Frostskadar er skadar på huda som oppstår fordi huda er utsett for låge temperaturar. Så lenge temperaturen er under 0 grader, kan frostskadar oppstå. Vind mot naken hud gjer at frostskadar kan oppstå raskt.
Vi kan skilje mellom overflatiske og djupe frostskadar. Overflatiske frostskadar vil ikkje gi permanente skadar. Djupe frostskadar vil i varierande grad påføre huda permanent skade (Fauske & Bruland, 2019, s. 127).
Overflatiske frostskadar
Symptom er hud som er raudleg i starten og etter kvart kvit, ofte kombinert med lokale stikkande smerter og ei nomen kjensle. Du kan kjenne igjen slik skade ved å sjå etter kvite flekker/prikkar på huda. Viss frostskaden får utvikle seg, oppstår blemmer, hevelsar og sterke smerter.
Behandling
- Søk ly frå kulda.
- Avdekk delane av kroppen som er kalde / kan vere skadde.
- Sørg for oppvarming inntil huda får tilbake normal farge. Legg ei varm hand på kaldt kinn, legg frosne tær på ein varm mage. Ikkje gni på huda, det kan forverre skaden.
- Hald eventuelle blemmer intakte for å unngå infeksjon. Dersom blemmene sprekk, så behandle dei som sår med dagleg ettersyn og skifte av tildekking.
Djupe frostskadar
Djupe frostskadar omfattar fleire delar av huda og kan gå så djupt som til beinet. Den frostskadde delen mistar kjensle og rørsle, og blir blåleg og seinare djup raud/blåsvart.
Behandling
- Søk ly frå kulda.
- Vern dei skadde delane mot slag og trykk.
- Vern mot nedkjøling – personar med djupe frostskadar er utsette for hypotermi.
- Djup frostskade må som regel behandlast på sjukehus. Varsle om nødvendig, og vurder evakuering.
Førstehjelp
Varsling av nødetatar (nynorsk)
Livreddande førstehjelp (nynorsk)
Behandling av skadar
Nakke- og ryggskadar (nynorsk)
Brot, leddforstuingar og luksasjonar (nynorsk)