Logo

Nynorsk

Om snuitide

Kontakt oss på hei@snuitide.no

Snu i tide
Snu i tide
/
📚
Innhald – nynorsk
/
⛑️
Førstehjelp på tur (nynorsk)
/
🖍️
Førstehjelp – ulike scenario (nynorsk)
🖍️

Førstehjelp – ulike scenario (nynorsk)

⛑️Førstehjelp på tur (nynorsk) - Behandling av skadar

‣
Innhald
Førstehjelpstriangelet.
Illustrasjon: Emma Kenny, Emma Kenny Design & Illustrasjon
Førstehjelpstriangelet. Illustrasjon: Emma Kenny, Emma Kenny Design & Illustrasjon

Overtråkk

Case

Eit følgje går på tur, og plutseleg trakkar ein person over. Slikt kan hende nær sagt kvar som helst, men skjer gjerne i litt ulendt terreng. Den som er markør, vil oppleve store smerter i ankelen, men elles vere heilt bevisst. Personen vil ikkje klare å stå skikkeleg på foten. Dette gjer vondt.

Førebuingar

Personen som skal bli «skadd» (markøren), går saman med turfølgjet og fell eller sklir på ein eigna stad. På førehand noko teatersminke på ankel, slik at han har eit hint av blåleg farge. Store smerter i ankel, vanskeleg å trø på.

‣

Forslag til handtering

Tilleggsinfo

  1. Er skadestaden veldig hoven og foten vond å trø på, bør det takast røntgen og sjekkast for brot.
  2. NB. Nedkjøling kan vere smertelindrande, men er ikkje lenger ein del av den tilrådde behandlinga for forstuingar.

Fallskade/hovudskade

Case

De finn ein person som ser ut til å ha falle eit lengre stykke. Personen ligg nedanfor stien i bratt terreng. Personen er ikkje bevisst.

Variasjonar

  • Personen er bevisst.
  • Personen er «sjokkskadd» og panisk.
  • Personen har indre blødingar (vanskelegare å oppdage).

Førebuingar

Markøren får teatersminke og gjerne falskt blod under kleda. Bør liggje i ein posisjon som gjer det tydeleg at det er snakk om traume. Markøren kan gjerne vere litt susete, svimmel og/eller kvalm.

‣

Forslag til handtering

Tilleggsinfo

  1. Teikn på alvorleg hovudskade:
    1. at den skadde har vore bevisstlaus i meir enn 2 minutt
    2. at den skadde har vore bevisstlaus, har vakna opp igjen og seinare får redusert bevisstheit
    3. at den skadde har aukande hovudverk
    4. at du finn eit ope sår i hovudbotnen
    5. at du kjenner brot eller deformitet i hovudskallen
    6. at det kjem blod eller væske frå øyra, nasen eller munnen til den skadde
    7. at den skadde ser dobbelt eller uskarpt
    8. at den skadde har ustø gonge
  2. Stans bløding.
  • Direkte kompresjon vil stanse dei fleste ytre blødingar.
  • Legg på bandasje og pakking.
  • Immobiliser pasienten (hald pasienten i ro).
  • Hev den blødande staden.
  • Bruk trykkpunkt.
  • Sørg for varmekonservering.

Brot og ledd

Case

  1. Ein person sklir i glatt steinur og tek seg for i fallet. Personen har stor sekk og fell oppå armen. Det resulterer i brot i arm.
  2. Ein person på skitur set fast staven i sørpesnø. Personen har stor fart i nedoverbakke, og armen blir røska bakover. Det resulterer i ei skulder ut av ledd.
  3. I ei steinur set ein av deltakarane fast beinet i eit hòl og fell framover. Det resulterer i brot i legg.

Førebuingar

Markøren får teatersminke og gjerne falskt blod på skadestaden. Skadestaden kan òg vere svært lite synleg. Ankelbrot kan ofte sjå heilt likt ut som overtråkk. Det er ikkje alltid dislokasjon ved brot eller ope brot.

‣

Forslag til handtering

Tilleggsinfo

  1. Er skadestaden veldig hoven og foten vond å trø på, bør det takast røntgen og sjekkast for brot.
  2. Vanlege brot skal immobiliserast. Altså: Forhindre at brotet blir verre. Ved opne brot: Stopp bløding, helst utan å komme for mykje borti beinpiper og liknande. Bygg opp og rundt.
  3. Du bør ikkje reponere med mindre du veit korleis du gjer det. Ei skulder, fingrar, tær eller anna som har komme ut av ledd, bør setjast på plass så snart som mogleg. Det gjer mindre vondt å fikse det med éin gong enn å gå lenge med noko ute av ledd.
  4. Spjelk:
    1. 💡
      Tips: Lag spjelken på deg sjølv først, så får ikkje den skadde så vondt.
    2. Spjelken bør vere så lang at ledda både over og under brotet blir haldne i ro.
    3. Spjelken må vere stiv.
    4. Spjelken må ikkje hindre blodsirkulasjonen, og han må ikkje lage trykk mot huda.
    5. Unngå metall rett mot huda, med tanke på nedkjøling.

Blødingar – store og små

Case

  1. Ein person har fått ei øks i foten då han skulle hogge ved.
Blødning

LÆRINGSMÅL Målet for opplæringen er at elevene skal kunne identifisere en ytre blødning som må stanses stoppe blødningen ved å legge direkte press og/eller band

www.elevkanalen.no

Blødning
  1. Ein person klatra og fekk ei knekt grein i leggen då han fall.
  2. Ein person skar grønsaker til middag og skar seg i fingeren.

