Innhald
Bruk ein etablert bålplass dersom det finst ein slik. Pass på at det er god avstand til bygningar og vegetasjon. Hugs at tørt gras lett tek fyr. Vurder vindforholda og forviss deg om at det ikkje er skogbrannfare.
Viss du må etablere ein ny bålplass, fjernar du vegetasjon og legg nokre steinar i ein ring. På den måten skader du ikkje eksisterande vegetasjon, og steinringen gjer det enklare å avgrense bålet så det ikkje spreier seg til omgivnadene.
Hugs å leggje steinar og vegetasjon tilbake etter at du har sløkt bålet.
Finn ved
Grove, tørre greiner er fin ved. Småkvist nedst på grantre er god ved som du raskt får fyr på. Gamle tyristubbar brenn godt. Det same gjer never frå bjørka. Ta omsyn til biologisk mangfald i skogen. Tørre tre med reirhol lèt vi stå. På mykje brukte leirplassar kan det vere lite ved å finne. Ta derfor med ved heimanfrå, med mindre du veit at du vil finne døde greiner og kvistar.
Rund ved bør kløyvast, då brenn han betre. Ha eit trygt underlag, til dømes ein stubbe. Stå støtt med beina frå kvarandre og hald avstand til turkameratane. La øksa gå i bane så ho ikkje treffer beina.
Gran og furu er best til å lage bål med, fordi nåletre er blaute tresortar som det er lett å få fyr på.
Harde tresortar som ask, eik bøk, lind og kristtorn brenn godt og lenge. Merk at det kan vere vanskeleg å tenne opp med desse tresortane fordi treverket er så kompakt.
NB! I verneområde er som regel plantelivet freda. Det betyr at vi ikkje kan plukke verken levande eller døde tre og kvistar.
Furua på biletet er eit flott syn, og ho kan huse både fuglar og insekt lenge etter sin død. Tre som dette lèt vi stå i fred, slik at også andre kan gle seg over dei flotte treskulpturane.
Granskogen
- Her finst det alltid brensel – tørrkvist eller døde nedfallstre.
- Sag og øks til kutting av nedfallstre, hender og kniv er nok til småved til kaffibålet.
- Skal du dele ved utan sag og øks, kan du slå små tre eller store greiner mot ein stein eller hard trestamme.
- «Lett ved er god ved, tung ved er dårleg ved» (fordi han som regel er våt).
Furuskogen
- Her kan du finne masse døde kvistar og tre.
- Sjå etter tyrived – død furuved som er gjennomtrengd av kvae/harpiks.
- Rotvelter, stubbar og skadde delar av stammen er ofte god tyrived.
- Tørr furu brenn skikkeleg bra – godt eigna som stokkvarme.
Fjellbjørkeskogen
Bjørk er den mest nytta tresorten til leirbål, men dette har nok meir med den rike tilgangen til bjørk å gjere, enn med at dette brenn best. Bjørka har ingen kjerneved og manglar altså den tørraste delen inst i stammen.
- Plukk borkefri bjørkekvist.
- Bork med mose tiltrekkjer seg fukt og gir meir røyk enn glør.
- Sank tørr never til opptenning i opphaldsvêr.
- Kvit never er best.
Snaufjellet
- Her er det ingen høgreist vegetasjon.
- Vier- og einerkratt blir brukt til båltenning her.
- Plukk smått og helst borkefritt.
Sløkking
Bålet skal vere sløkt når du forlèt bålplassen. Gå aldri frå eit brennande bål. Sjekk at bålet er godt sløkt. Ha på vatn eller snø.
Sporlaus ferdsel
Dersom du har etablert ein ny bålplass, bør du fjerne han heilt før du går, så du lèt etter deg minst mogleg spor i naturen. Legg steinar og torv du har brukt, tilbake der du fann det. Ta med all søppel heim.
Tekst
- Ragnhild Kjeldsen, Cathrine Dunker Furuly og Bjørn Erik Rolseth, NDLA (2019) (CC BY-SA), omarbeidd av Gina Wigestrand, Snuitide