Logo

Nynorsk

Om snuitide

Kontakt oss på hei@snuitide.no

Snu i tide
Snu i tide
/
📚
Innhald – nynorsk
/
😴
Overnatting (nynorsk)
/
☂️
Presenning/tarp (nynorsk)
Presenning/tarp  (nynorsk)
☂️

Presenning/tarp (nynorsk)

Innhald

  • Korleis sove under presenning?
  • Gapahuk
  • For å byggje ein gapahuk treng du
  • Oppskrift på ein enkel gapahuk
  • Oppskrift på gapahuk med granbar

Med presenning kan vi lage vårt eige telt. Mange bruker nemninga tarp, som er det engelske ordet for presenning. Det er lettast å overnatte i ein skog eller ein stad der det er tre, men det er òg mogleg å bruke vandrestavar som teltstenger (sjå bilete).

Både lette og tyngre presenningar fungerer godt. Plastpresenningar som du til dømes får kjøpt på Biltema, er billigare enn dei tynne presenningane som blir selde under nemninga tarp. Plastpresenningane er ofte tyngre og tek meir plass enn tynne presenningar av tøy. Haldbarheita er god på begge, så sant dei blir godt bardunerte.

Ein del vindsekker og jervenduk kan òg slåast opp som ein presenning.

Presenning som er sett opp som eit telt med bruk av vandrestavar.
Foto: Gina Wigestrand
Presenning som er sett opp som eit telt med bruk av vandrestavar. Foto: Gina Wigestrand

Du treng: tarp eller presenning, tau eller bardunar, teltpluggar, liggjeunderlag og sovepose.

Korleis sove under presenning?

Norges speiderforbund, 2016, https://www.youtube.com/watch?v=Uu4cOAYyCbU&list=PL6ksnt69zt7NW6DMeDwX_EiB9ArlFWKJ9&index=3
Presenning slått opp som eit saltak.
Foto: Gina Wigestrand
Presenning slått opp som eit saltak. Foto: Gina Wigestrand

Det enklaste oppsettet med presenning er å lage eit tak som går ned på begge sider. Strekk opp presenningen på midten og bind fast eit tau eller ein bardun i presenningen på kvar side. Fest så taua i eit tre. Deretter strekkjer du ut dei fire hjørna. Hugs å ha tau i hjørna òg, før du festar taua i bakken med teltpluggar, pinnar eller røter på bakken.

Det er òg mogleg å lage ein enkel gapahuk av berre presenning, eller som her, ein utslått jervenduk. Duken er festa til trea i dei øvste hjørna og til bakken i dei nedste hjørna. Hugs å leggje opninga i le for vind og regn. Ver òg obs på stort vindfang, ei slik løysing toler ikkje sterk vind.

Jervenduk brukt som gapahuk.
Foto: Gina Wigestrand
Jervenduk brukt som gapahuk. Foto: Gina Wigestrand

Gapahuk

Gapahuk er ein tradisjonell måte å overnatte i naturen på. Namnet har han fått fordi opninga utgjer eit gap – ut mot bålet (Miljøagentene, u.å.). Gapahuken består typisk berre av eit skrått tak ein kan liggje under, anten laga av bar og kvist eller aller helst ein oppspend presenning. Tradisjonelt blei gapahukar bygde med stokkar og fletta granbar. Dette er vanskeleg å få tett og ikkje så miljøvennleg, derfor bruker vi stort sett presenning i dag. Framfor gapahuken er det vanleg å ha eit bål.

Gapahuken spenner vi opp mellom to tre, eller andre høge punkt vi får feste i, og så strekkjer vi han skrått bakover mot bakken slik at vi får eit skråtak vi kan liggje under. Det er lurt å tenkje over at det skal vere plass til alle i turfølgjet og bagasjen deira under taket. Bakken bør vere relativt flat med tanke på liggjekomfort.

Skal du ha bål framfor huken, fungerer han best når han har rundt 45 graders helling. Dette bidreg til at varmen slepper inn i huken, og huken fungerer som ein reflektor som slyngjer varmen tilbake i ryggen din.

Enkel gapahuk, laga av presenning.
Foto: Gina Wigestrand
Enkel gapahuk, laga av presenning. Foto: Gina Wigestrand

Når vi byggjer gapahuken, er det lurt å byggje han slik at han vender mot ein reflektor (ein stor stein, fjellvegg eller liknande som bålet kan byggjast mot), og helst med den dominante vindretninga i ryggen.

Reflektoren bidreg med å slyngje varme inn i gapahuken, i staden for at varmen berre forsvinn ut i lufta. Manglar du ein reflektor, går det an å byggje ein av stokkar.

Illustrasjon av gapahuk med reflektor.
Illustrasjon: Bjørn Henrik Stavdal Johansen
Illustrasjon av gapahuk med reflektor. Illustrasjon: Bjørn Henrik Stavdal Johansen
Ein gapahuk kan òg byggjast heilt enkelt, ved at vi spenner opp ein presenning mellom trea.
Foto: Espen Mills.
Ein gapahuk kan òg byggjast heilt enkelt, ved at vi spenner opp ein presenning mellom trea. Foto: Espen Mills.

