Havregraut til frukost, ein kopp kaffi eller kakao, varm suppe til middag, pannekaker til kvelds. Alt dette krev ei eller anna form for oppvarming. Då treng du ei varmekjelde og utstyr for å lage til maten. Kva metode du skal bruke, kjem an på kva slags tur du skal på, og kvar turen går. For å fyre eit godt matbål treng du ved, og det er lettare å finne i skogen enn på høgfjellet. Brennar/kokeapparat er mest praktisk på langtur.
Kort om matlaging på tur
- Det finst mange ulike typar brennarar og kokeapparat.
- Det er viktig at du blir godt kjend med det utstyret du bruker.
- Bål er praktisk når vi skal lage mat til mange.
- I tillegg gir det varme og hygge.
- Kvistbrennar, sjusteinsomn og kokegrop er andre vedfyrte alternativ.
- Planlegg menyen ut frå kva varmekjelde og utstyr du skal ha med.
- Finn fram og førebu alt du treng, før du går i gang med steiking og koking.
- Kutt opp maten i små bitar, slik at han blir raskare kokt og steikt.
- Då bruker du mindre gass og brensel.
- På langtur er det greitt å kunne lage maten i éi gryte eller panne.
- Øving gjer meister – det er lurt å øve seg på nærturar og dagsturar.
Matlaging ute – nokre praktiske tips
- Pakk smart.
- Ta med minst mogleg utstyr og helst utstyr som kan brukast til fleire ting.
- Suppe eller gryterett er smart turmat fordi du kan lage alt i éi gryte.
- Dessutan får du i deg væske samtidig.
- Finn fram alt og kutt opp alle ingrediensar før du byrjar med steiking og koking.
- Kutt opp grønsaker og kjøt i små bitar, slik at det blir kokt og steikt raskare.
Matlaging på brennar/kokeapparat
Det blir omtrent som å lage mat på ein komfyr med berre éi kokeplate utan at du har nokon plass å halde maten varm på før du skal ete. Derfor er det ekstra viktig å gjere alle førebuingar først. Finn fram alt du treng av mat, utstyr og bestikk, og kutt i tillegg opp alle ingrediensar før du fyrer opp brennaren. Jo mindre bitar, jo raskare går det å steike og koke maten. Då bruker du òg mindre gass/brensel. Det er bra for både deg og miljøet.
Tekst: Hilde Grøtte, Snuitide (2022)