I naturen bur det både dyr, fuglar og insekt. Nokre er veldig skye, som gaupa. Ho er det få som har sett, medan rype, rev og elg er meir vanlege å sjå. Følgjer du godt med, kan du finne spor etter dyr på bakken eller i snøen. Harespor er vanlege å sjå, men sjølve haren er ikkje alltid like lett å oppdage.
Her kan du lese meir og lære om nokre av dyra vi finn i naturen.
Forslag til konkretisering av kompetansemål er skrevet av Gina Wigestrand, redaktør av Snuitide. Dette er ment som en hjelp til å tydeliggjøre hva kompetansemålene rommer innen de ulike temaene. Lærere står fritt til å bruke disse eller lage sine egne.
Kort om dyr og spor
- I møte med dyr bør vi alltid halde avstand og la dyra vere i fred.
- Ville dyr er som regel redde for menneske og vil helst stikke av.
- Husdyr på beite er ikkje alltid redde – så desse er det best å gå utanom.
- Dyr med ungar kan ønskje å forsvare dei. Flyktar ikkje dyret, er det lurt å gå unna det.
- Spor etter dyr og fuglar kan fortelje mykje om livet i naturen du besøkjer.
- Fotspor er lettast å finne på vinteren. Følgjer du dei, kan du lære om livet til dyra.
- Dyrebæsj kan avsløre dyr i området på sommaren og kan fortelje om kva dyret har ete.
- Spor kan òg vere teikn på kva dyra har gjort, slik som matsøk eller feiing med gevir.
- Hjortedyr feller gevir kvart år. Desse kan vi finne i naturen!
Å møte dyr på tur
Mange synest det høyrast skummelt ut å skulle støyte på større dyr som elg, moskus og bjørn. Andre igjen er ikkje redde i det heile, og tek unødvendige sjansar. Ofte ser vi òg ulykker knytte til tamdyr som kyr på beite. Dette er det best å unngå – ikkje berre med tanke på eigen tryggleik, men òg for å ikkje plage dyra vi møter på tur, anten dei er ville eller tamme.
På generell basis er det beste i møte med dyr – uansett art – å halde avstand, opptre roleg, og la dei vere i fred. I mange tilfelle vil dyra stikke av før du rekk å reagere. Då kan du berre stå roleg og nyte synet til dyret er borte og du kan halde fram på turen. Nokre gonger kan det vere at dyret ikkje har oppdaga deg. Då kan det hjelpe å prate roleg til dyret, slik at det får høve til å oppdage deg og stikke av. Hald avstand og vis respekt, slik at dyret kjenner seg trygt nok til å stikke av garde.
Husdyr som ikkje vik, kan du prøve å gå ein sirkel rundt. Unngå å forstyrre dyr på beite unødig.
Om dyret ikkje stikk av, kan det bety fleire ting. Det har kanskje noko det vil forsvare, slik som ungar i nærleiken. Eller kanskje dyret kjenner seg for trua til å våge å snu ryggen til og stikke. Uansett årsak er det rette å gjere i situasjonen å trekkje seg roleg unna. Du kan gjerne snakke roleg med dyret.
Du må aldri gå mot dyret og oppføre deg truande!
Turfolk til bry
Menneske på tur i skog og mark er ein stor stressfaktor for ville dyr og fuglar. I enkelte landsdelar er presset frå turgåarar såpass heftig at ville artar held seg unna. Det gjeld til dømes villreinen på Hardangervidda. Studiar har vist at viss det passerer fleire enn tretti personar langs ein sti på vidda i løpet av ein dag, så bruker ikkje villreinen dette området. Det er svært viktig å ta omsyn til dei fastbuande i naturen vi besøkjer. Det beste av omsyn til naturen er å halde seg til merkte stiar.
Leveområda til villreinen er under press
Villreinen er svært sky, han lever i flokk og har eit nomadisk levesett. At han både er sårbar for forstyrringar og stadig er på vandring mellom ulike beiteområde, gjer at villreinen òg har behov for store areal. Men villreinen taper stadig i kampen om areala. Kunstige barrierar hindrar villreinen i å bruke dei naturlege trekkrutene sine, og reinen lèt seg lett forstyrre og fortrengje.
