Det aller viktigaste vi gjer for å halde ein skadd person i live, er å sørgje for at det kjem oksygen ned i lungene, og at dette oksygenet blir med blodstraumen ut til dei ulike delane av kroppen, og forhindre nedkjøling. I denne delen skal vi gå igjennom litt fysiologi, korleis vi undersøkjer ein skadd person, og livreddande tiltak.
Å undersøkje ein skadd person er ikkje veldig vanskeleg, men det krev praktisk trening. Det er lurt å trene på ulike skadar som kan oppstå.
Innhald
- Pust – bløding – varme
- Pust
- Undersøking av pust + tiltak
- Bløding
- Undersøking etter bløding + tiltak
- Varme
- Førebygging av varmetap
Pust – bløding – varme
Når vi undersøkjer og behandlar ein skadd person, konsentrerer vi oss mest om tre punkt – i prioritert rekkjefølgje:
- Vi sjekkar at den skadde pustar.
- Vi undersøkjer om den skadde har blødingar.
- Vi sørgjer for å forhindre varmetap.
(Forenkling av prinsippa for undersøking i Fauske & Bruland, 2019, s. 36.)
Her vil vi gå kort igjennom kvifor desse punkta er viktige, slik at du skal forstå kvifor det er nettopp desse punkta vi undersøkjer.
Pust
Kroppen er heilt avhengig av oksygen for å verke. Når vi sluttar å puste, vil etter kvart òg hjartet vårt slutte å pumpe blod rundt i kroppen. Frå dette tidspunktet går det berre nokre minutt til hjernen får permanente skadar.
For at ein person skal puste sjølv, må lufta ha fri passasje gjennom munn eller nase, ned i svelget, vidare gjennom luftrøyret og ned til lungene. Viss lufta går fritt gjennom desse delane, så har personen frie luftvegar.
Personen må òg klare å trekkje pusten. Å puste er ein mekanisk prosess, der ulike musklar i kroppen aukar volumet til lungene og med dette «trekkjer» luft ned i lungene.
Undersøking av pust + tiltak
Kontroll av pust er det første og viktigaste vi undersøkjer. Viss den skadde er vaken, kan vi starte med å få kontakt med personen. Presenter deg med namn, og spør kva som har skjedd. Viss personen svarer deg og kan snakke normalt, veit du at personen har frie luftvegar og pustar normalt.
Dersom den skadde ikkje er vaken, må vi undersøkje om hen
- ikkje er vaken, men pustar – altså er bevisstlaus, eller
- om hen ikkje er vaken og heller ikkje pustar – det vi omtaler som livlaus
Slik undersøkjer du om ein bevisstlaus person pustar:
- Plasser deg i hovudenden.
- Dersom du ikkje ser tydeleg at personen pustar, sørg for frie luftvegar.
- Sjå til at hovudet ligg i ei naturleg stilling, og løft hake eller kjeve oppover.
- Kontroller på nytt om personen pustar etter at du har sørgt for frie luftvegar.
- Bruk sansane. Legg øyret over munnen, og kjenn om du kan merke eller høyre varm luft. Legg ei hand på mage/bryst og kjenn etter rørsle, sjå om brystkassen hevar seg.
Dersom den bevisstlause personen pustar sjølv, så bør personen leggjast i sideleie. Sideleie held luftvegane frie, og dessutan vil ikkje personen bli kvelt dersom hen kastar opp.
Dersom personen ikkje pustar sjølv eller pustar unormalt, er vedkommande livlaus. Unormal pust, som til forveksling kan sjå ut som «normal pust», er pust som minner om rare gisp – omtrent som ein fisk som er på land og strekkjer gjellene.
Dersom den skadde er livlaus, må vi starte hjarte-lunge-redning (HLR).
Bløding
For at dei ulike delane av kroppen skal få oksygen frå lufta, er det ikkje nok at vi får luft ned i lungene, oksygenet må òg transporterast frå lungene og ut til kroppsdelane.
Oksygenet blir transportert med blodet, som heile tida sirkulerer rundt i alle delar av kroppen. Når vi mistar blod, mistar vi høvet til å transportere oksygen, og dette er grunnen til at det er viktig å stanse blødingar.
Eit vakse menneske på 70 kg har ca. 5 liter blod i kroppen, og vi kan kompensere for blodtap opp til eit visst punkt. Kor mykje blod ein kan miste før det blir alvorleg, er avhengig av fleire faktorar, men som ein tommelfingerregel kan vi seie at å miste 0,75 liter blod ikkje vil påverke oss i særleg grad. Viss den skadde mister så mykje som 2 liter blod, byrjar sjansane for overleving å bli dårlege (National Association of Emergency Medical Technicians, 2020, s. 56).
