Lurer du på kvar du kan telte, eller om det er lov å plukke sopp og bær der du går på tur? Dette er regulert i friluftslova. I tillegg kan det gjelde eigne reglar i verneområde som det er viktig å kjenne til.
I Noreg er vi heldige som kan gå på tur der vi vil i utmark. Slik er det ikkje i alle land. Men med rettar følgjer også plikter. Vi må ferdast mest mogleg sporlaust og latte etter oss minst mogleg. Speidarane seier at alt som skal liggje igjen etter oss, er «takk og ingenting». Det er eit fint ideal.
Forslag til konkretisering av kompetansemål er skrevet av Gina Wigestrand, redaktør av Snuitide. Dette er ment som en hjelp til å tydeliggjøre hva kompetansemålene rommer innen de ulike temaene. Lærere står fritt til å bruke disse eller lage sine egne.
Kort om allemannsretten
- Ein viktig føresetnad for allemannsretten er at ein opptrer på ein omsynsfull måte i naturen.
- Vi kan bruke utmarka gratis, uavhengig av kven som er grunneigar.
- NB! Ferdselsretten gjeld berre umotorisert ferdsel.
- Vi skal opptre omsynsfullt overfor både naturen og folk vi møter på.
- Sporlaus ferdsel betyr at vi ryddar opp etter oss, og er eit døme på å vere omsynsfull.
- Allemannsretten er nedfelt i friluftslova og gjeld i heile Noreg.
Informasjonsvideo om allemannsretten
Friluftslova
Friluftslova kom i 1957 og skal sikre oss rett til å ferdast i naturen. Alle har rett til opphald, som telting, bading og rasting, ferdsel og hausting i utmark. Dette er eit gratis fellesgode som gjeld uavhengig av kven som er grunneigar. Ein viktig føresetnad for allemannsretten er at ein opptrer på ein omsynsfull måte i naturen. Med rettane følgjer det også plikter. Du pliktar å rette deg etter føresegnene i friluftslova, noko som vil seie at du skal opptre omsynsfullt overfor både naturen og folk du møter på.
Innmark og utmark
Allemannsretten gir oss fantastiske moglegheiter til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Og dette har vi full rett til, så lenge vi tek omsyn til grunneigaren, kvarandre, plantar og dyr.
To omgrep er spesielt viktige for å forstå kva allemannsretten er:
Innmark
Enkelt forklart er innmark område som gardsplassar, hustomter, dyrka mark og liknande areal der allmenn ferdsel vil vere til bry for eigaren av grunnen.
Utmark
Utmark kan forklarast som alt som ikkje er innmark. I praksis vil det seie skog, fjell, myr- og kystområde, som utgjer mesteparten av landet. Om eit område er innmark eller utmark, gir seg ikkje alltid sjølv. I mange tilfelle krev det ei skjønnsmessig vurdering.
Dette har du lov til
- å ferdast til fots og på ski i utmark
- å ferdast i båt langs kysten og på innsjøar heile året
- å sykle på stiar og vegar
- å ferdast i strandsona – hugs å ta omsyn til hyttefolk/bebuarar i området
- å bevege deg på dyrka mark på vinteren når marka er frosen eller snødekt
- å plukke bær, blomar, sopp og nøtter (avgrensingar på molter gjeld i Nordland, Troms og Finnmark)
- å telte i to døgn same stad utan løyve frå grunneigaren, minst 150 meter frå hytter/hus
- På høgfjellet kan du telte lenger så lenge du openbert ikkje er til sjenanse for nokon.
- å bade i sjø og vatn
- å tenne bål i vinterhalvåret (15.09.–15.04.)
- Du har lov til å tenne bål også når det er bålforbod, så lenge det openbert ikkje kan byrje å brenne, til dømes dersom det ligg snø der du vil tenne bål, har vore mykje nedbør og er vått i terrenget, eller du tenner eit lite bål i strandkanten (Norsk brannvernforening 2021).
- Same når du brenner bål (også utanom bålforbodet), må du sjølv vurdere faren ved å brenne bål. Er du usikker, la heller vere eller kontakt brannvesenet (Norsk brannvernforening 2021).
- å fiske fritt i sjøen
- Barn under 16 år får gratis fiskekort i ferskvatn (med unntak av vassdrag med laks og sjøaure).
Viktige døme på omsyn og avgrensingar
- Ikkje forstyrr dyr og fugl – vis særleg omsyn i yngletida.
- Musikkanlegg skal ikkje vere støyande og til openberr ulempe for andre.
- Skogplantar og tre skal ikkje skadast.
- Ta med søppel heim – hugs sporlaus ferdsel.
- Svaberg skal ikkje øydeleggjast av bålbrenning eller grilling.
- Vis varsemd og tenk nøye igjennom bruk av open flamme uansett årstid.
- Ta spesielt omsyn ved sykling og riding for å unngå ulemper eller skadar på natur.
- Hugs å lukke grinder slik at dyr på beite ikkje rømmer.
- Hund skal haldast under kontroll slik at ikkje folk, husdyr eller vilt blir skremde eller skadde.
- Hugs sporlaus ferdsel, og tenk over konsekvensane av auka belastning og slitasje på naturen når fleire bruker same område.
Reglar i verneområde
Alle verneområda har eigne verneforskrifter, med reglar om korleis du kan ferdast i og bruke naturen. Reglane kan vere ulike frå område til område, så sjekk alltid kva som gjeld der du skal på tur. Plantelivet i verneområde er som regel freda. Det gjeld òg døde buskar og tre. På nettsidene til Miljødirektoratet kan du klikke deg inn på dei aktuelle verneområda på kartet og lese kva reglar som gjeld:
Meir om allemannsretten
Oppgåver
Tekst
- Gina Wigestrand, Snuitide (2021)
- «Oppgaver om allemannsretten»: Anne Budde Erichsen, NDLA, 2019 (CC BY-SA), omarbeidde av Gina Wigestrand, Snuitide (2022)
Friluftsloven (1957). Lov om friluftslivet (LOV-1957-06-28-16). Henta frå https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1957-06-28-16
Hagberg, T. (2017). Allemannstetten [Foto]. Henta frå https://www.instagram.com/p/BWlFtl5h8O6/
Lund, O. & Askim, K. (2010). Kjenn lovverket – ta vare på allemannsretten. I Blystad, J.T. (red.), Turlederboka (s. 67–83). Oslo. Den Norske Turistforening
Miljødirektoratet (2021). Friluftsliv og allemannsretten. Henta frå https://www.miljodirektoratet.no/for-private/friluftsliv-og-allemannsretten/
Norsk brannvernforening (2021). Respekter bålforbudet. Henta frå https://brannvernforeningen.no/gode-rad/fritid-og-reise/balbrenning/
Norsk Friluftsliv (2021). Hva er allemannsretten? Henta frå https://norskfriluftsliv.no/hva-er-allemannsretten/
Norsk Friluftsliv (2021, 18. juni). Trodde du det var lov å hugge friske trær? Det er det ikke. Henta frå https://norskfriluftsliv.no/trodde-du-det-var-lov-a-hugge-friske-traer-det-er-det-ikke/
Norsk Friluftsliv (2021, 24. juni). Ikke påfør alle i skogen tinnitus [Videoklipp]. Henta frå https://www.youtube.com/watch?v=QsTmDFRsu2g