Bål er ei praktisk varmekjelde når vi skal lage mat til mange. I tillegg gir det varme og hygge til dei som sit rundt. Bål gir masse varme, og vi kan justere varmen på matlaginga ved å plassere gryter og panner i ulik avstand frå bålet. Den beste varmen får du frå glørne. Du kan hengje gryta på ein pinne over bålet og justere avstand og varme på den måten. Ei rist eller ein flat stein kan brukast som steikjepanne over bålet.
Ei ulempe med bål er at du må ha tilgang på ved og ein eigna plass. Du må òg vurdere brannfare.
Tips
- Pagodebål, eller firkantbål, er det beste til matlaging.
- Det gir god varme og masse glør, og du kan setje gryter og panner rett på bålet.
- Bruk eigne panner og gryter til bålet, fordi dei vil bli svarte.
- Bruk ein tøypose til å ha bålgryter og -panner i.
Båltypar til matlaging
Oppskrifter på bålmat
Nettsider med fleire oppskrifter på bålmat
Tilbake til Mat (nynorsk)
Tekst
Hilde Grøtte, Snuitide (2022)