
- Berekraftig friluftsliv inkluderer både ferdsel, utstyrsbruk, transport, økonomi og sosiale forhold.
- Gjennom friluftslova er vi forplikta til å ferdast omsynsfullt i naturen.
- Berekraftig ferdsel i naturen handlar om å kunne ferdast på ein måte som tek omsyn både til naturen og til menneska som ferdast der.
- Uttrykket sporlaus ferdsel blir brukt om det å ikkje etterlate seg synlege teikn i naturen, til dømes dopapir, anna søppel eller tydelege spor der ein har slått leir.
- Ved val av rute og leirområde må vi ta omsyn til naturmiljøet, rydde opp etter oss og ikkje late etter oss unødvendige spor.
- Plukking av ved og andre naturressursar må skje med varsemd.
- Ta omsyn til andre som ferdast i og bruker naturen, slik som turgåarar og næringsinteresser.
Berekraft – kva er det?
Berekraftsomgrepet er brukt mange stader i læreplanen, også i læreplanen for friluftsliv. Men kva betyr det eigentleg å vere berekraftig? Berekraftig utvikling handlar om å forbetre livskvaliteten til menneske samtidig som vi lever innanfor det som bereevna til økosystemet tillèt. Det er ifølgje FN-sambandet (2021) tre dimensjonar i berekraftig utvikling. Det er
- miljø og klima (også omtalt som den økologiske dimensjonen),
- økonomi (den økonomiske dimensjonen) og
- sosiale forhold (den sosiale/kulturelle dimensjonen).
Nokre nemner også ein fjerde, politisk dimensjon. Friluftsliv blir kanskje sterkast knytt til den økologiske og sosiale/kulturelle dimensjonen, men også økonomi er relevant. Generalforsamlinga i FN sette i 2015 opp 17 berekraftsmål (FN-sambandet, 2022) som verda skal arbeide for å nå fram mot 2030. Desse måla er ein slags global arbeidsplan som skal sikre den felles framtida vår. Fleire av måla er relevante for friluftslivet.
Ut frå dette inkluderer eit berekraftig friluftsliv både ferdsel i naturen, utstyrsbruk, transport, økonomi og sosiale forhold. Skal elevane ha basisferdigheiter i berekraftig friluftsliv, inneber dette at elevane kan reflektere over alle desse sidene ved friluftslivet.
Omgrepet berekraftig ferdsel knyter seg til det å kunne ferdast på ein måte som tek omsyn både til naturen og til menneska som ferdast der. Det inneber at andre, både no og i framtida, kan drive det same friluftslivet og få dei same opplevingane som det vi kan. I tillegg må ikkje mangfaldet av artar og naturtypar påverkast på ein negativ måte. Eit omgrep som gjerne blir brukt synonymt med dette, er naturvennleg ferdsel. Omgrepet sporlaus ferdsel er kanskje meir kjent og blir brukt om det å ikkje etterlate seg synlege teikn i naturen, til dømes søppel eller tydelege spor der vi har slått leir (Norsk Friluftsliv, 2021). Korleis kan så skulen praktisere ein berekraftig, naturvennleg og sporlaus ferdsel?
Ruteval
Val av ruter og måten å ferdast på i naturen er sentralt i friluftslivet. Allemannsretten påpeikar at all ferdsel i natur skal skje omsynsfullt og med varsemd. Dette er viktig når vi skal praktisere berekraftig ferdsel.
Unngå å ferdast i større grupper på våte stader der det fort kan bli tråkk, slitasje og nye stiar. Nokre vegetasjonstypar er meir sårbare enn andre. Unngå våte myrområde og vegetasjon som er prega av mose eller lav. Lav veks veldig seint, og det vil ta lang tid før det veks opp nytt lav. Når lavet er tørt, vil det raskt smuldre opp – spesielt ved tråkk. Unngå derfor å ha stor aktivitet, t.d. ein leir, i område med lav. Også lyngvegetasjon blir raskt sliten ned. Grasvegetasjon toler ofte mykje slitasje, og derfor er det gunstig å slå leir på grasvollar.