Også du som berre er på besøk i villreinfjellet, kan påverke dyra negativt. Vi skal ikkje slutte å bruke fjellet av den grunn, men vi kan ta omsyn, og vi kan leggje til rette.
- Reinen har ein svært godt utvikla luktesans og kan bli var folk på svært lang avstand.
- Blir han først skremd, så spring han gjerne også langt. Flytting stel energi, og tid til beiting går tapt. Særleg uheldig blir det dersom dyra samtidig blir fortrengde frå viktige kalvings- og beiteområde.
- Reinsdyra er ekstra sårbare i tida rundt kalving og treng derfor særleg ro i perioden 15. april–15. juni.
- Studiar viser at villreinen gjerne vik unna eit område dersom trafikken av fotturistar kjem over eit visst nivå. Det betyr at ein mykje brukt tursti kan fungere som ein barriere som dyra ikkje vil krysse.
- Dette betyr likevel ikkje at folk skal slutte å gå i fjellet, men ved å ta ekstra omsyn kan vi bidra til å redusere forstyrringar.
Vis omsyn!
- Følg stiane.
- Stopp dersom du ser reinsdyr, la dyra passere i fred.
- Hald avstand, bruk kikert.
- Dyra har god luktesans, gå derfor i le.
- Unngå å vise deg i silhuett.
- Hugs elles reglar om bandtvang.
Kva gjer villreinen spesiell?
Flokkane av villrein på fjellet i Sør-Noreg er rekna som dei siste bestandane av denne arten i Europa. Vi har derfor eit særleg ansvar for å ta vare på villreinen og leveområda deira. Villreinen er svært sky og sårbar, medan dei naturlege levevisa og leveområda deira er under eit stadig større press.
Langt tilbake i tid fanst det store mengder villrein i heile Fjell-Noreg, og i Sør-Noreg kunne dyra flytte seg rimeleg fritt innanfor store, samanhengande område. Historisk har dei også vore ein viktig ressurs i form av både mat, klede og reiskapar. Den norske villreinen er derfor ein svært viktig del av den felles natur- og kulturarva vår.
Statusen i dag er ein heilt annan. Villreinen taper stadig i kampen om sine naturlege leveområde. Det blir lagt direkte beslag på areal i form av kraft- og hytteutbyggingar, og det blir skapt effektive barrierar i form av veg og jernbane. Når leveområda til villreinen krympar, aukar òg konflikten med ulike former for ferdsel. Ein stadig aukande motorisert ferdsel og ferdsel til fots og på ski gjer at reinsdyra i stadig større grad blir forstyrra og dermed blir fortrengde frå dei naturlege beiteområda, kalvingsplassane og trekkrutene sine.
Det å ta ein liten bit her og ein liten bit der har kanskje ikkje så mykje å seie, men summen av alle inngrepa over mange år er problematisk for villreinen. Denne negative utviklinga har no også medført at villreinen er oppført som nær trua på Norsk raudliste for artar 2021.
Kvifor treng villreinen så mykje plass?
Den norske reinen er tilpassa eit liv i fjellet, utan skogen å gøyme seg i, og med svært marginale levevilkår. Og i motsetning til dei andre hjortedyra våre lever reinsdyra i flokk. Desse kan variere frå grupper på nokre titals til fleire hundre dyr. Truleg er det først og fremst for å forsvare seg mot rovdyr at dei lever i flokk.
Ettersom reinsdyra lever i flokk og matfatet samtidig er svært avgrensa, er det naturleg at dei har behov for store område. Klima, vegetasjon og terreng er avgjerande for tilgangen på mat frå år til år og til ulike årstider. Vår- og sommarbeita finn reinen helst i frodige område der snøen smeltar tidleg og det er tilgang på gras og andre plantevekstar. Vinterstid finn dei gjerne område med lite snø og godt med lav.
Villreinen er på ei stadig vandring mellom desse områda. At dei samtidig er svært skye og lett lèt seg stresse og forstyrre frå beiting, kalving og kvile, gjer berre plassbehovet desto større og dyra ekstra sårbare.
Spesialtilpassa fjellet
Reinsdyra tilhøyrer hjortefamilien og er drøvtyggjarar, slik som sau og storfe. Dei skil seg mellom anna frå dei andre hjortedyra våre ved at begge kjønn har gevir. Også kalvane får gevir det første leveåret.