For å byggje ein gapahuk treng du

  • presenning på 4 x 5 meter (eller granbar)
  • stokkar
  • øks/sag/kniv
  • tau (200 m)
  • eventuelt granbar til sideveggar

Oppskrift på ein enkel gapahuk

  1. Finn to tre eller to stokkar som er solide. Desse skal stå eit par meter frå kvarandre (avstanden varierer ut frå kor mange gapahuken skal ha plass til).
  2. Figur 1: Finn to tre eller to stokkar som kan vere standarar. Desse vil bere mykje av vekta til huken og må vere sterke. 
Illustrasjon: Bjørn Henrik Stavdal Johansen
    Figur 1: Finn to tre eller to stokkar som kan vere standarar. Desse vil bere mykje av vekta til huken og må vere sterke. Illustrasjon: Bjørn Henrik Stavdal Johansen
  3. Surr ein kraftig stokk godt fast mellom trea. Denne stokken blir tverrliggjaren. Fest stokken ca. ein meter over bakken (Miljøagentene, u.å.).
    1. Videoar som viser surringar
    2. Figur 2: Bind opp ein tverrbjelke til standarane. Han må tole litt vekt, sidan ein del av vekta vil liggje midt på denne.
Illustrasjon: Bjørn Henrik Stavdal Johansen
      Figur 2: Bind opp ein tverrbjelke til standarane. Han må tole litt vekt, sidan ein del av vekta vil liggje midt på denne. Illustrasjon: Bjørn Henrik Stavdal Johansen
  4. Etterpå legg du lange stokkar frå tverrliggjaren og ned på bakken, slik at dei dannar eit skrått tak. Surr desse fast i tverrliggjaren.

Figur 3: Tjor takbjelkane til tverrbjelken. Bjelkane på sidene skal òg tjorast i standarane for å avlaste vekt frå tverrbjelken.
Illustrasjon: Bjørn Henrik Stavdal Johansen
Figur 3: Tjor takbjelkane til tverrbjelken. Bjelkane på sidene skal òg tjorast i standarane for å avlaste vekt frå tverrbjelken. Illustrasjon: Bjørn Henrik Stavdal Johansen
Det er no du lagar vinkelen i gapahuken. Hugs at han gir best effekt på rundt 45 graders helling.
Illustrasjon: Bjørn Henrik Stavdal Johansen
Det er no du lagar vinkelen i gapahuken. Hugs at han gir best effekt på rundt 45 graders helling. Illustrasjon: Bjørn Henrik Stavdal Johansen
  1. Tjor fast presenningen over taket. Veggane tettar du igjen med granbar og grankvister som du vev innimellom stokkane.
💡
Tips: Legg gjerne ein stokk på tvers av presenningen nede ved bakken for å halde han på plass.

Oppskrift på gapahuk med granbar

Følg steg 1–4 i oppskrifta på enkel gapahuk.

  1. Legg tynne kvister på tvers av stokkane som går ned mot bakken. Vev desse fast mellom stokkane.
Figur 4: Vikle lange, tynne rajer mellom takbjelkane. Jo fleire, dess betre. Desse skal bere taket. Ung selje og bjørk er best.
Illustrasjon: Bjørn Henrik Stavdal Johansen
Figur 4: Vikle lange, tynne rajer mellom takbjelkane. Jo fleire, dess betre. Desse skal bere taket. Ung selje og bjørk er best. Illustrasjon: Bjørn Henrik Stavdal Johansen
  1. Tett taket med granbar eller ev. greiner med blad frå andre tre. Det må leggjast svært tett.
  2. 💡
    Tips: Det er lurt å starte tettinga nede ved bakken og så jobbe seg oppover.

    Begynn å leggje nedst i heile breidda, før du jobbar deg oppover med god overlapp steg for steg. Tenk at vatn skal kunne renne heile vegen frå toppen og ned til bakken.

Figur 5: Taket består av bar eller ris. Granbar gir det tettaste resultatet. 
Illustrasjon: Bjørn Henrik Stavdal Johansen
Figur 5: Taket består av bar eller ris. Granbar gir det tettaste resultatet. Illustrasjon: Bjørn Henrik Stavdal Johansen

Om du ikkje har nokon reflektor, kan du byggje ein framfor huken. Det kan òg vere lurt å lage eit leie av bar eller ris på liggjeplassen. Dette får deg opp frå bakken og hjelper deg til å halde deg varm. Er du åleine, ligg du sidelengs i huken. Er de fleire, ligg de med føtene inn, og hovudet mot varmen.

 
Illustrasjon: Bjørn Henrik Stavdal Johansen
Illustrasjon: Bjørn Henrik Stavdal Johansen
🖇️
Dette er ein del av temaet 😴Overnatting (nynorsk)

Overnatting

🏕️Rutinar i leir (nynorsk)

⛄Tips til vinterovernatting (nynorsk)

Utstyr til overnatting ute

🛌Sovepose (nynorsk)

🗞️Liggjeunderlag (nynorsk)

🪵Varmekjelder til matlaging (nynorsk)

Tak over hovudet

🏡Tilgjengelege hytter i Norge (nynorsk)

⛺Telt og lavvo (nynorsk)

☂️Presenning/tarp (nynorsk)

🌲Hengjekøye og tretelt (nynorsk)

❄️Sove i snøen (nynorsk)

🪨Andre typar overnatting ute (nynorsk)

Tekst

Bjørn Henrik Stavdal Johansen og Gina Wigestrand, Snuitide (2022)

‣
Kjelder

Miljøagentene (u.å.). Sove ute? https://miljoagentene.no/aktiviteter/sove-ute-article1684-124.html Norges speiderforbund (2016, 14. april). Enkelt friluftsliv – Ly og leir. [Videoklipp]. Henta frå https://www.youtube.com/watch?v=Uu4cOAYyCbU&list=PL6ksnt69zt7NW6DMeDwX_EiB9ArlFWKJ9&index=2