Leir
Eit leirområde kan raskt bli prega av bruk – spesielt etter ein heil skuleklasse. I populære leirområde bør vi leggje leiren vår til ein tidlegare brukt leirplass eller bålplass for å unngå ytterlegare slitasje. Skal vi byggje gapahuk, bør vi velje ein teknikk med presenning/tarp og tau framfor meir permanente og naturinngripande byggverk som involverer kutting av granbar og felling av tre.
Dette gjeld òg andre konstruksjonar som ofte blir bygde på leirplassar. Slike tiltak krev løyve frå grunneigaren. Det blir fort skadar på tre og buskar ved og nær ein leirplass. Nokre sagar ned greiner eller småtre for å få den optimale teltplassen, andre hentar grillpinnar eller kuttar hakk i trea ved oppheng av hengjekøye. Slike tiltak er ikkje i tråd med plikta i allemannsretten om varsam ferdsel. Friluftslova seier at vi pliktar å sjå etter at vi ikkje lèt etter oss staden vi har vore på, «i en tilstand som kan virke skjemmende eller føre til skade eller ulempe for noen» (friluftslova § 11). Bruk derfor tid på å rydde opp leirplassen før avreise slik at gruppa lèt etter seg minst mogleg spor – og aller helst ingen. Også støy kjem inn under dette med berekraftig ferdsel. Ta derfor omsyn til både folk og dyr når det gjeld lydnivået til gruppa.
Ta omsyn til naturen
Så lenge vi er i naturen, må vi ta omsyn til naturen, dyr og menneske rundt oss. Dette gjeld sjølvsagt òg når vi slår leir. Friluftslova gir oss mange gode, som fri ferdsel i utmark, så lenge vi også opptrer omsynsfullt.
Søppel
Ver førebudd, ha med deg ein pose til søppelet. Alt du har teke med deg ut, skal du ta med deg heim igjen. Det gjeld òg for matavfall, som bananskal og liknande, som bruker lang tid på å brytast ned i naturen (Norsk Friluftsliv, 2021).
Bål
Hugs bålforbodet frå 15. april til 15. september, og vel bålplass med omhug. Under det generelle bålforbodet er det likevel lov å tenne bål i tilfelle der det openbert ikkje medfører brannfare. Det kan til dømes vere etter mykje snø eller nedbør. Plasser bålet der det ikkje gjer skade på naturen. Finst det ein bålplass frå før? Bruk den (Norsk Friluftsliv, 2021).
Lagar du bålgrop, så rydd steinar på plass etter bruk, og fjern restar av eventuell ved som ikkje har brunne opp. Hugs å sløkkje bålet godt. Steinar, tømmerstokkar eller liknande du har brukt, legg du tilbake der du fann dei. Det skal helst ikkje gå an å sjå at det har vore ein leir der vi har sove.
Ikkje hogg ned friske tre for å skaffe ved. Det er heller ikkje lov å gjere skade på friske tre og bryte av greiner. Ta derfor med ved heimanfrå, med mindre du veit at du vil finne døde greiner og kvistar.
Les meir om
Hengjekøye
Søv du i hengjekøye, så pass på at du har stroppar som ikkje gneg seg inn i borken på treet. Flate stroppar er best.
Gapahuk
Gapahuk kan lagast av presenning og tau, av tre, eller ein kombinasjon av presenning og trestokkar. Bruk av presenning er raskare og krev mindre tre og granbar. Ikkje bruk friske tre, då treng du i tilfelle samtykke frå grunneigaren, jamfør friluftslova. Det er lov å bruke tre som er knekte eller døde. Hugs sporlaus ferdsel og legg alt på plass etter bruk. Det skal ikkje stå igjen gapahukar i naturen, med mindre det er gjort ein avtale om dette med grunneigaren.
