Snu i tide
Snu i tide
/
📚
Innhald – nynorsk
/
🧭
Orientering (nynorsk)
/
🧲
Kompasskurs (nynorsk)
Kompasskurs (nynorsk)
🧲

Kompasskurs (nynorsk)

Kompasskurs bruker vi når vi treng å vite kva retning vi skal gå i. Det kan vere dersom vi har få leielinjer å følgje, terrenget er einsarta og ope eller det er tåke og dårleg sikt.

Ta ut kompasskurs. Film: Sindre Kolbjørnsgard, 2021, avgrensa gjenbruk

Slik tek du ut og går ein kompasskurs

Oversikt over dei ulike delane på kompasset.
Foto: Ola Njå Bertelsen, Snuitide
Oversikt over dei ulike delane på kompasset. Foto: Ola Njå Bertelsen, Snuitide
  1. Legg kompasset slik at kanten på kompasset følgjer den rette strekninga frå den staden du står, til den staden du skal. Pass på at marsjpila peikar i den retninga du skal gå.
  2. Foto: Ola Njå Bertelsen, Snuitide
    Foto: Ola Njå Bertelsen, Snuitide
  3. Vri kompasshuset så linjene i kompasshuset blir parallelle med nord–sør-linjene på kartet (det blå rutenettet). Pass på at nordpila i kompasshuset peikar mot nord på kartet. Nord er oppover på kartet når kartet ligg slik at du kan lese orda.
  4. Foto: Ola Njå Bertelsen, Snuitide
    Foto: Ola Njå Bertelsen, Snuitide
  5. Hald kompasset flatt i handa. Den raude kompassnåla vil svinge fritt og stille seg inn så ho peikar mot nord. Drei kompasset til kompassnåla ligg saman med den raude nordpila.
  6. No peikar marsjpila i den retninga du skal gå. Sikt inn eit punkt som ligg i den retninga marsjpila peikar. Gå dit og finn eit nytt siktepunkt.
  7. Foto: Ola Njå Bertelsen, Snuitide
    Foto: Ola Njå Bertelsen, Snuitide
💡
Hugs at metallgjenstandar og kraftleidningar kan påverke den magnetiske kompassnåla. Til og med klokka eller kniven din kan gi feil kurs om dei kjem nær nok kompasset.

NB! Nokre gamle orienteringskompass har 400 grader på gradeskiva. Sjekk alltid at alle har 360-graderskompass før de tek ut kurs, elles vil de få ulike kursar.

Nokre tips til kompasskurs

  • Hugs at marsjpila alltid skal peike mot målet (staden du skal til).
  • Ver nøye når du tek ut kursen.
    • Det er fort gjort å få fleire grader feil om du er unøyaktig.
  • Sjå kva himmelretning kursen du har teke ut, ligg i, og sjekk at gradene stemmer med himmelretninga du skal gå.
    • NORD vil vere rundt 360 eller 0 grader.
    • ØST vil vere rundt 90 grader.
    • SØR vil vere rundt 180 grader.
    • VEST vil vere rundt 270 grader.
  • Ta ut korte kompasskursar.
    • maks eit par kilometer, då er det lettare å halde kursen
  • Finn eit siktepunkt eller oppfang.
    • då er det lettare å halde kursen og vite at du er på rett stad
  • Dersom du går lenge utan siktepunkt eller haldepunkt, så sjekk GPS med jamne mellomrom for å forsikre deg om at du er der du trur.
I tåke er det svært vanskeleg å finne fram utan kompass og GPS. Øv deg på å ta ut kompasskurs, slik at du kan det når du treng det.
Foto: Anne Wagner, Turlederboka
I tåke er det svært vanskeleg å finne fram utan kompass og GPS. Øv deg på å ta ut kompasskurs, slik at du kan det når du treng det. Foto: Anne Wagner, Turlederboka
🖇️
Dette er ein del av temaet 🧭Orientering (nynorsk)

Artiklar i temaet

⛰️Ekvidistanse og målestokk (nynorsk)

🧲Kompasskurs (nynorsk)

🗺️Ruteval og SARTTO (nynorsk)

🛰️GPS (nynorsk)

🌍Misvising (nynorsk)

🌐Kartreferanse – for å fortelje kvar du er (nynorsk)

Meir om temaet

👁️Krysspeiling (nynorsk)

🔆Orientering etter teikna i naturen (nynorsk)

⛷️Orientering i vinterfjellet (nynorsk)

⛵Orientering på sjøen (nynorsk)

🖨️Skrive ut kart fra nettet

Tekst:

  • Gina Wigestrand, Snuitide (2021)
‣
Kjelder
Logo

Nynorsk

Om snuitide

Kontakt oss på hei@snuitide.no