Førebuingar

Bruk teatersminke og gjerne blodampullar slik at det blør godt. Markøren treng ikkje nødvendigvis ha store smerter. Gjerne litt panikk ved syn av blod.

‣

Forslag til handtering

Tilleggsinfo

  1. Det gjer ofte vondt for den skadde når vi stansar blødingar. Ver derfor klar over at den skadde kan kjempe mot.
  2. Teikn på bløding:
    • tørst
    • kaldsveitt
    • bleik
    • redusert bevisstheit
    • synlege skadar
    • traume som kan tilseie at det har blitt ein skade (energi)
    • kan ha smerter

Generell nedkjøling

Case

De er på tur på fjellet og skal gå ein lang dagsetappe. Det er litt over null grader, det blæs friskt mot dykk og er tidvis sluddbyger. Ein i turfølgjet verkar litt sliten, og de får ikkje så god kontakt med vedkommande. Ved nærmare undersøking ser de at fleire av plagga til personen er våte.

Førebuingar

Markøren verkar irritabel, eller er unormalt stille eller tilbaketrekt ved stopp eller pausar. Kan òg vere litt ustø i gongen, et ikkje så godt i matpausane, eller skjelv og hakkar tenner.

‣

Forslag til handtering

Brannskade

Case

  1. Ein person sit nær bålet, får overbalanse og fell mot bålet. Tek seg for med handa i bålet.
  2. Ein person koker mat på stormkjøkken og skal pakke vekk utstyret. Tek på glovarm brennar og får store brannsår i handa.
  3. Du koker pasta og veltar ein stor kjele med kokande vatn over foten.

Førebuingar

Smink det skadde området med noko blemmeliknande og raudt og ev. opne sår. Den skadde har store smerter og ubehag.

‣

Forslag til handtering

Tilleggsinfo

  1. Plastfilm vil motverke væsketap gjennom huda og redusere faren for infeksjon. Dersom du har spesielle kompressar for å dekkje brannskadar (til dømes jelonet), kan du leggje desse mellom huda og plastfilmen.
  2. Dersom du held fram turen etter ein brannskade, kan det skadde området dekkjast med sterile, ikkje-limande kompressar. Byt ut kompressane kvar dag, og ver merksam på infeksjonsteikn som blir gradvis verre eller kjem saman med feber.

Drukning

Case

  1. Ei gruppe er ute og surfar, og ein av deltakarane får hovudet i brettet. Blir liggjande å flyte med hovudet ned. Det er ca. 50 meter frå stranda og ut til vedkommande.
  2. På ein varm sommardag i heia kastar ein av deltakarane kleda og stuper uti eit vatn utan å sjekke botnforholda. Blir liggjande livlaus i overflata med hovudet ned.
  3. Ved kryssing av ei flaumstor elv blir ein i turfølgjet dregen over ende og teken med straumen. Forsvinn under vatn og ut av syne. Blir funnen fem minutt seinare livlaus i ei bakevje 40 meter lenger nede i elva.

Førebuingar

Person i vatnet, flytande med hovudet ned eller panisk duppande opp og ned i vatnet.

Ein som druknar, bruker all energien sin på å halde seg over vatnet. Det er svært sjeldan det kjem lydar eller rop frå den som druknar, eller at vedkommande får gitt signal. Drukning skjer i det stille.

‣

Forslag til handtering

Tilleggsinfo

Fall gjennom is

Case

Ein person fell gjennom isen. Kva gjer vi for å få opp den som har falle i vatnet, og førebyggje ytterlegare skadar?

Variasjonar

  • har ikkje ispiggar
  • kasteline ikkje tilgjengeleg
  • utrygg is i heile området rundt den skadde
  • personen i vatnet har panikk
  • berre to personar i turfølgjet, altså berre éin som kan redde

Førebuingar

Lag hòl i isen for å ha ein stad å gå gjennom isen. Plasser ein person i vatnet eller ei dokke i ei råk. Det er òg mogleg å kombinere casen med at éin og éin elev hoppar ned i råka for å prøve å redde seg sjølv opp. Prøv gjerne både med og utan ispiggar. Det er viktig at personen i vatnet har på kasteline som ei ekstra sikring.

Ha klart tørre skift og liggjeunderlag i skum til å stå og skifte på.

‣

Forslag til handtering

🖇️
Dette er ein del av temaet ⛑️Førstehjelp på tur (nynorsk)

Førstehjelp

🚑Varsling av nødetatar (nynorsk)

❤️‍🩹Livreddande førstehjelp (nynorsk)

💊Smertelindring (nynorsk)

🧰Førstehjelpsutstyr

Behandling av skadar

🤕Hovudskadar (nynorsk)

🦒Nakke- og ryggskadar (nynorsk)

🦵Brot, leddforstuingar og luksasjonar (nynorsk)

🩹Sårskadar og infeksjon (nynorsk)

🫁Kolosforgifting (nynorsk)

🔥Brannskadar (nynorsk)

🧊Frostskadar (nynorsk)

🥶Nedkjøling (nynorsk)

Tekst

Gina Wigestrand, Snuitide (2022)