Latrine
For mange elevar kan det vere uvant å gå på do i naturen, og klassen må derfor prate om dette. Dopapir og avføring lagar synlege og utrivelege spor i naturen. Korleis kan vi då praktisere sporlaust dobesøk?
Dersom de lagar ei latrine på leirplassen, tek de omsyn både til naturmiljøet og til andre som ferdast i området. Bruk spade til å stikke ut torg/vegetasjon der latrina skal vere. Dette legg de tilbake når latrina blir dekt. På vinteren kan ein metode vere å setje opp ein levegg og grave eit djupt, langt og smalt hòl i snøen som ein kan huke seg ned over. Det er lurt å lage ei grop på sida for brenning av dopapir. Bygg alltid latriner eit stykke unna vasskjelder og stader der folk ferdast.
Viss vi ikkje har latrine tilgjengeleg, må avføring gravast/steinast godt ned, slik at ho er godt skjult for både folk og dyr. Også alt av dopapir må vi fjerne, ved å grave det godt ned i jorda, brenne det (viss ikkje brannfare) eller ta det med heim i søppelpose. Våtserviettar og hygieneartiklar må alltid takast med som søppel.
Meir om
Bålfyring
Bål på tur er ein tradisjon i Noreg. Samtidig skaper både bålplassen og henting av ved synlege spor i naturen. I populære turområde kan det ofte vere mange bålplassar rett i nærleiken av kvarandre. For å unngå dette er det fint å bruke ein allereie etablert bålplass, sjølv om han er to meter unna der gruppa helst vil lage sin. Lagar du ein ny bålplass med steinar, så legg steinane på plass igjen etter at du er ferdig med bålet, og hugs å sløkkje godt både i sjølve bålet og i ytterkanten. Prøv alltid å tenne bål på stader der det blir minst mogleg spor, og der det ikkje er brannfare. Hugs bålforbodet mellom 15. april og 15. september. I denne perioden er det likevel lov å tenne bål viss det openbert ikkje medfører brannfare (Miljødirektoratet, 2022). Det kan til dømes vere etter mykje snø eller nedbør. Rydd alltid bålplassen godt etter bruk. Søppelbrenning i bålet er ikkje ønskjeleg.
Å sanke ved til eit bål er ein allemannsrett. Retten er likevel avgrensa til å sanke den veden du treng for å lage bål medan du er på tur. Du må berre ta dødt vyrke og ikkje øydeleggje levande tre. Bålved må hentast på ein skånsam måte. Det er dårleg skikk og altså i strid med allemannsretten å sage av greiner på tre. Bruk helst laus nedfallskvist og greiner som ligg på bakken. Ver spesielt omsynsfull i gammalskog av furu og gran. Unngå å brekke av tørrgreiner på både levande og døde tre. Ein god skikk er å ta med eigen ved til bålet. Dette er ekstra aktuelt i område med stor ferdsel. I verneområde er det ofte eigne reglar for det å hente ved og tenne bål.
Les meir om
Omsyn til dyr og fuglar
Berekraftig og naturvennleg ferdsel inneber òg å vise omsyn til dyre- og plantelivet. Fuglar er utsette for forstyrringar, spesielt i tida då dei har egg og ungar. På fjellet og ved kysten er det mange fuglar som har reir på bakken. Egga deira har svært god kamuflasje, og det er fort gjort å trakke i eit reir. Dersom foreldra blir skremde vekk frå reiret, er egga meir utsette for å bli etne av til dømes kråkefugl, måkar og rev. Ver derfor spesielt merksam på fuglelivet i starten av sommaren når det er hekketid. Fuglar som har reir eller ungar, vil ofte varsle med skarpe lydar når folk eller dyr kjem i nærleiken. Ulike fugleartar har ulik toleranse for å bli forstyrra. Mange rovfuglar er skye, og mange av dei har små bestandar. Trekk dykk roleg tilbake om de kjem nær reir, ungar eller sårbare fugleartar på tur med klassen.
