Ved nakke- og ryggskadar er den største bekymringa vår at det kan oppstå skadar på ryggsøyla. Ryggsøyla er ein del av skjelettet vårt og består av ei søyle av virvlar frå hovudet til bekkenet. Ho dannar ein kanal for ryggmergen vår. Ryggmergen består av milliardar av nerveceller, som mellom anna styrer rørsle og kjensle i alle delane av kroppen, frå hals til tå. Dersom vi får skade på ryggmergen, kan det gi alvorlege følgjer.
Dette gjer at vi skal vere ekstra forsiktige når vi skal handtere og behandle personar som vi mistenkjer har skade på nakke eller rygg.
Når skal vi mistenkje nakke- og ryggskadar?
Vi kan mistenkje skade på nakke eller rygg på bakgrunn av
- korleis skaden har skjedd
- korleis den skadde ligg eller ser ut
- ei undersøking av den skadde
Enkelte hendingar gir oftare skadar på nakke og rygg. Døme på dette er fallskadar i fjellet, klatreulukker og steinsprang i fjellet som treffer hovud eller overkropp.
Ver obs dersom du finn den skadde liggjande i ei unaturleg stilling i rygg/overkropp, til dømes over ein stein som stikk opp av terrenget.
Dette bør du hugse på når du undersøkjer ein person som kan ha fått nakke- eller ryggskade:
Viss alt er normalt i denne undersøkinga, er det mykje som tyder på at det har gått bra med nakke og rygg. Dersom du derimot finn noko i denne undersøkinga, bør nakke og rygg stabiliserast.
Dersom den skadde er vaken:
- Be den skadde liggje stille medan du undersøkjer.
- Spør om hen har smerter i nakke eller rygg, eller skarpe, utstrålande smerter i armar eller bein. Viss ja så stabiliser nakke/rygg.
- Sjå om den skadde har fått blåmerke, hevelse eller feilstilling i nakken eller ryggsøyla – dersom det er mogleg utan å endre stilling på nakke og rygg. Viss ja så stabiliser nakke/rygg.
- Be den skadde bevege fingrar og tær, og sjekk at hen har kjensle i desse. Dersom hen manglar kjensle eller rørsle, så stabiliser nakke/rygg.
Dersom den skadde ikkje er vaken, hugs:
- Vi sjekkar at den skadde pustar.
- Vi undersøkjer om den skadde har blødingar.
- Vi sørgjer for å forhindre varmetap.
Og vi sørgjer for å varsle 113.
Kor viktig er det å stabilisere nakke og rygg?
Å prøve å unngå forverring av nakke- og ryggskadar er viktig, men det må ikkje ta så stor plass at vi blir redde for å gjere noko. Stabilisering av nakke og rygg skal ikkje ha prioritet over livreddande behandling. Dersom den skadde ikkje pustar normalt eller har ei bløding, prioriterer vi det først.