God mat på tur har mykje å seie for turopplevinga. Her får du gode tips om mat du kan lage på tur, mat du kan finne i naturen, og kva kroppen treng av næring.
Kva med å servere softis på ein fjelltopp? Eller diske opp med blåbærpannekaker? Kanskje har du lyst til å prøve å lage mat på bål? Kjøkkenet på tur er litt annleis enn heime. Vi har gjerne færre gryter, og matlaginga kan ta litt lengre tid. Dessutan eignar ikkje all mat seg til å liggje halvlunken i sekken i fleire dagar.
Forslag til konkretisering av kompetansemål er skrevet av Gina Wigestrand, redaktør av Snuitide. Dette er ment som en hjelp til å tydeliggjøre hva kompetansemålene rommer innen de ulike temaene. Lærere står fritt til å bruke disse eller lage sine egne.
Matbehov på tur
Maten er ein viktig del av turopplevinga. For det første treng kroppen næring og energi for å fungere. For det andre er måltid ei fin oppleving å dele med dei andre vi er på tur med. Turmåltid er ofte noko du hugsar mykje betre enn vanlege måltid inne. Berre tenk på dei gongene du har ete ute.
Kort om mat på tur
- Kroppen treng litt ekstra drivstoff på tur.
- Drikk nok vatn, slik at kroppen fungerer best mogleg.
- Ta med vassflaske dersom det ikkje er god tilgang på vatn undervegs.
- Start dagen med energirik mat, og et mellommåltid i løpet av dagen.
- Middag bør innehalde protein og feitt.
- Feitt gir meir energi per gram enn karbohydrat og protein.
- Hugs god handhygiene.
Utan mat og drikke …
Ha litt ekstra mat i sekken, sjølv om du skal bu på hytter der det finst matlager. Turen kan ta lengre tid enn planlagt, du kan bli overraska av dårleg vêr, og du treng mat undervegs. Det er lurt å ha med nødproviant med mykje energi, til dømes ein pose med nøtter, tørka frukt eller sjokolade. Det er inga god oppleving å gå heilt tom før du kjem fram.
Ta med vassflaske på turen om det ikkje er god tilgang på vatn overalt. Flasker med vid opning, og gjerne eit isolerande yttertrekk, eignar seg godt på vinteren. På sommarstid, i område med god tilgang på vatn, kan det vere nok å ta med seg ein kopp og drikke kvar gong du kjem til ein bekk.
Det finst drikkesystem der du ber vatnet i ein pose som er kopla til ein slange du kan drikke av. Om vinteren frys dette og kan ikkje brukast. Ei anna ulempe er at du ber tyngre enn nødvendig, for desse posane rommar gjerne 2–3 liter.
Kva er annleis på tur med tanke på kva vi treng av næring?
Når du er på tur, bruker du som regel mykje meir energi enn du gjer ein vanleg kvardag. For det første beveger du deg meir, og kanskje har du ein tung sekk på ryggen. For det andre bruker kroppen ekstra energi på å halde varmen når det er kaldt, og når det er mykje vind. Det er ikkje berre musklane som treng energi og påfyll, også hjernen treng næring. Viss du går tom for energi, kan du bli kald, trøytt og ukonsentrert. Då kan det gå utover tryggleiken.
Matbehov og mengde mat på tur
Jo meir krevjande turen er, dess meir mat treng du. Et godt til alle måltid. Smakar maten godt, et du meir.
Matvettreglar frå Erling Kagge, polfarar:
- Frukost og lunsj bør bestå av karbohydrat som grovt brød eller graut.
- Det er den energien du treng rett før start og undervegs.
- Middagen bør bestå av feitt og protein som kjøt eller fisk.
- Då blir kroppen fylt opp igjen med energi som kan godgjere seg gjennom natta.
- Væskeinntaket bør vere stort.
- Mineral og vitamin får du nok av i eit variert og sunt kosthald.
- Ekstra vitaminpiller er ikkje nødvendig.
(Kagge, 1999 s. 92.)