Dette omsynet gjeld òg dyrelivet, spesielt i paringstida, i yngletida og om vinteren. Hugs at alle dyr er freda – med mindre det er sett jakttid på dei. Vinteren kan vere ei tøff tid for mange dyr. Dagane er korte, vêret er krevjande, og det er vanskeleg å bevege seg i snøen. I tillegg kan det vere matmangel. Vis derfor stort omsyn når de møter dyreliv vinterstid. Dyra kan sjå uforstyrra ut, men sannsynlegvis blir dei stressa og bruker dermed unødig energi. I tillegg mistar dei verdifull beitetid på å følgje med på oss menneske. Dersom dyra endrar åtferd på grunn av oss, bør vi trekkje oss tilbake. I Noreg har vi både villrein og tamrein i fjellet. Seint på vårvinteren er reinsdyra ekstra utsette. Då tærer reinen på dei siste feittreservane før snøen smeltar, og dei kan byrje å beite friske vekstar. I tillegg er simlene (hodyra) drektige og treng all energien sin til å føde kalv, produsere mjølk og finne beite. Det er derfor veldig viktig å unngå å forstyrre dyra på denne tida av året.
Les meir om
Villrein og ferdsel
Leveområda til villreinen er under press
Villreinen er svært sky, han lever i flokk og har eit nomadisk levesett. At han både er sårbar for forstyrringar og stadig er på vandring mellom ulike beiteområde, gjer at villreinen òg har behov for store areal. Men villreinen taper stadig i kampen om areala. Kunstige barrierar hindrar villreinen i å bruke dei naturlege trekkrutene sine, og reinen lèt seg lett forstyrre og fortrengje.
Også du som berre er på besøk i villreinfjellet, kan påverke dyra negativt. Vi skal ikkje slutte å bruke fjellet av den grunn, men vi kan ta omsyn, og vi kan leggje til rette.
- Reinen har ein svært godt utvikla luktesans og kan bli var folk på svært lang avstand.
- Blir han først skremd, så spring han gjerne også langt. Flytting stel energi, og tid til beiting går tapt. Særleg uheldig blir det dersom dyra samtidig blir fortrengde frå viktige kalvings- og beiteområde.
- Reinsdyra er ekstra sårbare i tida rundt kalving og treng derfor særleg ro i perioden 15. april–15. juni.
- Studiar viser at villreinen gjerne vik unna eit område dersom trafikken av fotturistar kjem over eit visst nivå. Det betyr at ein mykje brukt tursti kan fungere som ein barriere som dyra ikkje vil krysse.
- Dette betyr likevel ikkje at folk skal slutte å gå i fjellet, men ved å ta ekstra omsyn kan vi bidra til å redusere forstyrringar.
Vis omsyn!
- Følg stiane.
- Stopp dersom du ser reinsdyr, la dyra passere i fred.
- Hald avstand, bruk kikert.
- Dyra har god luktesans, gå derfor i le.
- Unngå å vise deg i silhuett.
- Hugs elles reglar om bandtvang.
Kva gjer villreinen spesiell?
Flokkane av villrein på fjellet i Sør-Noreg er rekna som dei siste bestandane av denne arten i Europa. Vi har derfor eit særleg ansvar for å ta vare på villreinen og leveområda deira. Villreinen er svært sky og sårbar, medan dei naturlege levevisa og leveområda deira er under eit stadig større press.
Langt tilbake i tid fanst det store mengder villrein i heile Fjell-Noreg, og i Sør-Noreg kunne dyra flytte seg rimeleg fritt innanfor store, samanhengande område. Historisk har dei også vore ein viktig ressurs i form av både mat, klede og reiskapar. Den norske villreinen er derfor ein svært viktig del av den felles natur- og kulturarva vår.
