Snu i tide
Snu i tide
Ekvidistanse og målestokk (nynorsk)
⛰️

Ekvidistanse og målestokk (nynorsk)

Korleis fungerer eit kart. Film: Sindre Kolbjørnsgard, 2021, avgrensa gjenbruk

Dei brune linjene på kartet er høgdekurver som viser høgdeforskjellen i terrenget. Jo tettare det er mellom kurvene, dess brattare er terrenget.

Ekvidistansen fortel kor stor høgdeforskjell det er mellom kvar kurve. På eit turkart i målestokken 1 : 50 000 er ekvidistansen 20 meter. Det betyr at dersom vi har flytta oss oppover i terrenget frå den eine streken til den neste, er høgdeforskjellen 20 meter. Jo fleire meter i ekvidistanse, dess mindre detaljert er kartet.

Det står alltid på kartet kva ekvidistansen er.

Høgdekurver.
Illustrasjon:
Høgdekurver. Illustrasjon: Romary
Målestokk
Avstand i terreng
Bruksområde
Informasjon
1 : 100 000
1 cm = 1 kilometer
Planlegging
Gir svært lite detaljar og er vanskeleg å gå etter i kupert terreng.
1 : 50 000
1 cm = 500 meter 2 cm = 1 kilometer
Fjelltur
Vanleg målestokk på turkart, men ver obs på at mindre stup (10–15 meter) ofte ikkje er synlege på kartet.
1 : 25 000
1 cm = 250 meter 4 cm = 1 kilometer
Nærtur, dagstur i fjellet
Fleire og fleire turkart over populære turområde i nærmiljøet har denne målestokken. Gir ofte gode detaljar, men er tungvinne å bruke om du skal gå langt (må ha med ein del fleire kart).
1 : 10 000
1 cm = 100 meter 10 cm = 1 kilometer
Orientering og korte turar i nærmiljøet
Vanleg orienteringskart som er svært detaljert og viser både steinar og stup.

Ulike kart med kartgrunnlag, målestokk og ekvidistanse

Nordeca, 2014, Norge-serien, turkart Hemsedal, 1 : 50 000 (Copyright Nordeca)
Nordeca, 2014, Norge-serien, turkart Hemsedal, 1 : 50 000 (Copyright Nordeca)
Turkart Svalbard, 1 : 50 000
Turkart Svalbard, 1 : 50 000
Nordeca, padlekart/nærmiljøturkart Stavanger, 1 : 25 000  (Copyright Nordeca)
Nordeca, padlekart/nærmiljøturkart Stavanger, 1 : 25 000 (Copyright Nordeca)
Statens kartverk, M711-serien, Hardangerjøkulen 1 : 50 000 (Copyright Statens kartverk).
NB! Denne kartserien er utgått og er ikkje lenger å få kjøpt i butikk!
Statens kartverk, M711-serien, Hardangerjøkulen 1 : 50 000 (Copyright Statens kartverk). NB! Denne kartserien er utgått og er ikkje lenger å få kjøpt i butikk!
🖇️
Dette er ein del av temaet 🧭Orientering (nynorsk)

Artiklar i temaet

⛰️Ekvidistanse og målestokk (nynorsk)

🧲Kompasskurs (nynorsk)

🗺️Ruteval og SARTTO (nynorsk)

🛰️GPS (nynorsk)

🌍Misvising (nynorsk)

🌐Kartreferanse – for å fortelje kvar du er (nynorsk)

Meir om temaet

👁️Krysspeiling (nynorsk)

🔆Orientering etter teikna i naturen (nynorsk)

⛷️Orientering i vinterfjellet (nynorsk)

⛵Orientering på sjøen (nynorsk)

🖨️Skrive ut kart fra nettet

Tekst:

  • Gina Wigestrand, Snuitide (2021)
Logo

Nynorsk

Om snuitide

Kontakt oss på hei@snuitide.no