Reinsdyra er spesielt hardføre og godt tilpassa eit liv i høgfjellet, også om vinteren. Vinterpelsen er ekstremt tjukk og kraftig, og dei toler normalt godt temperaturar ned mot minus 40 grader. Klauvene har ei oval form som gjer at dei fungerer som ei truge, noko som gjer reinsdyra spesielt tilpassa eit liv i snø og på myr. Forma er også godt eigna til å grave fram mat under snøen. Ein spesielt godt utvikla luktesans gjer det mogleg for dyra å leite opp lav under meir enn ein halv meter med snø.
Som andre flokkdyr har dei eit hierarki i flokken, der storleiken, alderen og geviret til reinen seier noko om posisjonen til dyret. Bukkane feller geviret sitt etter brunst og paring på hausten, medan simlene først feller geviret etter kalvinga. Dette regulerer maktforholdet mellom dei, slik at simla er sikra betre tilgang på mat når ho treng det som mest.
I tillegg til villrein og tamrein på fastlandet har vi svalbardreinen. Det er ein eigen (stadeigen) underart, som berre finst på Svalbard. Pelsen er kraftigare, han har ein meir kompakt kropp med kort hals og korte bein, og er i endå større grad tilpassa eit tøft klima. Reinen på Svalbard lever heller ikkje i flokk.
Kvar lever villreinen?
Langt tilbake i tid fanst det villrein i heile Fjell-Noreg, og i Sør-Noreg kunne villreinen flytte seg rimeleg fritt innanfor det som truleg har vore fire store, samanhengande område. Tap av areal og barriereeffektar har likevel ført til ei kraftig splitting og innskrenking av leveområda til villreinen. Som eit resultat av dette er dei norske bestandane av villreinen no delte opp i 24 villreinområde.
Dei grøne og oransje felta på kartet viser dagens 24 villreinområde. Dei gule felta viser kvar det går føre seg tamreindrift i Sør-Noreg. I tillegg er det tamreindrift frå Trøndelag og i resten av landet nordover.
Vill eller tam rein – kva er forskjellen?
Korleis kan du vite om det er villrein eller tamrein du møter på i fjellet? Av utsjånad er dei rimeleg like. Ein del av villreinen har også heilt eller delvis opphav frå tamrein. Det enklaste er nok å vurdere ut frå kartet: Er du i eit villreinområde, så er det villrein, og er du i eit tamreinområde, så er det tamrein. Men så kan det vere at desse grensene ikkje verkar like tydelege for dyra.
Tamreinen er eit såkalla semidomestisert (halvtamt) dyr, som får jamleg oppsyn, som blir flytta mellom ulike beite, og som kan få tilgang på fôr i situasjonar med matmangel. Tamreinen lever likevel eit nokså vilt liv samanlikna med andre produksjonsdyr, sjølv om han normalt ikkje er like sky som villreinen. Dette er uansett dyr som òg er vare for forstyrringar. Ein grei regel kan derfor vere å ta omsyn til rein som om alle er av den ville sorten.
Les meir om villrein på villrein.no.
Tekst “Villrein og ferdsel”: Ingeborg Wessel Finstad, DNT (2022)
Husdyr på beite
I Noreg blir det drive med utstrekt utmarksbeite til både glede og bry for friluftsfolk. Dei fleste synest det er eit idyllisk og vakkert syn når dei ser sauene beite i fjellet. Beitedyra kan òg skape utfordringar, spesielt for friluftsfolk med hund, og enkelte dyr kan bli såpass menneskekjære at dei nærmast inviterer seg inn i teltet. Husdyr på beite kan òg forureine små bekker, noko det er lurt å vere merksam på når vi er på tur i område med mykje husdyr på beite. Har du hund med på tur, kan spesielt sau med lam bli nærgåande og aggressive. Då hjelper det lite at hunden er i band. Det beste er å unngå situasjonen og halde avstand frå beitedyr. Viss hunden din skader ein sau som angrip han, risikerer du å få krav om at hunden blir avliva – og at du må betale erstatning for eventuelle skadar på sauen. Går du på tur med hund, kan det derfor vere lurt å halde seg unna husdyr på beite.
