Snu i tide
Snu i tide
Låne, leige eller kjøpe brukt (nynorsk)
📔

Låne, leige eller kjøpe brukt (nynorsk)

Tur på budsjett. Film: Sindre Kolbjørnsgard, 2021, begrenset gjenbruk

Det er fleire grunnar til å tenkje seg om før du går til innkjøp av nytt utstyr. I tillegg til å vere bra for lommeboka er lån og leige meir berekraftig. Viss du har ein kano i garasjen, tek han mykje plass og blir kanskje berre brukt ein gong i året. Viss du låner eller leiger han ut, kan han bruken bli det mangedobbelte av det du som privatperson klarer. Over heile landet går det an å låne og leige utstyr, noko som betyr at færre treng å kjøpe, og at utstyret blir brukt fleire gonger. Det er berekraftig.

Brukt utstyr er både billigare og meir berekraftig. Ein del utstyr som blir selt brukt, er gjerne berre brukt eit par gonger. Kjøp utstyr som har god kvalitet. Google kan hjelpe deg med å finne produkt med god kvalitet. Sjekk at utstyret du kjøper, er heilt og i orden. Ver spesielt obs når du kjøper klede og sko med membran (Gore-Tex, Dermizax, event med fleire). Sjekk at membranen ikkje er øydelagd. Er han øydelagd, vil ikkje produktet vere vasstett.

Stader der du kan låne eller leige utstyr

Mange stader i landet har no ordningar for utlån av friluftsutstyr. Her kan du låne eller leige utstyr du treng til tur. Fleire friluftsbutikkar leiger òg ut utstyr. Her er ei førebels oversikt over ulike utlåns-/utleigeordningar i ulike byar:

💡
Tips: Filtrer søk etter fylke, slik at du får opp utlån der du bur. Du kan òg filtrere etter om det er gratis å leige.

Låne eller leige friluftsutstyr

Låne eller leige friluftsutstyr

2 views

Låne eller leige friluftsutstyr

Board

Firma
Nettstad
Kommentar
Fylke
Tags
BUA

https://www.bua.io

BUA er ei nasjonal utlånsordning som finst fleire stader i landet. Gratis utlån. Kan ikkje førehandsbookast.

Nasjonalt
Gratis
Skattkammeret

https://kirkensbymisjon.no/skattkammeret/

Skattkammeret, som blir drive av Kirkens Bymisjon, har utlånsordningar i mange byar. Låner ut gratis.

Nasjonalt
Gratis
Frilager

https://frilager.no

Utleige av utstyr i heile Rogaland – vil etter kvart komme fleire stader i landet. NB! Skular får låne utstyr gratis, ettersom dette er dekt av kommunen og fylkeskommunen, men privatpersonar må betale sjølve.

Rogaland
UtleigeFørehandsbooking
Pinsj

https://www.pinsj.no/

Nettstad der folk kan kjøpe og selje brukt, i tillegg til å leige og leige ut utstyr

Nasjonalt
UtleigeFørehandsbooking
Hygglo

https://www.hygglo.no/category/392-friluftsliv

Hygglo – utleige frå privatpersonar

Nasjonalt
UtleigeFørehandsbooking
Finn

https://www.finn.no/

Noregs største nettstad for sal av brukt utstyr, formidlar òg utleige frå privatpersonar

Nasjonalt
UtleigeFørehandsbooking
Vandre

https://vandre.no/products

Vandre (førebels berre i Oslo, men kjem til fleire byar) – utleige av turutstyr

Oslo
UtleigeFørehandsbooking
Gratis utlån Oslo

https://www.oslo.kommune.no/natur-kultur-og-fritid/fritidsutstyr-til-utlan/#gref

Kommunen si side med oversikt over alle gratis utlånsordningar i Oslo kommune

Oslo
Gratis
DNT ung Sogn og Fjordane

https://www.sftur.no/utleige-av-utstyr/

Medlemmer av DNT UNG (under 26 år) får låne utstyr gratis. Ski- og skredutstyr.

Sogn og Fjordane
GratisFørehandsbooking
Systrondsbui

https://utlan-leikanger.custompublish.com

Gratis utlån av utstyr for innbyggjarar i Sogndal kommune. Driven av Frivilligsentralen.

Sogn og Fjordane
GratisFørehandsbooking
Bre og fjell

https://breogfjell.no/utstyrsleie/

Ski- og utstyrsleige i Sogndal

Sogn og Fjordane
Utleige
Intersport Sogndal

https://intersport-sogndal.no/index.php/ski-utleige/ski-utleige

Ski- og utstyrsleige i Sogndal

Sogn og Fjordane
Utleige

Her kan du kjøpe brukt friluftsutstyr

Du kan få mykje godt utstyr brukt. I tillegg til at brukt utstyr er bra for lommeboka, er det veldig bra for miljøet. Gjenbruk er berekraftig.

Den største marknadsplassen for brukt utstyr er Finn.no, men det er etter kvart mange gode stader du kan skaffe deg godt utstyr. Her er ei oversikt:

Salg av brukt friluftsutstyr

2 views

Salg av brukt friluftsutstyr

Table

Firma
Nettstad
Kommentar
Tags
Finn

https://www.finn.no/

Noregs største nettstad for sal av brukt utstyr

Fretex

https://nettbutikk.fretex.no/

Har både nettbutikk og fysiske butikkar i dei største byane i landet. Her kan du finne mange flotte skattar.

DNT Stavanger, Bergen og Oslo

I Stavanger, Bergen og Oslo har dei i butikken eit eige hjørne med sal av brukte klede. DNT ung arrangerer òg Green Friday i november kvart år som motvekt til Black Friday. Har kan dei som kjem, kjøpe, selje og byte brukt turutstyr.

Pinsj

https://www.pinsj.no/

Nettstad der folk kan kan kjøpe og selje brukt, i tillegg til å leige og leige ut utstyr

Tise

https://tise.com/

Nettstad tilsvarande Finn.no

Facebook

https://www.facebook.com/groups/272176032903968/ https://www.facebook.com/HvitserksBruktmarked

Det finst tallause grupper på Facebook som formidlar turutstyr.

Hekta på tur

https://bruktmarked.hektapatur.no/

Nettbutikk for friluftsutstyr som òg har starta bruktmarknad

Forsvarsbrukt

https://www.forsvarsbrukt.no/

Nettbutikk og fysisk butikk som sel brukte klede og utstyr frå Forsvaret. Mykje god kvalitet.

🖇️
Dette er ein del av temaet ⚒️Utstyr og reiskapar (nynorsk)

Diverse turutstyr

🎒Sekk (nynorsk)

🥾Sko (nynorsk)

🛌Sovepose (nynorsk)

🗞️Liggjeunderlag (nynorsk)

🪵Varmekjelder til matlaging (nynorsk)

🪓Turverktøy (nynorsk)

🎿Skiutstyr og truger (nynorsk)

Meir om turutstyr

Innhald i sekken (nynorsk)Innhald i sekken (nynorsk)

📔Låne, leige eller kjøpe brukt (nynorsk)

🧵Reparasjon og vedlikehald (nynorsk)

Logo

Nynorsk

Om snuitide

Kontakt oss på hei@snuitide.no