Oppgåver om mat
- Kva skil matbehovet på tur frå matbehovet heime?
- Kva for næringsstoff er det viktig at vi får i oss?
- Planlegg mat for ein telttur på fire dagar. Fortel korleis du førebur maten, og korleis du tek omsyn til volum, vekt og haldbarheit. Korleis skal du lage maten på tur?
- Kva erfaringar har du sjølv gjort deg når du har laga mat på tur? Kva har fungert bra, og kva har ikkje fungert så bra?
- Forklar korleis du kan lage mat på bål.
- Forklar korleis du kan bruke naturen som matkjelde.
Praktiske oppgaver
- Prøv å lage mat på bål. Test ut ulike båltypar og vurder kva du synest fungerer best.
- Utfordre deg sjølv og lag ein treretters middag ute i naturen.
Tekst:
- Hilde Grøtte, Snuitide (2022)
- «Mat fra naturen – sopp». Norges sopp- og nyttevekstforbund, omarbeidd av Hilde Grøtte, Snuitide (2022)
- «Bruk av nyttevekster historisk». Unni Kulhuset Granheim, Hege Resell Amdahl, Cathrine Stavnes og Martin Sveen (2020), NDLA
- «Hjemmelaget turmat på 1-2-3». Inge Wegge. FJELL OG VIDDE 3/2018
- «Tørk råvarene selv». Mari Kolbjørnsrud (2021), turmat.no
Almli, M. og Godal, B. (2021). Fjæreslang. Ut.no. https://inspirasjon.ut.no/fjaera-kyst-kystfriluftsliv/fjaereslang/107669
Bama & Lyngvær, K. (2020) Bær. NDLA. https://ndla.no/subject:1:fdefda2a-7d3a-4749-92cf-24ad466a20db/topic:1:a3f05680-5dc3-42ee-918b-e04b3f4c4c30/topic:1:8d326a4c-dde9-4c79-aa4b-04612cd158a8/topic:1:fc5633bf-2b91-4895-860a-8b8c9d95187f/resource:1:84722
Bioforsk (2020). Ville bær – sunt og gratis. NDLA https://ndla.no/subject:1:fdefda2a-7d3a-4749-92cf-24ad466a20db/topic:1:a3f05680-5dc3-42ee-918b-e04b3f4c4c30/topic:1:8d326a4c-dde9-4c79-aa4b-04612cd158a8/topic:1:fc5633bf-2b91-4895-860a-8b8c9d95187f/resource:1:84814
Bønes, Ø. Bedin, T. og Aurebekk, B. (2020). Næringsstoffer får kroppen til å fungere. NDLA. https://ndla.no/subject:1:f18b0daa-6507-4025-8998-b8a11c8ccc70/topic:11:7b133fdc-1dee-4dbe-b83a-3a4bd6d36be2/topic:11:6db04aa9-8de7-4bc3-8981-04daf4335635/
Den Norske Turistforening. (2018, 9. august). Slik lager du treretters middag på tur. [Videoklipp]. Henta frå https://www.youtube.com/watch?v=-cThwMcU9P4
Granheim, U., Amdahl, H., Stavnes, C og Sveen, M.(2020). Høsting næringsinnhold og bruksområder. NDLA. https://ndla.no/subject:13/topic:1:184909/topic:1:184914/topic:1:184886/resource:1:144648
Granheim, U., Amdahl, H., Stavnes, C og Sveen, M.(2020) Konservering av ville nyttevekster. NDLA. https://ndla.no/subject:13/topic:1:184909/topic:1:184914/topic:1:184886/resource:1:144663?filters=urn:filter:5c9423f8-268e-4e9f-aee6-12b0195ab07d
Hjelmstad, R. (2012). Medisinplanter i Norge. Gyldendal Norsk Forlag AS
Hvitserk og Eventyrreiser (2015, 20. januar). Ekspedisjonsskolen: Fyre brenner [Videoklipp] https://www.youtube.com/watch?v=i35JOLY9uDs
Kagge, E. (1999). Mat på tur. Kagge Forlag AS
