Å kunne fyre bål er ein viktig eigenskap i friluftslivet. På tur er bålet ofte ein viktig faktor for den gode stemninga. Det er sosialt og hyggjeleg å samlast rundt bålet. Bålet gir varme og lys og er eit naturleg samlingspunkt. I tillegg er bålet fint til å tørke vått tøy og lage mat på.
Med gode førebuingar, litt øving og tørr ved går det ganske greitt å få fyr på bålet. Hugs å sjekke kva reglar som gjeld for bålbrenning der du skal på tur.
Bålbrenning
Finn ved og ein eigna bålplass (nynorsk)Båltypar (nynorsk)Mat på bål (nynorsk)Kort om bål
- For å få fyr treng du
- brennbart materiale – ved
- oksygen
- ei varmekjelde – fyrstikker eller liknande
- Nevar og småkvist er bra for å få fyr på bålet.
- Legg på større og større vedkubbar etter kvart.
- Hugs bålforbodet frå 15. april til 15. september.
- Bålet skal alltid sløkkjast skikkeleg før du går frå det.
- Bruk tilrettelagde bålplassar om det finst.
- Om du lagar din eigen bålplass, rydd denne vekk etter bruk.
- Det er ikkje lov å fyre bål på svaberg.
- Det er ikkje lov å hogge ned levande tre og greiner.
- Samle kvistar frå bakken, eller tørre kvistar nedst på tre.
Kva må til for å få fyr?
Før du i det heile kan tenkje på å fyre opp eit bål, må du kunne naturlovene som gjer det mogleg å fyre opp eit bål. Lovene er enkle, og kan verke litt opplagde – men er likevel viktige å ha i bakhovudet når du skal fyre opp eit vellykka bål.
- Brennbart materiale. Dette er kanskje den mest opplagde av dei tre lovene, men også heilt essensielt. Du treng brennbart materiale for å få til eit bål. Det som er viktig å tenkje på her, er at du berre bruker tørr ved til bålet. Våt og fersk ved brenn ikkje skikkeleg før vatnet er fordampa, og gir røykfulle, dårlege bål. Ròten ved er som regel òg fuktig, derfor bør du unngå slik ved. Du merkar at du har lagt på noko som er for vått, om du ser ei kraftig røykutvikling frå enkelte kubbar.
- Oksygen. Elden treng oksygen for å kunne brenne. Dette er noko mange uerfarne turfolk gløymer når dei stablar bålet sitt. Slit du med opptenninga, er det ofte dette som er problemet. Hugs å stable veden lett og luftig slik at luft kan komme godt til alle vegar.
- Varmekjelde. Det siste punktet er ganske opplagt – men du treng altså varme for å få fyr på bålet (fyrstikk, lighter eller liknande). Du treng òg varme for at bålet skal halde fram med å leve. Når du stablar bålet, skal du altså tenkje over at det kjem nok luft til, men òg at bålet er tett nok til at dei brennande vedstykka slyngjer varme mellom seg og bidreg til å halde elden ved lag.
Tips for å få fyr på bålet
- Tørr never (helst av bjørk) er heilt topp for å få fyr på bålet.
- Hugs å mate med tørr småkvist og små fliser frå vedkubbar. Tørr småkvist finn du nedst på grantre og furutre, og dei knekk rett av.
- Vi startar med fliser og småved og legg på grovare ved etter kvart som vi får fyr.
- Hugs at det må oksygen til for at noko skal brenne. Ikkje legg på veden så tett at det ikkje kjem til luft.
- Ha ved klar før du fyrer opp, slik at du er klar til å mate bålet etter kvart som det tek fyr.
- Eit godt tips er å ha ein vasstett pose med fyrstikker eller lighter og noko tørt å fyre opp med i sekken.
- Tampongtrikset: Eit effektivt triks som gjer det lettare å få fyr, er å rufse opp ein tampong og leggje han i bålet. Dette fungerer òg godt ved bruk av tennstål.
- Eit anna godt tips er å ta vare på stumpar av stearinlys og bruke desse saman med anna opptenningsmateriale for lettare å få fyr på bålet.
- Opptenningsbrikettar er òg moglege å ta med seg for å få lettare fyr.
Trygg bålbrenning
Ta omsyn til skogbrannfare og vindforhold.
- Det er alltid den som brenner bål, som har ansvaret for branntryggleiken.
- Det bør vere ein vaksen til stades som er ansvarleg for bålet.
- Bålet må vere i god avstand frå busetnad og vegetasjon.
- Det er ikkje lov å brenne bål på svaberg.
- Bålet må ikkje vere større enn at du har kontroll på det og kan sløkkje ved behov.
- Ha eigna sløkkjemiddel lett tilgjengeleg.
- Det er forbode å brenne plast, bygningsmateriale og anna søppel.
- Når du forlèt bålplassen, skal bålet vere heilt sløkt.
(Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, 2019)
Når kan vi fyre bål?
Hugs på at det kan vere fare for skog- eller grasbrann også før 15. april og etter 15. september. Nokre stader finst godkjende bålplassar der du kan fyre bål heile året så sant det ikkje er innført eit absolutt bålforbod på grunn av tørke. I naturreservat og nasjonalparkar kan det vere eigne reglar for bålfyring.
Meir om temaet
Oppgåver
Oppgåver om bålTekst
- Ragnhild Kjeldsen, Cathrine Dunker Furuly og Bjørn Erik Rolseth, NDLA (2019) (CC BY-SA), omarbeidd av Gina Wigestrand
- «Hva må til for å få fyr»: Bjørn Henrik Stavdal Johansen, Snuitide (2022)
- «Mat på bål»: Hilde Grøtte, Snuitide (2022)