Snu i tide
Snu i tide
🫁

Kolosforgifting (nynorsk)

Kolos, eller karbonmonoksid, er ein gass utan lukt, smak eller farge, og er derfor vanskeleg å oppdage. Kolos er farleg for menneske fordi han fortrengjer oksygen og gjer at vi blir nesten kvelte utan å merke det.

Kolosforgifting er viktig å vere merksam på dersom du fyrer med parafin i telt og snøhòle.

Hugs å alltid mistenkje kolosforgifting dersom du finn ein medvitslaus person nær ei gasskjelde. Steng av gassen, sørg for lufting og fjern personen frå området om mogleg.

Symptom på kolosforgifting

  • hovudverk (vanlegast)
  • slappheit
  • kvalme
  • svimmelheit

Viss du sjølv oppdagar slike symptom og er nær ei gasskjelde, ta deg med ein gong ut i frisk luft. Sørg for at gasskjelder er stengde av, og luft godt før du oppheld deg i eit rom, eit telt eller ei snøhòle der det kan ha vore mykje kolos.

Førebygg kolosforgiftingar ved alltid å ha god lufting når du fyrer med gass i telt eller snøhòle.

Utover dette behandlar vi ein person som kan vere kolosforgifta, som andre bevisstlause:

  1. Vi sjekkar at den skadde pustar.
  2. Vi undersøkjer om den skadde har blødingar.
  3. Vi sørgjer for å forhindre varmetap.

Og vi sørgjer for å varsle 113.

🖇️
Dette er ein del av temaet ⛑️Førstehjelp på tur (nynorsk)

Førstehjelp

🚑Varsling av nødetatar (nynorsk)

❤️‍🩹Livreddande førstehjelp (nynorsk)

💊Smertelindring (nynorsk)

🧰Førstehjelpsutstyr

Behandling av skadar

🤕Hovudskadar (nynorsk)

🦒Nakke- og ryggskadar (nynorsk)

🦵Brot, leddforstuingar og luksasjonar (nynorsk)

🩹Sårskadar og infeksjon (nynorsk)

🫁Kolosforgifting (nynorsk)

🔥Brannskadar (nynorsk)

🧊Frostskadar (nynorsk)

🥶Nedkjøling (nynorsk)

Logo

Nynorsk

Om snuitide

Kontakt oss på hei@snuitide.no