Klausen, D.H. & Eriksen, I. (2018, 6. september). Elever brannskadet: – Jeg reagerer med sinne når dette skjer igjen. NRK. https://www.nrk.no/tromsogfinnmark/frarader-bruk-av-stormkjokken-med-rodsprit-1.14197728
Kolbjørnsrud, M. (2021). Tørk råvarene selv. https://turmat.no/turtips/tork-ravarene-selv
Kolbjørnsrud, M. (2020). Skogens gull. Ut.no. https://inspirasjon.ut.no/skogstur-turmat/skogens-gull/104964
Kvam, M. (2019) Vann og væskebehov. NHI. https://nhi.no/kosthold/ernaring/vann-og-vaskebehov/
Kvam, M. (2022). Karbohydrater. NHI. https://nhi.no/kosthold/ernaring/karbohydrater/
Kvam, M. (2019). Fett. NHI. https://nhi.no/kosthold/ernaring/fett/
Kvam, M. (2019). Protein. NHI. https://nhi.no/kosthold/ernaring/protein/
Norges sopp- og nyttevekstforbund (u.å.). HVA SKJER PÅ SOPPTUR. Henta frå https://soppognyttevekster.no/sopp/hva-skjer-pa-sopptur/
Norges sopp- og nyttevekstforbund (2016) På sopptur. [Videoklipp]. Henta frå https://vimeo.com/183814671
Norges sopp- og nyttevekstforbund (u.å). BÆREKRAFTIG SANKING https://soppognyttevekster.no/nyttevekster/baerekraftig-sanking/
Norges sopp- og nyttevekstforbund (2020, 21. april) Kristin finner årets første vårsalat. [Videoklipp]. Henta frå https://www.youtube.com/watch?v=LHo2321O9Ss
Norges sopp- og nyttevekstforbund. (u.å). Hva skjer på sopptur?. https://soppognyttevekster.no/sopp/hva-skjer-pa-sopptur/
NRK (2012). Giftige planter. [videoklipp]. Ut i naturen. https://tv.nrk.no/serie/ut-i-naturen/2012/DVNA60000612/avspiller
NRK (2014, 16. september) Sopp på 1-2-3: Kantarell. [Videoklipp]. https://www.youtube.com/watch?v=ZPFSxXwb5FA
NRK (2014, 16. september) Sopp på 1-2-3: Traktantarell. [Videoklipp]. https://www.youtube.com/watch?v=EkX1XCefWY0
NRK (2014, 16. september) Sopp på 1-2-3: Steinsopp. [Videoklipp]. https://www.youtube.com/watch?v=FJzET5AUsq4
Persson, M. (2020). Spiskammer I skog og mark. NDLA. https://ndla.no/nb/subject:13/topic:1:184909/topic:1:184914/topic:1:184886/resource:1:145010
Pettersen, M.N. (2020). Sove ute. Gyldendal
Schei, E. (2019). Ville vekster på menyen. Ut.no. https://inspirasjon.ut.no/kljaen-ville-vekster/ville-vekster-pa-menyen/101356
Speidersport (2020, 20. oktober). Pluss og minus med bålbrennere. Henta frå https://www.speidersport.no/turtips/utstyr/om-bålbrennere
Speidersport. Utstyr. https://www.speidersport.no/turtips/utstyr/om-sprit-og-multifuelbrenner
Ting med Tang (u.å.). Sanking. https://tingmedtang.no/tangweb/sanking/
Van der Wijst, A. (2017) Mat og drikke. i Våg, A. (red.), 26 kjappe kurs i friluftsliv. Trondhjems turistforening. https://www.bergenoghordalandturlag.no/artikler/nyheter/20399-tips-om-riktig-mat-og-drikke-pa-turen/
Wegge, I (2018). Hjemmelaget turmat på 1-2-3. I Fjell og Vidde, 2018(3), s 70–74 https://www.dnt.no/artikler/turtips/13292-hjemmelaget-turmat-pa-1-2-3/#:~:text=Skal du tørke din egen,det vil si en mattørkemaskin.