Skadar skjer både heime og på tur. Når vi er i fjellet, tek det ofte lengre tid før vi kan få hjelp frå medisinsk personell. Derfor er det lurt å kunne grunnleggjande førstehjelp. Vi må òg tenkje på korleis vi best mogleg kan ta vare på den som er skadd, og resten av turfølgjet, til hjelpa kjem.
Ved å øve på å handtere ulike skadar som kan skje på tur, er du og turfølgjet ditt betre førebudde dersom nokon blir utsette for ei ulukke.
Kort om førstehjelp
- Om du treng hjelp, så ring 113.
- Hugs at tur etter evne førebyggjer uhell.
- Undersøking av skadde personar følgjer denne prioriteringa:
- Vi sjekkar at den skadde pustar.
- Vi undersøkjer om den skadde har blødingar.
- Vi sørgjer for å forhindre varmetap.
- Personar som er bevisstlause, men pustar normalt, skal liggje i sideleie.
- Vanlege skadar på tur er
- forstuingar
- sårskadar
- brannskadar
- frostskadar
- Det er viktig å oppdage teikn til nedkjøling tidleg.
- Hugs at smertelindring er viktig for å vareta den skadde.
Behandling av skadar
Her vil du lære korleis du kan førebyggje uhell og skadar på tur, og om uhellet først er ute, korleis du kan handtere situasjonen.
Vi skal lære korleis vi planlegg og gjennomfører tur etter evne, varsling av nødetatane og livreddande førstehjelp, og dessutan korleis vi kan stabilisere og behandle eit utval skadar som gjerne oppstår på tur.
Tur etter evne / førebygging av uhell og skadar
Dette kapittelet handlar om korleis vi handterer skade eller sjukdom på tur. Alle kan vere uheldige, og nokre gonger oppstår uhell utan at nokon kan lastast for det.
Likevel er det slik at mange uønskte situasjonar kan førebyggjast allereie før vi dreg ut på tur. Det at du tileignar deg kunnskap om førstehjelp på tur, er ein måte å redusere risikoen med å vere på tur på.
Risiko er summen av to faktorar:
- sjansane for at ei uønskt hending skal skje, og
- konsekvensen av den uønskte hendinga
For å forstå risikoomgrepet kan vi bruke overtråkk som døme. Ved å ha lett oppakning, bruke sko med god støtte for ankelen og sjå oss for når vi går i ulendt terreng, reduserer vi sjansane for at overtråkk skal skje. Ved i tillegg å kjenne til korleis vi behandlar overtråkk på best mogleg måte, og ha ein plan for evakuering dersom den skadde ikkje kan ta seg ut av terrenget sjølv, så reduserer vi konsekvensen når eit overtråkk først har skjedd.
Kjernen i førebygging av uhell og skadar er at vi planlegg og gjennomfører tur etter evne. Det inneber at vi vel turar som, under dei rådande forholda, turfølgjet har ferdigheiter, utstyr og fysisk form til å kunne gjennomføre med overskot. Vi må ta høgd for at vêr og forhold kan endre seg undervegs, og at det kan oppstå uhell som turfølgjet må vere i stand til å handtere sjølv.
Gode marginar oppnår vi ved å tileigne oss kunnskap, ferdigheiter og erfaring. Kunnskap og ferdigheiter kan vi tileigne oss og øve på før vi dreg ut, medan erfaring er noko vi tileignar oss over tid. Dersom du har lite erfaring frå liknande turar frå før, er det viktig å ikkje leggje lista for høgt i starten.
Les meir om Turplanlegging og tryggleik (nynorsk).
Situasjonsvurdering, eigentryggleik og prioriteringar
Dei fleste skadar og uhell som oppstår på tur, er heldigvis ikkje veldig alvorlege. Nokre gonger kan vi hamne i ei større ulukke, eller møte andre som treng hjelp. Ved større ulukker må vi gjere oss ei oppfatning av situasjonen og eigentryggleiken før vi går i gang med varsling og undersøking av skadde. Døme på dette er dersom nokon er tekne i skred, er trefte av steinras, har falle ned ei fjellside, har sett seg fast i eit usikkert terreng eller liknande hendingar.