Statusen i dag er ein heilt annan. Villreinen taper stadig i kampen om sine naturlege leveområde. Det blir lagt direkte beslag på areal i form av kraft- og hytteutbyggingar, og det blir skapt effektive barrierar i form av veg og jernbane. Når leveområda til villreinen krympar, aukar òg konflikten med ulike former for ferdsel. Ein stadig aukande motorisert ferdsel og ferdsel til fots og på ski gjer at reinsdyra i stadig større grad blir forstyrra og dermed blir fortrengde frå dei naturlege beiteområda, kalvingsplassane og trekkrutene sine.
Det å ta ein liten bit her og ein liten bit der har kanskje ikkje så mykje å seie, men summen av alle inngrepa over mange år er problematisk for villreinen. Denne negative utviklinga har no også medført at villreinen er oppført som nær trua på Norsk raudliste for artar 2021.
Kvifor treng villreinen så mykje plass?
Den norske reinen er tilpassa eit liv i fjellet, utan skogen å gøyme seg i, og med svært marginale levevilkår. Og i motsetning til dei andre hjortedyra våre lever reinsdyra i flokk. Desse kan variere frå grupper på nokre titals til fleire hundre dyr. Truleg er det først og fremst for å forsvare seg mot rovdyr at dei lever i flokk.
Ettersom reinsdyra lever i flokk og matfatet samtidig er svært avgrensa, er det naturleg at dei har behov for store område. Klima, vegetasjon og terreng er avgjerande for tilgangen på mat frå år til år og til ulike årstider. Vår- og sommarbeita finn reinen helst i frodige område der snøen smeltar tidleg og det er tilgang på gras og andre plantevekstar. Vinterstid finn dei gjerne område med lite snø og godt med lav.
Villreinen er på ei stadig vandring mellom desse områda. At dei samtidig er svært skye og lett lèt seg stresse og forstyrre frå beiting, kalving og kvile, gjer berre plassbehovet desto større og dyra ekstra sårbare.
Spesialtilpassa fjellet
Reinsdyra tilhøyrer hjortefamilien og er drøvtyggjarar, slik som sau og storfe. Dei skil seg mellom anna frå dei andre hjortedyra våre ved at begge kjønn har gevir. Også kalvane får gevir det første leveåret.
Reinsdyra er spesielt hardføre og godt tilpassa eit liv i høgfjellet, også om vinteren. Vinterpelsen er ekstremt tjukk og kraftig, og dei toler normalt godt temperaturar ned mot minus 40 grader. Klauvene har ei oval form som gjer at dei fungerer som ei truge, noko som gjer reinsdyra spesielt tilpassa eit liv i snø og på myr. Forma er også godt eigna til å grave fram mat under snøen. Ein spesielt godt utvikla luktesans gjer det mogleg for dyra å leite opp lav under meir enn ein halv meter med snø.
Som andre flokkdyr har dei eit hierarki i flokken, der storleiken, alderen og geviret til reinen seier noko om posisjonen til dyret. Bukkane feller geviret sitt etter brunst og paring på hausten, medan simlene først feller geviret etter kalvinga. Dette regulerer maktforholdet mellom dei, slik at simla er sikra betre tilgang på mat når ho treng det som mest.
I tillegg til villrein og tamrein på fastlandet har vi svalbardreinen. Det er ein eigen (stadeigen) underart, som berre finst på Svalbard. Pelsen er kraftigare, han har ein meir kompakt kropp med kort hals og korte bein, og er i endå større grad tilpassa eit tøft klima. Reinen på Svalbard lever heller ikkje i flokk.
Kvar lever villreinen?
Langt tilbake i tid fanst det villrein i heile Fjell-Noreg, og i Sør-Noreg kunne villreinen flytte seg rimeleg fritt innanfor det som truleg har vore fire store, samanhengande område. Tap av areal og barriereeffektar har likevel ført til ei kraftig splitting og innskrenking av leveområda til villreinen. Som eit resultat av dette er dei norske bestandane av villreinen no delte opp i 24 villreinområde.
Dei grøne og oransje felta på kartet viser dagens 24 villreinområde. Dei gule felta viser kvar det går føre seg tamreindrift i Sør-Noreg. I tillegg er det tamreindrift frå Trøndelag og i resten av landet nordover.
