Sår er ein vanleg skade på tur. Her tek vi føre oss mindre sår og stikkskadar som ikkje blør, eller som berre blør litt. Korleis du skal stanse ei større bløding, er forklart under Bløding.
Sår er opningar i huda og byr hovudsakleg på to problem:
- blodtap
- at såret blir forureina og får ein infeksjon
Ein infeksjon oppstår dersom bakteriar, virus, sopp eller parasittar kjem innanfor huda vår og klarer å etablere seg.
Prinsipp for å behandle sår
- Når du skal behandle eit sår, bør du ha reine hender. Bruk hanskar om du har.
- Dersom eit lite sår blør litt, er det heilt ok å la det renne litt blod i eit halvt minutts tid. Det kan hjelpe med å reinse såret.
- Dersom såret er synleg skitent, skyl med reint vatn.
- Dersom det finst ein framandlekam i såret som sit fast, skal han ikkje takast vekk – då risikerer vi at det blør meir.
- Dekk til såret med ein rein kompress, og bandasjar eller teip rundt slik at kompressen sit på plass. Dersom du bandasjerer rundt noko, til dømes ein arm eller fot, pass på at bandasjen ikkje er for stram, slik at han hindrar blodstraumen.
Djupe og/eller sprikjande sår? Set på strips!
- Tørk bort blod og annan skit.
- Klem forsiktig igjen såret slik at det ikkje sprikjer.
- Set ein strips eller to over såret for å halde det lukka.
- Vurder om såret er så stort at det må syast. Er du usikker, så kontakt legevakt på 116 117.
Dersom du legg merke til at det blør gjennom kompressen i løpet av 4–5 minutt, vurder å gjere tiltak for å stanse blødinga.
Infeksjonar oppstår over tid og set gjerne spor etter seg i form av infeksjonsteikn. Tidlege infeksjonsteikn er at såret etter nokre timar eller dagar blir raudt, varmt, hovent og smertefullt, gjerne saman med at det kjem gulaktig puss frå såret. Då bør ein oppsøkje legevakt.
Meir alvorlege teikn til infeksjon er frostrier, feber og sjukdomskjensle. Her bør ein ringje 113.
Førstehjelp
Varsling av nødetatar (nynorsk)
Livreddande førstehjelp (nynorsk)
Behandling av skadar
Nakke- og ryggskadar (nynorsk)
Brot, leddforstuingar og luksasjonar (nynorsk)