Orientering handlar om å finne fram. Vi orienterer kvar dag vi går ut av huset. Når vi kjenner området vi ferdast i, er det lettare å finne fram, til dømes på veg til skulen. Men det er ikkje alltid like lett å finne fram til rett T-banestasjon i ein ny by.
I naturen er det òg lettare å finne fram på kjende stader. Gatene, husa og parkane frå byen er bytte ut med stiar, vatn og fjell i naturen. Vi kan oppleve tåke og snø på fjellet som gjer det vanskeleg å finne ut kvar vi er. Derfor bruker vi kart og kompass for å finne fram i naturen. GPS er fint å ha i tillegg.
Grunnleggjande om orientering
Ekvidistanse og målestokk (nynorsk)Kompasskurs (nynorsk)GPS (nynorsk)Misvising (nynorsk)Kort om orientering
- Kartet viser ei forminska teikning av verkelegheita.
- Målestokk seier noko om kor mykje verkelegheita er forminska på kartet.
- 1 : 50 000 betyr at 1 cm på kartet er 50 000 cm, eller 500 meter, i verkelegheita.
- Høgdekurver er brune linjer på kartet som skal vise høgdeforskjellen i terrenget.
- Ekvidistanse er kor mange høgdemeter det er mellom høgdekurvene.
- Kompasset har ei raud, bevegeleg pil som viser kvar nord er.
- Dei fleste kompass er delte opp i 360 grader.
- Vi har fire himmelretningar: nord, sør, aust og vest.
- Himmelretningane blir forkorta N, S, Ø, V.
- Kompasskurs er når du tek ut ein kurs for å vite kva retning du skal gå i.
- Ved hjelp av kompasset kan vi ta ut, og gå, ein kompasskurs.
- GPS er eit hjelpemiddel som nyttar satellittar for å avgjere kvar du er.
Tips når du les kart
- Fargar på kartet
- Blått er vått.
- Svart er hardt.
- Grønt er skog, og kvitt er fjell (over tregrensa).
- Brune strekar er høgdekurver.
- Sjå etter leielinjer og oppfangspunkt i terrenget:
- vatn
- elvar
- høgderyggar
- dalar
- kraftlinjer
- tydelege stiar
- Leielinjer = terrengdetaljar som er lette å finne og følgje, og som leier deg i rett retning.
- Oppfang = tydelege kjenneteikn som viser kvar du er, til dømes stikryss, eit vatn med spesiell fasong, eit stup.
- Sjå alltid på målestokken på kartet. Kor store er vatn og terrengdetaljar i verkelegheita?
- Sjekk ekvidistanse: Kor langt er det mellom høgdekurvene?
- Bruk tommelgrepet: Hald tommelen der du er på kartet, slik at du slepp å leite fram kvar på kartet du er heile tida.
Kartteikn
Trykk på dei lilla sirklane på kartet for å få meir informasjon om ulike kartteikn.
Klikk på bileta for å få opp fleire bilete og ei beskriving av kartteikna.
Bruk av kart, kompass og høgdemålar
Når du bruker kartet, er det lurt å orientere det etter terrenget. Då er det enklare å sjå samanhengen mellom kartet og terrenget rundt deg. Dette gjer du ved å leggje kompasset oppå kartet. Vri kartet slik at kompassnåla peikar mot nord på kartet. No vil landskapet rundt deg og kartet stemme overeins.
Bruk kartet jamleg. Følg med etter kvart som du flyttar deg i terrenget. Bruk leielinjer og detaljar til å avgjere kvar du er. Blir du i tvil om kvar du er, er det lettare å finne det ut viss du har følgt med på kartet undervegs.
Kompass
Det finst to typar kompass: vanleg kompass og spegelkompass. Kompasshusa er ganske like, begge har 360 grader på gradeskiva og raud nordpil. Vanleg kompass har ei tydeleg marsjpil, medan spegelkompass har eit hakk i toppen av spegelen som viser kvar du skal sikte.
Eit vanleg kompass fungerer meir enn godt nok for dei aller fleste. Fordelen med spegelkompass er at det er lettare å sjå at du held rett kurs, ettersom du kan sikte med strak arm og samtidig sjå kursen i spegelen på kompasset. Skal du gå mykje tur på vinteren i ruskevêr og på bre, kan det vere lurt å skaffe seg eit spegelkompass.
Høgdemålar
Ein høgdemålar er eit fint supplement som kan gi nyttig informasjon til orienteringa. Han kan brukast til fleire formål, mellom anna for å kontrollere kvar på kartet vi meiner å vere. Ein høgdemålar er eit barometer med høgdeskala. Det er spesielt viktig å justere høgdemålaren i skiftande vêr, ettersom barometertrykket då endrar seg. Høgdemålaren kan då vise verdiar som er opptil fleire hundre meter for høge eller låge. Høgdemålaren må derfor korrigerast heile tida når du er på stader der du kjenner høgda. Dette er relativt lett med gode kart.
Oppgåver
Oppgåver om kart og kompass (nynorsk)Artiklar i temaet
Ekvidistanse og målestokk (nynorsk)
Kartreferanse – for å fortelje kvar du er (nynorsk)
Meir om temaet
Orientering etter teikna i naturen (nynorsk)
Orientering i vinterfjellet (nynorsk)
Tekst:
- Gina Wigestrand, Snuitide (2021)
- «Misvising», «Krysspeiling», «Målsøking», «Høgdemålar» og «Funksjonar på GPS-en»: Lars Christian Unger, Turlederboka (2010), omarbeidd av Gina Wigestrand, Snuitide (2022)
- «Orientering etter teikna i naturen»: Bjørn Henrik Stavdal Johansen, Snuitide (2022)
- «Orientering i vinterfjellet»: Øystein Ormåsen, Wild Voss (2021)
- Oppgåver
- «Oppgåver om kart og kompass»: Gina Wigestrand og Lin Cecilie Andersen, Snuitide (2021)
- «Praktisk økt ute – orientering»: Tone Olavsdotter Mosebø (2017), NDLA (CC BY-SA)
- Interaktive oppgåver frå NDLA: Ragnhild Kjeldsen, Cathrine Dunker Furuly og Bjørn Erik Rolseth, NDLA, 2019 (CC BY-SA)