Snu i tide
Snu i tide
/
📚
Innhald – nynorsk
/
🧭
Orientering (nynorsk)
/
🌍
Misvising (nynorsk)
Misvising (nynorsk)
🌍

Misvising (nynorsk)

Rutenettet i UTM-systemet på kartet peikar verken heilt mot magnetisk nord eller heilt mot geografisk nord. Kompassnåla i kompasset peikar mot den magnetiske nordpolen. Misvising er avviket mellom nord på rutenettet og magnetisk nord (Unger, 2010).

Skal du ta ut ein svært nøyaktig kompasskurs, må du ta omsyn til misvisinga (i grader). Misvisinga står alltid oppgitt på turkart. Legg merke til at ho vil endre seg over tid. Misvisinga varierer alt etter kvar du er i Noreg, frå ca. 11 grader austleg misvising i Aust-Finnmark til ca. 3 grader vestleg misvising på Vestlandet (Statens kartverk, 2021).

Mange stader er misvisinga så lita at du ikkje treng å ta omsyn til ho. I Troms og Finnmark og på Svalbard er derimot misvisinga så stor at det er heilt avgjerande å ta omsyn til ho når vi tek ut ein kurs.

Døme på misvising på kart over Svalbard. Misvisinga var på 7 grader aust i 2015.
Døme på misvising på kart over Svalbard. Misvisinga var på 7 grader aust i 2015. NB! I 2021 var misvisinga på Svalbard 9 grader aust. Foto: Gina Wigestrand

Korrigering av kurs for misvising

💡
Hugseregel: Vestleg vrir vi mot venstre.

Ved vestleg misvising legg vi til gradetalet som står i misvisinga. Ved austleg misvising må vi trekkje frå.

Vi korrigerer alltid kursen ETTER at vi har teke ut kursen på kartet, og før vi finn eit punkt i terrenget.

Ved til dømes krysspeiling der vi skal overføre kursen til kartet, må vi justere motsett veg. Vi korrigerer då kursen vi får, ved å justere 10 grader mot høgre dersom det er vestleg misvising, eller mot venstre dersom korrigeringa for misvisinga er austleg.

Her kan du rekne ut misvising

Magnetisk misvisning

Misvisningen varierer avhengig av hvor du er i Norge, fra ca. null grader misvisning på Vestlandet til ca. 15 grader østlig misvisning i Øst-Finnmark. Mange steder er misvisningen så liten at du ikke trenger ta hensyn til den, men vær oppmerksom på at den øker litt for hvert år.

www.kartverket.no

Magnetisk misvisning
a – viser original kurs (43 grader)
b – viser kurs korrigert for misvising (40 grader)
c – viser differansen mellom magnetisk nord og geografisk nord (3 grader vest) 
Illustrasjon: K.N. Friis,
a – viser original kurs (43 grader) b – viser kurs korrigert for misvising (40 grader) c – viser differansen mellom magnetisk nord og geografisk nord (3 grader vest) Illustrasjon: K.N. Friis, Turlederboka, s. 73
🖇️
Dette er ein del av temaet 🧭Orientering (nynorsk)

Artiklar i temaet

⛰️Ekvidistanse og målestokk (nynorsk)

🧲Kompasskurs (nynorsk)

🗺️Ruteval og SARTTO (nynorsk)

🛰️GPS (nynorsk)

🌍Misvising (nynorsk)

🌐Kartreferanse – for å fortelje kvar du er (nynorsk)

Meir om temaet

👁️Krysspeiling (nynorsk)

🔆Orientering etter teikna i naturen (nynorsk)

⛷️Orientering i vinterfjellet (nynorsk)

⛵Orientering på sjøen (nynorsk)

🖨️Skrive ut kart fra nettet

Tekst:

Lars Christian Unger, Turlederboka (2010), bearbeidet av Gina Wigestrand, Snuitide (2022)

‣
Kjelder
Logo

Nynorsk

Om snuitide

Kontakt oss på hei@snuitide.no