Vill eller tam rein – kva er forskjellen?
Korleis kan du vite om det er villrein eller tamrein du møter på i fjellet? Av utsjånad er dei rimeleg like. Ein del av villreinen har også heilt eller delvis opphav frå tamrein. Det enklaste er nok å vurdere ut frå kartet: Er du i eit villreinområde, så er det villrein, og er du i eit tamreinområde, så er det tamrein. Men så kan det vere at desse grensene ikkje verkar like tydelege for dyra.
Tamreinen er eit såkalla semidomestisert (halvtamt) dyr, som får jamleg oppsyn, som blir flytta mellom ulike beite, og som kan få tilgang på fôr i situasjonar med matmangel. Tamreinen lever likevel eit nokså vilt liv samanlikna med andre produksjonsdyr, sjølv om han normalt ikkje er like sky som villreinen. Dette er uansett dyr som òg er vare for forstyrringar. Ein grei regel kan derfor vere å ta omsyn til rein som om alle er av den ville sorten.
Les meir om villrein på villrein.no.
Tekst “Villrein og ferdsel”: Ingeborg Wessel Finstad, DNT (2022)
På hjul i naturen
Bruker vi sykkel i naturen, må vi ta nokre omsyn (Miljødirektoratet, u.å.). I utgangspunktet kan vi etter allemannsretten sykle fritt på stiar og vegar som går i utmark. På høgfjellet kan vi òg sykle utanfor stiar og vegar. Hugs likevel at høgfjellsnaturen er spesielt sårbar for terrengslitasje. Elsyklar kan ofte brukast i utmark tilsvarande vanleg sykkel, men denne typen sykkel blir ikkje omfatta av allemannsretten. Kommunane eller grunneigarar kan derfor bestemme at elsykkel ikkje kan brukast i enkelte område. I verneområde er det ofte eigne reglar for sykkel, spesielt elsykkel. Der må du sjekke lokale verneforskrifter. Hugs at alle syklar kan gi langvarige spor i landskapet, spesielt i fuktige område. Ber gjerne sykkelen gjennom myrområde, og unngå å sykle på sårbare stiar rett etter nedbør. Pass på at du ikkje utvidar stiar ved å sykle utanom vassdammar og hinder. Vis omsyn til turgåarar og dyreliv, og tilpass farten til underlaget og breidda på stien.
Omsyn til næringsinteresser
På tur i naturen pliktar vi å ta omsyn til andre – også dei som driv næring i naturen. Skogen vi ferdast i, er eigd av ein grunneigar. Mykje av den lågareliggjande skogen i Noreg blir driven som produksjonsskog. Det vil seie at det blir planta, tynna og hogge i skogen. For å ta omsyn til skogbruket er det viktig at vi ferdast varsamt i plantefelt, at vi ikkje skader verken små eller store tre, og at vi viser varsemd ved tenning av bål.
Utmarka blir også brukt som beite for sau, geit, storfe og tamrein. Pass alltid på å lukke igjen grinder etter deg. Må du klatre over gjerde, så pass på at du ikkje øydelegg dei. Unngå å skremme dyr på beite – ta heller ein omveg rundt flokken. Ta alltid med deg søpla heim, slik at ho ikkje kan bli til skade for dyra.
Les meir om omsyn til
Verneområde
Ver merksam på om det finst etablerte verneområde der du planlegg tur med gruppa di. Område som er verna som nasjonalpark, landskapsvernområde eller naturreservat, har eigne forskrifter som alle besøkjande må ta omsyn til. Desse områda er verna for å ta vare på både landskapet og artane som held til der. Vis derfor ekstra omsyn ved ferdsel i slike område.
