Denne delen handlar om brot, leddforstuingar og luksasjonar. Når du skal undersøkje den skadde, hugs å starte all undersøking slik:
- Vi sjekkar at den skadde pustar (smerterop er teikn på god pust).
- Vi undersøkjer om den skadde har blødingar.
- Vi sørgjer for å forhindre varmetap.
Først då går vi til fokusert undersøking der den skadde har smerter.
Innhald
- Leddforstuing/overtråkk
- Behandling av forstuingar
- Luksasjonar
- Brot
- Behandling av opne brot
- Behandling av lukka brot
- Kva er ein spjelk?
Leddforstuing/overtråkk
Ledd er eit samband mellom knoklar i kroppen som gjer at vi kan bevege knoklane i forhold til kvarandre. Rundt ledda har vi leddband, som skal sørgje for at ledda ikkje blir strekte for mykje.
Leddforstuing, gjerne berre omtalt som forstuing, oppstår når eit ledd blir vridd eller strekt meir enn det toler. Dette gir ein skade på leddbanda rundt leddet og fører til ein betennelsesreaksjon. Etter at leddet er strekt, til dømes ved eit overtråkk, er det nettopp desse teikna til betennelse som gjer at vi mistenkjer ei leddforstuing.
Det er fire teikn til betennelse:
- varme
- raudfarge
- hevelse
- smerte
Det er ikkje uvanleg med ankelleddforstuing ved turar i ulendt terreng, og det er òg ein vanleg idrettsskade.
Behandling av forstuingar
Behandling av forstuing i tilfelle der vi ikkje har mistanke om meir alvorleg skade, består av kompresjon og heving av skadestaden (Lasota, u.å.).
- Komprimer leddet, til dømes med eit coban-bind.
- Hald den skadde kroppsdelen heva i akuttfasen, fram til leddet kan belastast. Dette verkar smertelindrande og reduserer eventuell bløding frå leddbandet.
Kompresjon reduserer smerte og hevelse og kan i tillegg bidra til å stanse små blødingar i leddbandet.
Det er ikkje farleg å bevege det skadde leddet – så lenge det ikkje gjer veldig vondt. Slik belastning aukar blodtilførselen til skaden og påskundar heilingsprosessen.
Merk at det kan vere vanskeleg å skilje mellom ei forstuing og eit brot. Er vi usikre, må vi behandle skaden som om det er eit brot, inntil dette kan avkreftast av helsepersonell.
Luksasjonar
Ein luksasjon er det same som at noko har «gått ut av ledd», eller at leddendene er forskyvde i forhold til kvarandre. Årsakene kan vere dei same som for ei leddforstuing, men så har leddet komme endå lenger ut av posisjon, slik at det ikkje kjem tilbake av seg sjølv. Skulderluksasjon er ikkje uvanleg, og er noko du kan møte på under klatring eller kajakkturar.
Luksasjonar er ofte smertefulle, og den beste smertelindringa oppnår ein anten ved å avlaste leddet eller ved at leddet kjem tilbake til den opphavlege stillinga si. Å ta leddet tilbake til den opphavlege stillinga (reponering) er ikkje utan risiko, for det er vanskeleg å vite om hendinga som har ført til luksasjonen, òg har ført til andre skadar i leddet. Dersom det har oppstått eit brot i nokre av knoklane rundt leddet, kan reponering gjere skaden verre. Den einaste måten å utelukke brot på, er å ta eit røntgenbilete av leddet før reponering.
Brot
Beinbrot, altså ein brekt knokkel, kjem oftast av at nokon i turfølgjet fell. Her omtaler vi berre brot i armar og bein, som er det mest vanlege, og som er det vi kan gjere noko med.
Symptoma på brot er smerter og hevelse, i tillegg til raudfarge og varme på brotstaden. Dei minner om symptoma på forstuing. Så korleis skal vi skilje brot frå forstuing?
Kjenneteikn på brot:
- kan ikkje belaste den skadde kroppsdelen
- smerter om du tek på kroppsdelen som er brekt (ikkje berre brotstaden)
- har høyrt ein knekkelyd (er ikkje alltid mogleg å høyre)
- forkorta kroppsdel
- unaturleg stilling på kroppsdelen
Ei bekymring som følgjer med brot med feilstilling, er at brotet kan hindre sirkulasjon av blod på nedsida for brotstaden. Dersom sirkulasjonen nedanfor brotstaden blir avskoren i meir enn to timar, er det fare for irreversibel skade (Kjærvik, 2020). Derfor kan det vere aktuelt å vurdere grov re-posisjonering (grov-reponering) av kroppsdelen dersom slik skade oppstår (National Association of Emergency Medical Technicians, 2020, s. 396).
Med tanke på behandlinga er det tenleg å dele brot inn i to kategoriar:
Behandling av opne brot
- Er det synleg skit i såret, bør denne skyljast vekk med reint vatn.
- Stans eventuell bløding ved hjelp av kompressar og bandasje.
- Merk at bandasjen ikkje bør sitje strammare enn det som er nødvendig for å stanse blødinga, eventuelt berre som tildekking dersom såret ikkje blør lenger.
- Vurder grov-reponering.
- Stabiliser den skadde ekstremiteten med ein spjelk.
(Forenkling av prinsippa i National Association of Emergency Medical Technicians, 2020, s. 396)
Behandling av lukka brot
- Vurder grov-reponering ved feilstilling.
- Stabiliser den skadde ekstremiteten med ein spjelk.
Kva er ein spjelk?
Ein spjelk er noko som stabiliserer skaden under transport eller i påvente av behandling. Ein spjelk kan kjøpast eller improviserast. Prinsipp for spjelking:
- Spjelken bør vere så lang at ledda både over og under brotet blir haldne i ro.
- Spjelken må vere stiv.
- Spjelken må ikkje hindre blodsirkulasjonen, og han må ikkje lage trykk mot huda.
- Unngå metall rett mot huda, med tanke på nedkjøling.
Førstehjelp
Varsling av nødetatar (nynorsk)
Livreddande førstehjelp (nynorsk)
Behandling av skadar
Nakke- og ryggskadar (nynorsk)
Brot, leddforstuingar og luksasjonar (nynorsk)