Situasjonsvurdering
Situasjonsvurdering vil seie at vi gjer oss opp ei meining om desse punkta:
- Kva har skjedd?
- Kor mange personar er involverte i hendinga, og kva skadar har oppstått?
- Kva hjelp treng vi for å løyse situasjonen?
- Er det tilkalla hjelp allereie?
Gjer deg ei oppfatning av kva som er den utløysande faktoren for hendinga. Gjeld det eit steinras, snøskred, ei klatreulukke, eller er kanskje ein kajakkpadlar funnen livlaus i vatnet?
Her prøver vi å få eit overblikk over skadeomfanget. Skadeomfang kan til dømes vere «tre personar tekne i skred, to er gravlagde og éin ligg i snøoverflata».
Dersom vi ikkje har føresetnader for å løyse situasjonen med dei ressursane vi har tilgjengeleg i gruppa, bør vi varsle, så vi får den hjelpa vi treng. Det kan vere livreddande førstehjelp eller hjelp til evakuering.
Dersom du meiner det er behov for hjelp utanfrå, er det lurt å varsle så tidleg som mogleg. Du kan lese meir om varsling i Varsling av nødetatar (nynorsk).
Eigentryggleik
Eigentryggleik er alltid første prioritet. Vi kan ikkje hjelpe til om vi sjølv blir skadde; då eskalerer vi berre situasjonen framfor å gjere han betre. Det er derfor viktig at vi stoppar opp og tenkjer oss om, før vi skundar oss inn til ein skadd person for å hjelpe til. Vi stiller oss spørsmålet: Er terrenget trygt?
Dersom det har gått steinras eller skred, må vi vurdere om terrenget framleis er farleg å bevege seg i. Dersom den skadde ligg på ei utsett steinhylle, må vi vurdere om det er trygt å ta seg dit utan å setje fleire liv i fare. Er isen trygg nok til at vi kan ta oss ut og hjelpe ein person som har falle i ei råk?
Hugs at faremoment kan handle om både det som er over oss, og det som er under oss. Dårleg vêr, vått og bratt terreng og dårlege lysforhold er med og påverkar tryggleiken i uheldig retning.
Vurderinga er likevel ikkje alltid svart eller kvit – trygg eller ikkje trygg. Risikoen heng ikkje berre saman med terrenget du går inn i, men òg med kor lenge du oppheld deg i terrenget. Nokre gonger kan vi vurdere at terrenget er trygt nok til at vi kan gå inn for å hente ein skadd person, men vi vel å hente den skadde ut og ta vedkommande til ein tryggare stad før vi byrjar undersøking og behandling. På den måten avgrensar vi tida vi oppheld oss på skadestaden. Dette tidsrommet kallar vi for eksponeringstid.
Prioritering ved fleire skadde
Ved større hendingar med fleire skadde og avgrensa ressursar kan vi komme i ein situasjon der vi må prioritere kven vi skal undersøkje og behandle først.
Eit verktøy vi kan bruke for å avgjere kven vi skal prioritere på ein stad med fleire skadde, er å rope ut av full hals:
«Dei som kan gå sjølve, kom til meg! Dei som ikkje kan gå sjølve, gi teikn eller rop!»
Vi prioriterer undersøking og behandling slik:
- først skadde som ikkje gir livsteikn
- dernest dei som er vakne, men ikkje kan gå
- til sist dei som kan gå
(Helsedirektoratet, 2020)
Oppgåver
Førstehjelp – ulike scenario (nynorsk)Førstehjelp
Varsling av nødetatar (nynorsk)
Livreddande førstehjelp (nynorsk)
Behandling av skadar
Nakke- og ryggskadar (nynorsk)
Brot, leddforstuingar og luksasjonar (nynorsk)
Tekst
- Snuitide (2022)
- «Førstehjelp – ulike scenario»: Gina Wigestrand, Snuitide (2022)
- «Førstehjelpsutstyr»: Gina Wigestrand, Snuitide (2022)
- Filmar: Medium og kommunikasjon, Hetland vgs., 2022