Logo

Nynorsk

Om snuitide

Kontakt oss på hei@snuitide.no

Snu i tide
Snu i tide
/
📚
Innhald – nynorsk
/
⛰️
Naturområde i Noreg (nynorsk)
Naturområde i Noreg (nynorsk)
⛰️

Naturområde i Noreg (nynorsk)

Stadig meir av Noreg blir bygd ned, og dei urørte områda krympar. Heldigvis er det enno mange fine stader i heile landet. I Finnmark kan du gå i dagevis utan å sjå anna enn eit reinsdyr her og der, og på Helgelandskysten kan du padle til tusen øyar, minst! Er du av typen som liker det bratt og luftig, er det nok av spisse tindar både i Jotunheimen og i Lofoten. Men først og fremst bør du nyte dei lokale turperlene rett ved der du bur.

‣
Innhald
  • Turområde i Noreg
  • Verna natur
  • Nasjonalparkar
  • Landskapsvernområde
  • Naturreservat
  • Marine verneområde
  • Anna vern
  • Ferdsel i verneområde
  • På tur i verneområda
  • Ferdselsforbod
‣
Kompetansemål

Forslag til konkretisering av kompetansemål er skrevet av Gina Wigestrand, redaktør av Snuitide. Dette er ment som en hjelp til å tydeliggjøre hva kompetansemålene rommer innen de ulike temaene. Lærere står fritt til å bruke disse eller lage sine egne.

Kompetansemål med forslag til konkretiseringer - naturområder

Friluftsliv 1
Gjennomføre sikker ferdsel og praktisere et friluftsliv som tar hensyn til naturen
Gjennomføre sikker ferdsel og praktisere et friluftsliv som tar hensyn til naturen

- Kjenne til ulike typer vern av natur. - Kunne ferdes hensynsfullt i naturen.

Friluftsliv 1
Utforske og gjennomføre aktiviteter og turer i nærmiljøet til ulike årstider
Utforske og gjennomføre aktiviteter og turer i nærmiljøet til ulike årstider

- Kjenne til sårbar natur. - Kjenne til ulike turområder i Norge.

Friluftsliv 1
Friluftsliv 2
Utøve og reflektere over bærekraftig ferdsel i naturen
Utøve og reflektere over bærekraftig ferdsel i naturen

- Kjenne til ulike typer vern av natur og regler i vernet natur. - Kunne ferdes hensynsfullt i naturen.

Friluftsliv 2
planlegge og gjennomføre aktiviteter og turer i nærmiljøet selvstendig og i fellesskap
planlegge og gjennomføre aktiviteter og turer i nærmiljøet selvstendig og i fellesskap

- Vite hva som kjennetegner sårbar natur. - Kjenne til ulike turområder i Norge.

Friluftsliv 2

Turområde i Noreg

På ut.no finn du ei god oversikt over ulike turområde i Noreg.

Verna natur

Natur kan vernast ut frå ulike formål. Dei fire viktigaste verneformene er nasjonalpark, landskapsvern, naturreservat og marine verneområde. Det finst òg nokre spesielle og sjeldne verneformer som oftast blir samla i ei eiga gruppe for «anna vern».

Den første lova om naturfreding i Noreg blei vedteken i 1910. Ho blei avløyst av ei ny lov i 1954. Dei fleste vernevedtak er gjorde etter naturvernlova av 1970. I dag blir det oppretta verneområde etter naturmangfaldlova, som kom i 2009.

Nasjonalparkar

Nasjonalparkar er store naturområde med særeigne eller representative økosystem. Dei kan òg vere landskap utan tyngre naturinngrep. Dei store verneområda sikrar at samspelet i naturen ikkje blir forstyrra, og dei er ein viktig del av arbeidet med å hindre at plantar og dyr blir utrydda.

