Korleis varslar vi?
Dersom du eller nokon i turfølgjet treng hjelp, må du varsle nødetatane. Det er gratis å ringje nødnummera, og alle har rett til hjelp i nødssituasjonar.
Dersom du trur det er fare for liv eller helse, bør du ringje medisinsk nødtelefon på 113. Dei gir råd om førstehjelp, og dei sender riktig medisinsk hjelp til deg, som ambulanse, luftambulanse, akutthjelpar eller frivillig redningsteneste. Dersom du berre treng hjelp med evakuering, vil dette bli organisert av politiet. Politiet når du på 112. Du kan likevel ringje 113, for operasjonssentralane vil varsle kvarandre, alt etter kva behov turfølgjet har.
Eit tips er å laste ned appen Hjelp – 113 på smarttelefonen din. Viss du opnar denne appen og trykkjer på nummeret du ønskjer å ringje, vil sentralen du ringjer, sjå den nøyaktige posisjonen din på kartet. Dersom du ikkje har dekning på staden du er, men ønskjer å bruke koordinatane du får opp på skjermen, kan du ta eit skjermbilete før du flyttar på deg. På den måten kan du oppgi koordinatane til staden der uhellet har skjedd.
Dersom du ikkje har mobildekning der uhellet har skjedd, må du ta deg til staden der du sist hadde dekning, for å varsle. Det er derfor lurt å merke deg kvar du hadde mobildekning sist. Dersom vi er fleire i turfølgjet, kan vi dele oss, slik at éin eller to tek seg til fots til ein stad der det går an å varsle.
Det finst òg andre måtar å varsle på enn med mobiltelefon. Døme på dette er satellittelefonar, som bruker GPS-satellittar for å opprette ein talesamtale, og nødpeilesendarar, som ved hjelp av satellittar kan formidle eit nødsignal med koordinatane dine.
Kva skal vi seie når vi varslar?
Det viktigaste du bør få fram når du ringjer 113, er eit bilete av situasjonen (sjå Situasjonsvurdering). Basert på kva du fortel, vil personen du snakkar med, vurdere kva ressursar som skal sendast ut for å hjelpe deg.
Her er eit forslag til kva du bør fortelje dersom det er snakk om sjuke eller skadde personar:
- Si kven som ringjer.
- Fortel kva slags hending det er snakk om, t.d. bilulukke, snøskred eller at ein i turfølgjet har falle i vatnet.
- Fortel kor mange personar som er sjuke eller skadde, og kva skadar eller symptom personane har. Beskriv gjerne kjønn og alder på dei som treng hjelp.
- Oppgi posisjonen til staden der hjelpa trengst. Viss du bruker 113-appen, vil AMK ha posisjonen din allereie. Viss du oppgir posisjon sjølv, så bruk kartreferanse i tillegg til å forklare kvar du er, ved hjelp av stadnamn og terrengformasjonar.
Førstehjelp
Varsling av nødetatar (nynorsk)
Livreddande førstehjelp (nynorsk)
Behandling av skadar
Nakke- og ryggskadar (nynorsk)
Brot, leddforstuingar og luksasjonar (nynorsk)