Snu i tide
Snu i tide
Orientering på sjøen (nynorsk)
⛵

Orientering på sjøen (nynorsk)

Innhald

  • Lengdegrader og breiddegrader
  • Minutt og sekund
  • Finne ein posisjon på kartet
  • Ta ut kurs på sjøen
  • Gratis skulekart
  • Tid og distanse på sjøen
  • Kort oppsummert
  • Nettsider med meir informasjon om sjøkart

Lengdegrader og breiddegrader

Jorda blir delt opp i lengdegrader og breiddegrader. Då får vi koordinatar som er delte inn i grader, minutt og sekund. Denne forma for posisjonsanvising er vanleg å bruke i båt eller på polane.

Lengdegradene, eller meridianane, går i sirklar frå nord til sør. Dei møtest på Nordpolen og Sørpolen. Breiddegradene blir òg kalla breiddesirklar eller parallellsirklar. Dei går på tvers, parallelt med ekvator.

Nullpunktet til breiddegradene er ekvator, medan nullpunktet til lengdegradene er Greenwich-meridianen, som går gjennom Greenwich i Storbritannia.

Gradenett.
Figur: Kartverket (u.å.)

Minutt og sekund

Kvar lengdegrad og breiddegrad blir i tillegg delt inn i minutt og sekund for at vi skal få ein meir nøyaktig posisjon. Kvar grad blir delt inn i 60 minutt, og minutta blir delte vidare opp i 10 sekund. Avstanden mellom breiddesirklane er konstant, uansett posisjon. Eitt breiddeminutt svarer alltid til 1 nautisk mil, som er 1852 meter. Lengdegradene varierer med større avstand jo nærmare du er ekvator.

Finne ein posisjon på kartet

Sjå filmen Finne posisjon på sjøkart.

Posisjonen vi skal finne på kartet, er N 59°06,5´ Ø 10°28,7´.

  1. Finn breidde- og lengdegradene.
    1. Breiddegradene finn du på sidene av kartet.
    2. Lengdegradene står i botnen og på toppen av kartet.
  2. Finn deretter minutta.
    1. Start med breiddeminutta.
      1. Tel oppover frå 59 grader til 6 minutt og 5 sekund.
      2. Merk av på begge sidene av kartet.
    2. Finn deretter lengdeminutta.
      1. Tel bortover frå 10 grader, 28 minutt og 7 sekund mot høgre.
      2. Merk av på begge sidene av kartet.
  3. Bruk parallellforskyvaren for å teikne ein strek mellom prikkane.
    1. Teikn éin strek horisontalt og éin vertikalt.
    2. Kryssingspunktet er posisjonen du skal finne.

Ta ut kurs på sjøen

Det er lurt å ta ut ein kurs, slik at vi veit at vi flyttar oss i rett retning. Har du landkart, kan du ta ut kursen med kompass. Har du sjøkart, er det fint å bruke parallellforskyvar.

Sjå filmen Finne kurs på sjøkart.

Ta ut kurs på sjøkart

  1. Finn posisjonen der du er.
  2. Finn posisjonen dit du skal.
  3. Bruk parallellforskyvar til å teikne ein strek frå der du er, til dit du skal.
  4. Flote parallellforskyvaren slik at kursen går gjennom midten av kompassrosa på kartet.
    1. Pass på at du les av gradene i den himmelretninga du skal.
    2. Les av gradene i den ytste ringen i kompassrosa.
  5. Lag ein strek i kompassrosa slik at det blir lettare å lese av.
  6. No kan du leggje inn talet på grader på kompasset ditt eller på ein GPS.

Gratis skulekart

Kartverket tilbyr gratis skulekart. Skulekarta er utsnitt frå ordinære sjøkart og er laga for bruk i undervisning og til øvingar i bruk av sjøkart.

Tid og distanse på sjøen

Kart og kompass. Film: Norges padleforbund, u.å., https://player.vimeo.com/video/506590166, (CC-BY-ND)

Kort oppsummert

  • Vit målestokken på kartet.
  • Bruk tommelen eller ein kartplottar for å måle avstand.
  • Padlefart er avhengig av kor mange de er, og kor erfarne de er.
  • Fart (kajakk)
    Minutt per km
    Gruppe
    Erfaring
    4 km/t = 2 knop
    15
    Stor – fleire enn ti
    Nybyrjarar
    5 km/t = 2,5 knop
    12
    Stor – fleire enn seks
    Mindre øvde
    6 km/t = 3 knop
    10
    Lita – opp til seks
    Litt øvde
‣

Nettsider med meir informasjon om sjøkart

🖇️
Dette er ein del av temaet 🧭Orientering (nynorsk)

Artiklar i temaet

⛰️Ekvidistanse og målestokk (nynorsk)

🧲Kompasskurs (nynorsk)

🗺️Ruteval og SARTTO (nynorsk)

🛰️GPS (nynorsk)

🌍Misvising (nynorsk)

🌐Kartreferanse – for å fortelje kvar du er (nynorsk)

Meir om temaet

👁️Krysspeiling (nynorsk)

🔆Orientering etter teikna i naturen (nynorsk)

⛷️Orientering i vinterfjellet (nynorsk)

⛵Orientering på sjøen (nynorsk)

🖨️Skrive ut kart fra nettet

Tekst: Gina Wigestrand, Snuitide (2022)

‣
Kjelder
Logo

Nynorsk

Om snuitide

Kontakt oss på hei@snuitide.no