Oversikt over nasjonalparkane i Noreg

Landskapsvernområde

Landskapsvernområde er natur- eller kulturlandskap med stor økologisk, kulturell eller opplevingsmessig verdi. Til landskapet reknar vi òg kulturminne som bidreg til eigenarten i landskapet. Verneforma blir ofte brukt for å ta vare på kulturlandskap i aktiv bruk.

Å bevare landskapsbiletet og landskapsopplevinga er ei sentral målsetjing når ein opprettar landskapsvernområde. I nokre landskapsvernområde er også visse delar av dyre- eller plantelivet verna.

Naturreservat

Naturreservat er den strengaste forma for områdevern etter naturmangfaldlova. Naturreservat er område som inneheld trua, sjeldan eller sårbar natur, representerer ein bestemt naturtype, speler ei særleg rolle for biologisk mangfald, utgjer ein spesiell geologisk førekomst eller har særskild naturvitskapleg verdi.

Marine verneområde

Marine verneområde blir oppretta for å verne marine verneverdiar, eller slike verdiar som er økologiske vilkår for artar som lever på land. Kriteria for å opprette marine verneområde er felles med kriteria for naturreservat.

I tillegg kan ein opprette marine verneområde for å bevare særeigne eller representative økosystem utan tyngre naturinngrep. Dei kan òg bli oppretta for å bevare økologiske funksjonsområde for éin eller fleire artar. Verneformålet kan gjelde anten sjøbotnen, vassøyla eller overflata, eller ein kombinasjon av desse.

Meir om marint vern

Anna vern

Mange verneområde er oppretta for å verne leveområdet til bestemte dyreartar eller plantar. Då blir arealet ofte rekna for å vere eit økologisk funksjonsområde for éin eller fleire artar.

Nokre døme på slike funksjonsområde er gyteområde, oppvekstområde, vandrings- og trekkruter, beiteområde, hiområde, myte- eller hårfellingsområde, spele- eller paringsområde og yngleområde. Slike verneområde blir kalla biotopvernområde.

I tidlegare lovverk blei det brukt endå fleire verneformer, som naturminne, fleire typar biotopvern og artsfredingar. Ved eventuelle revisjonar av verneforskriftene vil dei bli vedtekne etter naturmangfaldlova og tilpassa verneformer som gjeld i dag.

Ferdsel i verneområde

Alle verneområda har eigne verneforskrifter, med reglar om korleis du kan ferdast i og bruke naturen. Reglane kan vere ulike frå område til område, så sjekk alltid kva som gjeld der du skal på tur. Plantelivet i verneområde er som regel freda. Det gjeld òg døde buskar og tre. På nettsidene til Miljødirektoratet kan du klikke deg inn på dei aktuelle verneområda på kartet og lese kva reglar som gjeld:

Oversikt over ferdselsreglar i verneområde. Grafikk: Miljødirektoratet

Hugs òg at allemannsretten og reglane i friluftslova gjeld i all utmark (også den som er verna).

På tur i verneområda

På Norgesnasjonalparker.no finn du dei viktigaste temaa du bør sjekke ut før ein tur.

I verneområde, som i andre utmarksområde, kan du i utgangspunktet ferdast fritt både sommar og vinter. I nokre verneområde er det spesielle ferdselsavgrensingar for å unngå at dyrelivet blir forstyrra når det er på sitt mest sårbare. Dette er typisk i hekke- og yngletida på vår og sommar.

Fri ferdsel gjeld også på sjø, innsjøar og elvar.

‣
Meir om kva du må ta omsyn til på tur i verneområde

image

Bålbrenning

I nokre verneområde kan det vere forbode å brenne bål utover det generelle bålforbodet etter friluftslova frå 15. april til 15. september.

Dette kjem av at landskapet og vegetasjonen er verna mot øydelegging. Bålbrenning set spor i underlaget og kan til dømes skade vegetasjonen eller føre til at svaberg og fjell sprekk opp.