Er du mykje på tur, finn du til tider død sau på beite. Det kan vere sauer som har blitt sjuke, som har drukna, brekt eit bein, ete giftige plantar – eller som er blitt drepne av rovdyr. Lista over moglege dødsårsaker er lang, og det kan ta tid for bonden å oppdage at sauer har døydd på beitet. Når vi finn slikt, er det lurt å melde frå.
Vi kan sjekke øyremerket til dyret. Her kan det vere opplysningar om eigar og telefonnummer. Ved ein del innfartsårer i fjellet finn vi ofte oppslag med kontaktinfo til dei som har beitedyr i området. Ta eit bilete med telefonen, så har du kontaktinfoen i bakhand. Har du ingen kontaktinformasjon, kan kommunen hjelpe til med å finne eigaren. Viss du er langt frå eit område med dekning, er det lurt å dokumentere funnet godt med bilete av både dyr og merkelappar på det, og registrere koordinatane for funnstaden, slik at du kan varsle når du kjem tilbake til sivilisasjonen.
Presentasjon av nokre dyr i norsk natur
Her kan du lære litt om nokre av dei norske dyra som finst i skog og mark. Nokre av dei ser vi ofte – andre møter vi nesten aldri.
Klikk på biletet for å lære meir om dyret.
Spor etter dyr og fuglar
Å lære seg alle spor som er å finne i naturen, tek lang tid og er eit stort emne. Her kan du lære det heilt grunnleggjande, men den beste læremeisteren er sjølvsagt naturen sjølv! Så kom deg ut i skogen og leit etter spor og sporteikn!
Det er ikkje så lett å få auge på ville dyr og fuglar som helst vil halde seg unna oss menneske. Men dyra set igjen mange ulike spor og sporteikn som vi kan tyde. Å spore dyr er ein veldig spennande og lærerik aktivitet i naturen. Blir vi skikkeleg gode til å spore, vil vi kunne lese naturen som ei open bok.
Fotspor
Korleis går dyra?
Når dyr og fuglar går på bakken, kan dei etterlate seg fotspor. Hos pattedyra kan vi grovt sett skilje mellom klauvdyr og dyr med potar. Klauvdyra er dyr som elg, rådyr, sau eller moskus. Dei lèt etter seg spor etter to store klauver framme. Nokre gonger ser vi òg spor etter klauvene bak, som heiter biklauver. Klauvdyr går på tåspissane for å vere ekstra raske til beins. Dyr som går slik, blir kalla tåspissgjengarar (sjå figur 1). Dyr med potar viser spor etter desse. Viss dyret trør ned med heile fotsolen, blir det kalla ein solegjengar (figur 2). Spora etter desse visene som regel hælen òg. Bjørnen er ein typisk solegjengar. Dyr som rev, gaupe og ulv trør ned berre med fronten av foten, og blir derfor kalla tågjengarar (figur 3).
Fotavtrykket
Ulike dyr har altså ulike typar føter – frå dei breie og kraftige føtene til solegjengaren til dei spisse klauvene til tåspissgjengaren. Dermed blir spora sjåande ulike ut.
Det er lurt å vite forskjellen mellom dei ulike typane dyreføter for å kunne snevre seg inn mot rett art når du finn eit spor i naturen.
Fuglespor
Enkelte fuglar bruker mykje tid på bakken. Det gjeld typisk vadefuglar og hønsefuglar. Men også andre fuglar landar innimellom og kan setje igjen spor etter seg. Fuglefoten har som oftast tre tær i front og éi bakre tå. Ender og gjæser har også symjehud som er mogleg å sjå i fotsporet. Det kan vere svært vanskeleg eller umogleg å skilje frå kvarandre fotspora til ein del fuglar.
Når vi ser på spor, må vi sjå på samanhengen i naturen der vi er. Då kan vi som oftast snevre oss inn mot rett art.
Til høgre ser du eit fotspor etter ei kongeørn. Dette blei funne ved eit kadaver etter hjort, og kongeørna er ein typisk åtseletar. Det er også kjent at det finst ein fast førekomst av kongeørn der sporet blei funne. Lokasjonen slått saman med storleiken på sporet gir altså grunnlag for ei artsbestemming i dette tilfellet.