Indre skadar oppstår når vi blir utsette for store krefter, som ved eit fall frå ei stor høgd eller dersom vi får noko tungt over oss. Slike hendingar kan skade blodårer, slik at blodet renn ut i hòlromma i kroppen. Indre blødingar kan vere vanskelege å oppdage, men vi kan mistenkje indre bløding på bakgrunn av det som den skadde er utsett for, saman med sterke smerter.
Indre blødingar kan vi ikkje gjere noko med, anna enn å halde personen varm og få hen raskt til sjukehus.
Ytre blødingar er skadar som gjer at blod kjem ut gjennom opningar i huda. Typisk kjem dette frå kutt eller stikk. Ulempa med ytre blødingar er at vi kan miste mykje blod, men fordelen er at slike blødingar kan stoppast. Derfor er det viktig at vi undersøkjer om den skadde har ytre blødingar, og gjer tiltak for å stanse blødingane så fort vi kan.
Kva gjer at blødinga stansar?
Når vi blør, er det fordi det har gått hòl på ei eller fleire blodårer og trykket i blodåra er høgare enn trykket utanfor. Blødingane stansar først når mottrykket rundt blodåra er like høgt som trykket inni blodåra. Indre blødingar stansar av seg sjølve når vevet rundt blodåra blir fylt med blod og skaper mottrykk samtidig som trykket i blodkaret søkk. Ved ytre blødingar må vi som hjelparar lage dette mottrykket.
Når blodet har slutta å renne, vil det bli skapt ein propp av bestanddelar i blodet. Denne proppen kallar vi eit koagel. Når vi har klart å stanse blødinga, tek det rundt 10 minutt før kroppen har klart å lage eit slik koagel.
Undersøking etter bløding + tiltak
Heile kroppen bør undersøkjast for blødingar, ikkje berre der den skadde seier hen har vondt. Det kan innebere at vi må klippe opp klede for å avdekkje huda.
- Dersom den skadde er vaken, startar vi med å undersøkje der den skadde har smerter.
- Dersom den skadde er bevisstlaus, gjer vi ei topp-til-tå-undersøking. Blødingar stansar vi etter kvart som vi oppdagar dei.
Korleis stanse ei bløding?
No vil vi gå igjennom nokre tiltak for å stanse bløding. Ein ting det er greitt å vite, er at tiltak for å få kontroll på blødingar gjer vondt for den skadde. Ver førebudd på at den du prøver å hjelpe, kan kjempe imot.
Første tiltak er manuell kompresjon. Det inneber at vi lagar eit trykk utanfrå mot såret og på den måten stansar blodstraumen. Viss skaden er djup, kan det vere at vi verkeleg må bruke kroppsvekta vår for å stanse blødinga. Bruk gjerne hanskar og ein kompress mot såret om du har ein lett tilgjengeleg, men hastar det, så bruker du berre handflatene dine. Hev den skadde kroppsdelen over hjartehøgd, om mogleg.
Dei fleste blødingar kan stansast ved hjelp av manuell kompresjon, men ver tolmodig og hald trykket i minst 10 minutt, slik at koagelet får høve til å stabilisere seg.
Ved større blødingar, som då gjerne kjem frå djupe sår, kan det hende at vi ikkje kjem i mål med manuell kompresjon. Då må vi bruke ein teknikk som blir kalla stapping.
Stapping inneber at vi fyller såret med kompressar eller bandasjar, så stramt vi får til. For at teknikken skal fungere, må du fylle heile hòlrommet til såret så stramt du klarer, for å skape tilstrekkeleg mottrykk og stanse blødinga. Ein bandasje kan òg vere eigna for å stappe såret.
Etter at såra er stappa, kan du surre det med ein elastisk bandasje for å skape større mottrykk.
Varme
Når vi blir kalde, aukar energi- og oksygenbehovet i kroppen, og kroppen si evne til sjølv å stanse indre bløding blir dårlegare. Derfor er det svært viktig at vi gjer tiltak for å hindre varmetap.
Varmekonservering bør vi tenkje på i alle situasjonar der ein person er skadd eller sjuk. Sjølv på ein varm sommardag vil vi miste varme ute i naturen. Derfor er det viktig å ha med klede og utstyr som gjer at vi kan halde oss varme.
Førebygging av varmetap
For å hindre varmetap på ein skadd eller sjuk person sørgjer vi for at pasienten får fleire lag med tørre klede som isolerer, inkludert lue (Hovudredningssentralen, u.å.). Ytst skal det vere eit vass- og vindtett lag.
Vi pakkar den skadde inn i eit damptett materiale tett på kroppen, til dømes ein stor plastsekk. Utanpå dampsperra legg vi eit isolerande lag, til dømes ein sovepose. Så legg vi den skadde på liggjeunderlag og legg rundt eit ytre, vass- og vindtett lag – til dømes ein vindsekk.
Førstehjelp
Varsling av nødetatar (nynorsk)
Livreddande førstehjelp (nynorsk)
Behandling av skadar
Nakke- og ryggskadar (nynorsk)
Brot, leddforstuingar og luksasjonar (nynorsk)