Fleire av tilstandane vi har gått igjennom, kan gi sterke smerter. Smerter som oppstår brått, er ein del av alarmsystemet i kroppen – formålet er å verne oss mot skade og å hindre at skaden blir forverra. Dersom vi får eit skikkeleg overtråkk på tur, vil vi få vondt og redusere belastninga. Dette gjer at skaden raskare blir betre.
Det å ha sterke smerter treng ikkje vere farleg i seg sjølv, men smertelindring kan hjelpe slik at vi til dømes får stabilisert brot og evakuert. Dessutan er det beste å unngå smerte om vi kan. Det er derfor nyttig kunne litt om smertelindring.
Ikkje-medikamentell smertelindring
Smerte kan oppstå på grunn av eit nervesignal, kva vi føler, og korleis vi tenkjer. Dersom vi er redde når vi har smerter, vil vi oppleve smerta sterkare enn viss vi ikkje er redde. Sidan smerte òg handlar om korleis vi tenkjer, kan vi påverke opplevinga vår av smerte på andre måtar enn ved å bruke legemiddel.
Ved at vi skaper ro i situasjonen, blir òg den skadde rolegare. Ein god start kan vere å seie: «Hei, eg heiter Gina, eg skal bli her til hjelpa kjem.» Forsøk å tryggje den skadde.
Forklar kva som vil skje, korleis og kvifor. Dette gjer situasjonen meir føreseieleg for den skadde, og hen vil føle at hen har meir kontroll over det som skjer. Ta den skadde med på avgjerder viss det er mogleg.
For å motverke kjensler av frykt og uro prøver vi å tryggje omgivnadene. Ei skråning i terrenget som kan verke heilt harmlaus, kan opplevast som farleg for ein i turfølgjet som nettopp har snubla og brekt ankelen i fallet. Ofte er det ein god idé å komme seg vekk frå terrenget som den skadde opplever som utrygt. Ta gjerne den skadde innandørs der det er praktisk. Gjer hen så komfortabel som mogleg.
Mental avleiing, som å fokusere på pust, høyre på musikk (og syngje av full hals) eller snakke om eit tema som engasjerer, kan hjelpe den skadde med å få tankane vekk frå smertene.
Reseptfrie legemiddel som gir smertelindring
Dei mest aktuelle reseptfrie legemidla å ha med på tur er preparat som har verkestoffa paracetamol og ibuprofen. På tur er det som hovudregel mest praktisk å ha med smertestillande legemiddel i form av tablettar, sjølv om det finst andre alternativ.
Legemiddel | Verkeområde |
Paracet/Panodil/Pinex
(paracetamol) | • febernedsetjande
• smertelindrande
• verkar godt mot hovudverk |
Ibux / Ibumetin
(ibuprofen) | • betennelsesdempande
• febernedsetjande
• smertelindrande |
Både paracetamol og ibuprofen verkar normalt godt på smerter, hovudverk og feber. Paracetamol er som regel førstevalet ved smertelindring, fordi det har færre biverknader enn ibuprofen. Men ibuprofen har òg ein betennelsesdempande effekt. Det gjer at legemiddelet er særleg godt eigna til smerter som kjem frå betennelse i musklar og ledd, til dømes eit overtråkk.
Sjølv om reseptfrie legemiddel ikkje er utan risiko, blir dei rekna som sikre så lenge instruksane på pakningvedlegget og normal dosering blir følgt. Ver generelt tilbakehalden med å tilrå legemiddel sjølv om dei er reseptfrie. Får nokon i turfølgjet sterke smerter og vi har smertestillande tilgjengeleg, kan vi informere om at vi har smertestillande dersom det er behov. Spør om vedkommande har teke denne typen medisin før – då er det som regel trygt å ta igjen.
Førstehjelp
Varsling av nødetatar (nynorsk)
Livreddande førstehjelp (nynorsk)
Behandling av skadar
Nakke- og ryggskadar (nynorsk)
Brot, leddforstuingar og luksasjonar (nynorsk)