Mange gonger er spora vi finn, berre synlege som groper i snøen – anten fordi sporet har snødd igjen, eller fordi det har smelta heilt ut. Då kan det vere nyttig å kjenne til korleis dyr plar bevege seg, og tenkje over kor lange steg dyret tek. Dette kan seie noko om storleiken og farten til dyret. Skrevinga, altså breidda på heile sporløypa, seier òg noko om kor stort dyret er.
Ofte må vi følgje spora ei god stund før vi kan seie sikkert kva vi har framfor oss.
Når dyra et, kjem maten ut i andre enden. Dyrebæsj er lett å finne, og kan enkelt avsløre kven som har vore i området, sjølv om du ikkje kan sjå fotspor – slik som på sommaren.
Planteetarar har gjerne mange, kuleforma eller ovale bæsjar. Berre tenk på elgbæsj eller harebæsj. Nokre gonger er desse dyra lause i magen, men du kan som regel skimte det som hadde vore kulene, då òg.
Rovdyrbæsj er som regel pølseforma og inneheld ofte hår, bein og andre matrestar.
Alle dyr må ete, anten det er plantar, bær eller andre dyr. Spora etter at dyra har ete, kan vi ofte finne i naturen. Vi skal til dømes ikkje gå langt for å finne spor etter ekorngnaging på kongler eller spor etter at hjortedyr har ete på ungtre. Då er det meir sjeldan å snuble over dyr som har blitt drepne av rovdyr.
Dyr et ulike ting – og det er dermed lurt å kjenne litt til kosthaldet til dyr og fuglar i naturen. Då blir det lettare å forstå kven som har vore på ferde og laga spor!
Dyr kan leggje igjen spor på mange fleire måtar. Hjortedyra kan lage tydelege spor når dei feiar med gevira sine på tre og buskar. Gevira blir felte ein gong i året og kan òg finnast av turgåarar. Mange dyr og fuglar lagar hi eller byggjer reir. Felles for dei alle er at med meir kunnskap om dyra blir det lettare å tyde spora du snublar over.
Lær meir om dyrespor
Video om spor og sporteikn etter vanlege artar på barmark:
- Dyrespor og kunsten å spore – bok om dyrespor
- Feltguiden SPOR - ei feltgiude som tar føre seg dei vanlegaste dyra i nord og deira spor og sporteikn. Fin til bruk på tur, men òg i undervisningssamanheng.
Denne boka er den mest omfattande boka om spor og sporing som er produsert til dags dato. Ho er tilgjengeleg som nettutgåve her.
Oppgåver
- Nemn nokre dyr du finn i naturen.
- Kva kjenneteiknar desse dyra?
- Korleis bør vi ta omsyn til dyr og fuglar når vi går på tur?
- Kvifor er villreinen så sårbar, og kvifor bør vi ta spesielt omsyn til dette dyret?
Tekst
Bjørn Henrik Stavdal Johansen, Snuitide (2022)
«Villrein og ferdsel»: Ingeborg Wessel Finstad, DNT (2022)
Aronsen & Eriksson (1992) Dyrespor og kunsten å spore. Cappelen Damm
Artsdatabanken (u.å.). Kunnskapsbank for naturmangfold. www.artsdatabanken.no
Besøksenter rovdyr (u.å.). Fakta om rovdyr. https://rovdyrsenter.no/fakta-om-rovdyr/
Bevanger, K. (2012). Norske Rovdyr. Cappelen Damm
Hjeljord, O. (2008). Viltet – biologi og forvaltning. Tun Forlag
Hjortevilt. (u.å.). Alt om elg, hjort, villrein og rådyr. www.hjorteviltportalen.no
Johansen, B.H.S. (2022, 10. mars). SPOR DER DU BOR – på tur med Naturveilederen. [Videoklipp]. Henta frå: https://www.youtube.com/watch?v=-fgbRQaiBCc
Johansen, B.H.S. (2022, 10. mars). Spor og sportegn etter vanlige arter! [Videoklipp]. Henta frå: https://www.youtube.com/watch?v=e-BqMbpeXuQ
Reimers, E. (2017). Vårt hjortevilt – en bok til undring, glede og kunnskap
Rovdata (u.å.). Nasjonal leverandør av bestandstall. www.rovdata.no