Alle verneområda har eigne verneforskrifter, med reglar om korleis du kan ferdast i og bruke naturen. Reglane kan vere ulike frå område til område, så sjekk alltid kva som gjeld der du skal på tur. Plantelivet i verneområde er som regel freda. Det gjeld òg døde buskar og tre. På nettsidene til Miljødirektoratet kan du klikke deg inn på dei aktuelle verneområda på kartet og lese kva reglar som gjeld:
Berekraftige val i friluftslivet
Om vi skal på tur til eit naturområde som ikkje ligg i nærleiken av heimstaden vår, er vi avhengige av å reise for å komme oss dit. Alle reiser fører til karbonutslepp. Kor mykje karbon som blir sleppt ut, kjem an på distansen og transportmiddelet. Mange av oss vel turmål som inneber lang reiseveg, og ofte skjer transporten med privatbil. For å redusere utsleppa kan løysinga vere å reise mindre og heller praktisere meir nærfriluftsliv. Vi treng ikkje alltid reise langt for dei gode opplevingane. Det held å oppsøkje skogen, marka, fjøra eller fjellet som ligg i nærleiken av der vi bur. Slike besøk gir like mykje avkopling og fysisk aktivitet som turar med mykje reising. I staden for å reise langt kan vi bruke tida vi ville ha brukt på å reise, til å sanse og oppleve naturen. Om vi likevel ønskjer å reise, bør vi tenkje miljøvennleg. Kollektivtransport eller samkøyring gir minst utslepp per person.
Kva er eit godt friluftsliv for både deg og miljøet?
Kva transportmiddel bruker du for å komme deg til naturen? Finst det andre, meir berekraftige alternativ til dei du bruker i dag?
Har du nokon gong sett eit kult bilete på Instagram av ein person i tøffe klede omgitt av spektakulær norsk natur? Kanskje har du tenkt at «ei slik jakke vil eg òg ha» eller «dit vil eg òg dra»? Nordmenn har generelt eit høgt forbruk av friluftslivsutstyr. I staden for å reparere det gamle vi har, kjøper vi nytt, og vi kjøper nytt utstyr sjølv om vi kanskje allereie har det vi treng. Vi har berre lyst på ei ny jakke eller eit par nye ski, sjølv om vi kan klare oss godt med det vi har. Mange har god privatøkonomi, og då har vi råd til å kjøpe oss nye ting som vi strengt teke ikkje treng, nettopp fordi vi kan.
For turopplevinga sin del er det viktig å vere varm og tørr, men kva merke eller kva farge vi har på jakka, er ikkje avgjerande for korleis turen blir. Å kjøpe brukt utstyr og låne det vi ikkje må eige sjølv, er berekraftige alternativ til å kjøpe alt nytt. Om vi i tillegg reparerer når utstyret går sund, i staden for å kjøpe nytt, er vi endå meir berekraftige.
Korleis har du late deg påverke av Instagram og andre sosiale medium?
Kva trur du skal til for å få ei god naturoppleving?
Bruk FNs berekraftsmål, spesielt mål 12, for å finne ut korleis produksjon av klede og utstyr påverkar miljøet.
Nokre turistmål er meir populære enn andre. Mykje av denne populariteten kan komme av turistnæringa, og noko av årsaka ligg kanskje i sosiale medium. Dette fører til at stadig fleire legg ferien sin til Noreg. Når mange menneske besøkjer eit turmål, blir det slitasje på naturen, derfor har ein fleire stader i landet steinlagt stiar for å redusere slitasjen. Slitasje og forsøpling truar naturen. Dette gjeld både dei populære turistmåla og naturen i bynære område der det bur mange menneske. I tillegg blir mange naturområde bygde ned. Det vil seie at stat og kommune i staden for å ta vare på naturen prioriterer utbygging av vegar, hytter og kraftanlegg. Dette medfører tap av både natur og plante- og dyreartar, og dette kan få store ringverknader på lang sikt.

