Innhald
- Ulike typar sko
- Fjellstøvlar
- Jaktstøvlar
- Gummistøvlar
- Terrengsko/tursko
- Kva skal du velje?
- Membran eller ikkje?
- Lêr eller kunstmateriale?
- Godt grep, eller haldbarheit?
- Skalstøvel eller fôra?
- Sjekk dette når du skal ha nye sko
Å velje tursko er kanskje det vanskelegaste vi gjer når vi handlar turutstyr. Skoa må passe personen som skal bruke dei – noko som gjer at tips og råd om bestemde merke og modellar blir meiningslause. Her må du ut i butikkane og prøve skoa på foten.
Vel ein sko som gir nok støtte og demping for den typen terreng du hovudsakleg går i. Finn ut kva sko som sit godt på foten, og kva du sjølv føretrekkjer.
Ulike typar sko
Det er i prinsippet tre typiske typar sko for turbruk: fjellstøvlar, jaktstøvlar og gummistøvlar. I tillegg finst det låge terrengsko, som eignar seg best for små dagsturar utan oppakning.
Fjellstøvlar
Fjellstøvlar er typisk relativt stive støvlar som når litt over anklane. Dei er høge nok til å gi god støtte, men låge nok til å halde vekta nede. Fjellstøvlar er dei mest populære turskoa, og det er heilt klart denne typen sko det mest å velje blant. Fordelen med fjellstøvlane er at dei har låg vekt, men eit lågare skaft gjer dei òg meir utsette for å ta inn vatn dersom du skulle plumpe eller skal krysse ein bekk. Fjellstøvlar er eit godt val for turar med mykje stigningar og mellomstor oppakning. Dei fungerer dårlegare i område med mykje vegetasjon, sidan du lett får mykje kvist og kvast i skoen.
Jaktstøvlar
Jaktstøvlar er høge støvlar som gir god støtte. Desse er generelt tyngre enn fjellstøvlane, men held til gjengjeld føtene tørre meir effektivt. Jaktstøvlar fungerer godt om du skal gå mykje i skogsmark, utanfor stiar og vegar. Stabiliteten til jaktstøvlane gjer dei til det beste alternativet når du skal bere tung sekk.
Gummistøvlar
Gummistøvlar er heilt vasstette, høge støvlar, som gjerne når til midt på leggen eller høgare. Dei er perfekte til turar i spesielt vått terreng – som til dømes på tur i myra etter molte. Gummistøvlar har generelt dårleg støtte i anklane. Desse støvlane er klammare enn andre tursko sidan dei pustar dårleg.
Terrengsko/tursko
Dette er sko som er låge som joggesko, og som eignar seg best på gode stiar og grusvegar i nærmiljøet. Dei gir lite støtte tek lett inn vatn sidan dei er låge. Dei eignar seg ikkje om du skal på lengre turar der du ber sekk.
Kva skal du velje?
Utover typen sko er det fleire ting det er verdt å tenkje over når du vel sko. Kva som er viktig for deg, avheng av kva behov du har, og kva du skal bruke skoa til.
Membran eller ikkje?
Dei fleste fjellstøvlar og jaktstøvlar som blir selde i dag, kjem med vasstett membran. Membranen gjer støvlane vasstette og bidreg til å halde føtene dine tørre lenger. Men om du får vatn inn i ein støvel når du kryssar ei elv eller liknande, hindrar òg membranen skoen i å tørke. Støvlar med membran er altså våte lenger når dei først tek inn vatn. Membranen vil ofte sprekke opp med tida, slik at skoa ikkje lenger er vasstette, og porene vil gå tett, slik at pusteeigenskapane blir dårlegare over tid. Sko utan membran, derimot, blir raskare våte enn membranstøvlar – men tørkar raskare.
Lêr eller kunstmateriale?
Det finst sko både av lêr og av kunstige materiale. Lêrstøvlar er tyngre, men tilpassar seg betre foten. Lêret har som regel òg lengre haldbarheit så lenge du behandlar det rett. Støvlar av kunstige materiale er generelt lettare enn lêrstøvlar. Dei treng mindre vedlikehald, men har òg kortare levetid. Støvlar i kunstig materiale vil ikkje tilpasse seg foten slik lêret gjer, og må derfor passe svært godt på foten frå starten av.
Godt grep, eller haldbarheit?
Godt grep på støvlane er viktig. Dette oppnår ein ved å ha ei mjukare gummiblanding i solen. Ulempa er at mjuk gummi blir veldig fort utsliten. Ein hardare sole held mykje lenger, men er glattare. Skal du bruke støvlane mykje, kan det vere verdt å sjekke om solen kan bytast ut når han blir utsliten.
Skalstøvel eller fôra?
Dei aller fleste støvlane på marknaden er fôra på innsida med ulike typar skumgummi. Dette gjer at dei formar seg meir etter ulike føter, slik at dei kjennest meir passe for akkurat dine føter. Ulempa er at støvlane blir mindre stabile i skaftet, og at dei absorberer mykje vatn når dei blir våte. Dette gjer at dei tørkar sakte og er svært tunge når dei blir våte.
Alternativet er det vi kallar skalstøvlar. Dette er ufôra støvlar, som regel utan membran, som fungerer på same måten som skalklede. I desse støvlane er det meininga at sokkane skal utgjere fôret. Dermed skal du alltid ha to par ullsokkar i dei (eit par tynne inst og eit par tjukke ytst). Fordelane med denne typen tursko er at dei har lågare vekt, tørkar raskare og har betre stabilitet. Ulempene er at dei som regel kostar meir og gir ein noko lågare komfort når dei er tørre.
Sjekk dette når du skal ha nye sko
Når du er i butikken og skal prøve skoen på, er det viktig å vite kva du eigentleg ser etter. Her er nokre tips om kva det er lurt å tenkje på.
Tips og råd om korleis du vel rette tursko og fjellstøvlar (Viking footwear)
Diverse turutstyr
Varmekjelder til matlaging (nynorsk)
Meir om turutstyr
Tekst: Bjørn Henrik Stavdal Johansen, Snuitide (2022)