Det vi er glade i, tek vi vare på. Saman med POW Noreg har DNT ung utarbeidd sju enkle miljøvettreglar for eit meir sporlaust friluftsliv.
Visste du at …
- … transport står for rundt ein tredel av det samla energiforbruket i friluftslivet?
- … nordmenn er på verdstoppen når det gjeld pengebruk på sports– og friluftsutstyr?
- … friluftsliv er den fritidsaktiviteten som bruker mest energi nest etter feriereiser og besøk av slekt og venner?
#1 Reis mindre, opplev meir
Jo kortare du reiser, jo meir tid får du til sjølve turen. Finn ut kva turområde du har i nærleiken, og bruk dei. Då blir det enklare å planleggje og gjennomføre turar, og tida du sparer på reisa, kan du bruke på å oppleve, nyte og utforske naturen. Og når du først reiser, reis miljøvennleg.
#2 Sats på opplevingar, ikkje utstyr
Turutstyr treng ikkje vere nytt for å gjere nytta si. Kjøp brukt, lån av venner, og ta godt vare på det utstyret du har, så det held år etter år. Fyll sportsbua med gode minne, ikkje fancy utstyr. La utstyret vere eit verkemiddel for gode opplevingar, men hugs at utsikta ikkje blir betre med årets modell av skaljakka. Kjøper du mindre, og brukt, sparer du både miljøet og lommeboka.
#3 Fiks alt, alltid
Gjer gaffateip, ståltråd og lommekniv til fast inventar i tursekken. Det meste kan fiksast, og det finst reservedelar til både utstyr og klede. Ta kontakt med produsenten, så kan det til og med hende dei hjelper deg heilt gratis. Tek du vare på jakka di lenge nok, er ho retro før du veit ordet av det.
#4 Et grønt
Det er viktig å få i seg nok næring på tur. Å ete grønt er bra for både miljøet og helsa. Reduser kjøtinntaket, og bidra til å minske klimagassutslepp, til å frigjere jordbruksareal og avgrense avskoging og til ein meir dyrevennleg kjøttproduksjon. Hugs naturen sitt eige spiskammers når du er på tur. Det er lite som smakar betre enn sjølvfiska fisk på bålet.
#5 Samkøyring er bra køyring
Viss du må reise langt for å komme deg på tur, så bruk god tid på planlegginga av turen. Finn den mest miljøvennlege reisemetoden, anten det er samkøyring eller kollektivtransport. Viss du arrangerer ein tur, lag ein plan for korleis folk kan reise saman.
#6 Ver rusta mot uventa søppel
Å ha hovudet med seg på tur er viktig, også når det gjeld kva du lèt etter deg. Til dømes tek det rundt 450 år før ei plastflaske som ligg ute, blir broten ned. Ta med ein ekstra pose, eller hald av ei lomme i sekken berre til søppel. Ingen liker søppelføre på ski, og eit bananskal i sykkelstien kan øydeleggje ein elles fin dag. La det einaste du legg igjen, vere spor i snøen.
#7 Vis veg, ver eit klimaførebilete
Ver ein del av klimaløysinga, ikkje problemet! Ha respekt for naturen og dei moglegheitene han gir oss. Gå føre og vis dei rundt deg kor enkelt det er å gjere kvardagen og turlivet meir miljøvennleg. Då vil også kommande generasjonar ha moglegheita til å nyte den same naturen, anten det er ved å setje svingar i djup puddersnø eller ved å gå solfylte søndagsturar.
Tekst og bilete: DNT