Det finst fleire løysingar på problemet. Det enklaste vi som enkeltindivid kan gjere, er å ta omsyn til naturen og praktisere sporlaus ferdsel. Om vi alltid er førebudde på forsøpling og har ein plastpose tilgjengeleg, kan vi samle søppel når vi er på tur. Det er ein fin regel å gjere det finare enn det var då vi kom, ikkje berre med tanke på søppel, men òg når det gjeld bålbrenning. Hugs å fjerne alle spor etter bål om det ikkje allereie er ein etablert bålplass. Då blir det mykje trivelegare for den neste som kjem, enn om det er mange brende vedkubbar, kol og bålplassar overalt.
Vi kan også tenkje medvite på å unngå å dra på turar der vi veit at det er stor slitasje på naturen. Om vi går til ein plass der det ikkje er så mange andre, er det større sjanse for at vi får vere i fred og kan nyte stilla, i tillegg til at det slit mindre på naturen. På den andre sida kan vi òg argumentere for at vi bør dra på turar der det er tilrettelagt med til dømes steintrapp, slik at meir urørt natur som ikkje har så mykje trafikk, kan få vere i fred.
Ein annan ting vi kan gjere, er at vi kan påverke stat og kommune til å ta vare på naturen, ved å engasjere oss i lokalsamfunnet.
Kva tenkjer du er det beste å gjere for å redusere slitasjen på naturen?
Har du forslag til korleis du kan påverke stat og kommune til å ta vare på natur og naturområde?
Meir om berekraft, sporlaus ferdsel og naturvern
Tekst
- Inger Wallem Krempig og Elisabeth Enoksen, Snuitide (2022)
- Tekst «Villrein og ferdsel»: Ingeborg Wessel Finstad, DNT (2022)
- Tekst «Bærekraftige valg i friluftslivet»: Cathrine Dunker Furuly og Ragnhild Kjeldsen, NDLA, 16.03.2021
- Tekst «Oppgaver berekraft og sporlaus ferdsel»: Gina Wigestrand, Snuitide (2022)
Den Norske Turistforening. (2013, 13. desember). Sporlaus ferdsel [Videoklipp]. Hentet fra https://vimeo.com/738935453
Dunsel, H. (2021). Utan namn [Foto]. Henta frå https://unsplash.com/photos/9CRd1J1rEOM
FN-sambandet (2021). Bærekraftig utvikling. https://www.fn.no/tema/fattigdom/baerekraftig-utvikling
FN-sambandet (2022). FNs berekraftsmål. https://www.fn.no/om-fn/fns-baerekraftsmaal
Friluftsloven (1957). Lov om friluftslivet (LOV-1957-06-28-16). Lovdata. https://lovdata.no/lov/1957-06-28-16
Miljødirektoratet (u.å.). Friluftsloven og allemannsretten. Henta 22. juni 2022 frå
Norsk Friluftsliv (2021). Dette er sporløs ferdsel. https://norskfriluftsliv.no/hva-er-sporlos-ferdsel/
Valle, R. (2021). Sporløs ferdsel – med Anne van der Wijst. [Lydfil] Podkasten Uteliv. Henta frå https://feeds.acast.com/public/shows/podkasten-uteliv
Furuly, C.D. (2020). Hvordan gå på toalettet ute i naturen?. NDLA. Henta frå https://ndla.no/subject:1:ca607ca1-4dd0-4bbd-954f-67461f4b96fc/topic:1:049b2503-a8d2-44db-ae7c-b7124152f25a/resource:cfcc072c-2a62-4cda-ab62-1920f8f437b5
Henriksen, S. (2020, 4. mai). Latrine på tur. [Videoklipp]. Henta frå https://www.youtube.com/watch?v=E6dtgiw7z2I
Jakhelln, L.E. (2021) Dette er sporløs ferdsel. Norsk friluftsliv. Henta frå https://norskfriluftsliv.no/hva-er-sporlos-ferdsel/
Jæren Friluftsråd. (2020, 12. juni). Turtips – På do i naturen. [Videoklipp]. Henta frå https://www.youtube.com/watch?v=xafwBd1HCa4