Sanking av tre og greiner

I dei fleste verneområde er plantelivet verna. Det kan derfor vere forbode å kappe og knekke tre og greiner til ved, bygging av gapahuk eller andre formål. Dette gjeld både friske og døde tre og buskar.

Døde greiner og tre er leveområde for mange sjeldne insekt og sopp og er ofte ein viktig grunn til at området er verna. Til bålet kan du ta med eigen ved og plukke mindre kvistar frå bakken.

Forstyrring av dyrelivet

I dei fleste verneområde er dyrelivet freda mot øydelegging og forstyrringar. Dette gjeld anten området har eit spesifikt ferdselsforbod eller ikkje.

Våren og sommaren er hekke- eller yngletid for mange artar. I denne perioden er dei særleg sårbare for forstyrringar, og vi må vise ekstra omsyn.

For nokre artar er ro i denne perioden så viktig at det er innført eit ferdselsforbod i leveområdet deira. Det betyr at det i denne perioden ikkje er lov å ferdast i dette området. Verneforskrifta angir om det er eit ferdselsforbod i området eller ikkje.

image

Hund

I nokre verneområde kan det vere utvida bandtvang utover den ordinære bandtvangen frå 1. april til og med 20. august. Det kan vere i heile eller delar av året.

Årsaka til dette er fare for forstyrring av dyrelivet, til dømes i kalvingstida for villrein eller fordi området er eit viktig leveområde for fugl i heile eller delar av året.

image

Sykkel

Å sykle i verneområde er berre tillate på enkelte stiar og vegar. Bruk av elsykkel blir rekna som motorferdsel i verneområde og er ikkje tillate.

image

Telting

I nokre verneområde er det forbod mot telting i heile eller delar av området. Telting og aktivitet rundt leirplass kan, sjølv i lite omfang, skade vegetasjon som er særleg sårbar for slitasje, og kan gjere stor skade på plantelivet.

På denne måten unngår vi at vi øydelegg sjeldne og trua planteartar.

Dronar

I ein del av verneområda våre er all droneflyging forbode. I resten av verneområda kan droneflyging vere forbode avhengig av tid og bruk. Dette kjem av at dronane kan forstyrre dyrelivet og andre som ferdast i verneområdet.

Det er viktig å sjekke kva som gjeld i akkurat det området du ferdast i.

Kulturminne

I verneområda er også kulturminne verna mot øydelegging. Dette gjeld automatisk freda kulturminne i tråd med kulturminnelova (som er kulturminne frå før år 1537 og samiske kulturminne eldre enn 100 år).

I tillegg kan kulturminne frå nyare tid som viser til den historiske bruken av verneområdet, vere verna. Vis omsyn og ikkje flytt på eller ta med deg lause kulturminne, som til dømes vardar eller kvernsteinar.

Motorisert ferdsel

Motorferdsel er forbode i dei aller fleste av verneområda våre. Dette gjeld alle typar køyretøy med motor, inkludert elsykkel.

I verneområde ved sjøen kan det vere tillate å bruke motorbåt og/eller vass-skuter, men sjekk alltid kva reglar som gjeld dit du skal.

image

Sopp, bær og plantar

I mange verneområde er alle plantar verna, men det er framleis tillate å plukke bær og etande sopp til eigen bruk.

Ferdselsforbod

Enkelte område som er verna, har ferdselsforbod heile eller deler av året. Sjekk kva stader det gjeld:

Ferdselsforbud i verneområder. Grafikk: Miljødirektoratet

Tekst

Miljødirektoratet (2022). “Norges verneområder” og “Ferdsel i verneområder”, omarbeidd av Gina Wigestrand

‣
Kjelder

Miljødirektoratet (2019, 12. februar). Norges verneområder. https://www.miljodirektoratet.no/ansvarsomrader/vernet-natur/norges-verneomrader/

Miljødirektoratet (u.å.). Ferdsel i verneområder. Henta 5. april 2022 frå https://www.norgesnasjonalparker.no/ferdsel/