Snu i tide
Snu i tide
/
📚
Innhald – nynorsk
/
⛑️
Førstehjelp på tur (nynorsk)
/
🔥
Brannskadar (nynorsk)
🔥

Brannskadar (nynorsk)

Kor alvorleg ein brannskade er, kjem an på kva delar av kroppen som er brannskadde, kor mykje overflate som er involvert, og kor djup brannskaden er. I tillegg til skadane på huda kan vi pådra oss infeksjonar gjennom huda som er skadd.

Litt forenkla kan vi dele brannskadar i to kategoriar:

Overflatiske brannskadar

Det kan til dømes vere ei kraftig solforbrenning etter ein lang dag på breen. Slike brannskadar gir smertefull, raud hud, men ingen blemmer.

Behandling:

  • Få personen inn i skuggen.
  • Den forbrende huda kan dekkjast med våte klutar.
    • Det verkar lindrande.
  • Dersom personen må ut i sola, dekk fullstendig til all hud som er forbrend.
    • Solkrem vil ikkje forhindre at skaden blir forverra, sjølv om det er overskya.
  • Hugs å drikke mykje vatn!
Overflatiske brannskadar etter litt mykje sol (og litt lite solkrem).
Foto: QuinnHK, Public domain,
Overflatiske brannskadar etter litt mykje sol (og litt lite solkrem). Foto: QuinnHK, Public domain, via Wikimedia Commons
Hand etter møte med kokande vatn. Det har komme eit par blemmer som indikerer andregrads forbrenning.
Foto: Vera de Kok, CC BY-SA 3.0,
Hand etter møte med kokande vatn. Det har komme eit par blemmer som indikerer andregrads forbrenning. Foto: Vera de Kok, CC BY-SA 3.0, via Wikimedia Commons

Djup brannskade

Djup brannskade oppstår gjerne viss du får kokande vatn over deg eller blir utsett for open flamme. Huda får blemmer med klar væske (andregrads forbrenning) eller kan bli kvit, grå, brun eller svart (tredjegrads forbrenning).

Forslag til behandling av brannskade. Merk! Plastfolien skal surrast laust rundt det skadde området. Film: Medier og kommunikasjon, Hetland vgs, 2022

Behandling

  • Fjern den skadde frå varmekjelda.
  • Kjøl ned den delen som har skadd hud, med rennande vatn i 20 minutt.
    • Vatnet bør vere ca. 20 grader.
    • Minsk faren for hypotermi ved berre å avkjøle skadd hud.
  • Vidare nedkjøling i 15–30 minutt kan verke smertelindrande.
    • Vatnet bør ikkje vere kaldare enn hudtemperaturen for å unngå frostskadar.
  • Dekk skadd hud med plastfilm (gladpack eller tilsvarande) etter nedkjøling.
    • Plastfilm vil motverke væsketap gjennom huda og reduserer sjansen for infeksjon.
  • Tilby vatn om den skadde er vaken og ikkje brekker seg.

Djupe brannskadar av eit visst omfang bør ein lege sjå på, men i akuttfasen er det viktigare å kjøle ned skaden enn å ta seg raskt til legevakt.

Dersom du held fram turen etter ein brannskade, kan det skadde området dekkjast med sterile, ikkje-limande kompressar. Byt ut kompressane kvar dag, og ver merksam på infeksjonsteikn som blir gradvis verre eller kjem saman med feber.

🖇️
Dette er ein del av temaet ⛑️Førstehjelp på tur (nynorsk)

Førstehjelp

🚑Varsling av nødetatar (nynorsk)

❤️‍🩹Livreddande førstehjelp (nynorsk)

💊Smertelindring (nynorsk)

🧰Førstehjelpsutstyr

Behandling av skadar

🤕Hovudskadar (nynorsk)

🦒Nakke- og ryggskadar (nynorsk)

🦵Brot, leddforstuingar og luksasjonar (nynorsk)

🩹Sårskadar og infeksjon (nynorsk)

🫁Kolosforgifting (nynorsk)

🔥Brannskadar (nynorsk)

🧊Frostskadar (nynorsk)

🥶Nedkjøling (nynorsk)

Logo

Nynorsk

Om snuitide

Kontakt oss på hei@snuitide.no