Snu i tide
Snu i tide
/
📚
Innhald – nynorsk
/
📝
Turplanlegging og tryggleik (nynorsk)
/
đŸ—ș
Ruteval og SARTTO (nynorsk)
Ruteval og SARTTO (nynorsk)
đŸ—ș

Ruteval og SARTTO (nynorsk)

‣
Innhald

Tidsberekning

💡
Det tek vesentleg lengre tid Ä gÄ utanfor sti, opptil det dobbelte dersom terrenget og orienteringa er krevjande.
  • Vanleg gangfart er 3,5 km i timen pĂ„ sti i fjellet med 10 kg sekk pĂ„ ryggen.
  • I bratte bakkar (med sekk) bruker du ca. 15 minutt ekstra per 100 meter stigning.
  • Legg til 1 time pause per 5 timar tur – for vaksne.
  • StĂžrre grupper bruker ĂČg lengre tid, ettersom det blir fleire smĂ„pausar. Rekn minst 0,5 km/t reduksjon i fart.

(Maske, 2013)

Ruteval

Studer kartet nÞye, og fÄ eit overblikk over omrÄdet du skal ferdast i. Fjellkarta er grove, og smÄ detaljar pÄ kartet kan vere store og ha mykje Ä seie i verkelegheita. SjÄ pÄ landskapsformene; er det store vide dalar, eller er terrenget smÄkupert? MÄ elvar og vatn kryssast? Kvar skal du til og frÄ? GÄr ruta di pÄ tvers av eller langsmed markerte terrengformasjonar? Er det mange tekniske installasjonar i omrÄdet? Er det spesielle landemerke, markerte hÞgdedrag eller fjelltoppar som hjelper deg med Ä vite kvar du er? Alt dette gir deg eit grunnlag for Ä kunne setje deg ned og detaljplanleggje ruta du vil velje frÄ eitt punkt til eit anna.

Leielinjer

Kart over terrenget rundt Ingemannhytta i VesterÄlen.
Kartgrunnlag:
Kart over terrenget rundt Ingemannhytta i VesterÄlen. Kartgrunnlag: Norgeskart.no

Ved Ă„ fĂžlgje leielinjer i terrenget gjer du orienteringa enklare og sikrare. Leielinjer vil seie landskapselement som gĂ„r i same retning som du har tenkt deg. Stiar, skogsvegar, elvar og vatn er dĂžme pĂ„ gode leielinjer. StĂžrre leielinjer er små dalfĂžre eller fjellryggar. Kartet viser tydeleg korleis stiane rundt Ingemannhytta gĂ„r i dalsĂžkka og opp smĂ„ skar. Ved å planleggje ruta slik at du fĂžlgjer langsgĂ„ande leielinjer, slepp du å stadig mĂžte pĂ„ tverrgĂ„ande dalfĂžre og ryggar som kan verke forvirrande pĂ„ retnings- og orienteringssansen.

💡
SjĂžlv små sĂžkk på kartet kan vere 20 meter djupe og umoglege å komme forbi.

Mellompunkt/oppfangspunkt

Bilde 2:
Bilde 2: Norgeskart.no

Ved å dele inn ruta i etappar fĂ„r du stadfesta at du fĂžlgjer det vegvalet du har planlagt, og oppdagar raskare om du er på veg bort frĂ„ den planlagde ruta. Finn mellompunkt som karakteristiske terrengformasjonar eller tekniske installasjonar som gir deg gode indikasjonar om at du er på rett veg. I dĂ„rleg sikt og i uoversiktleg terreng er det lurt å ha mange mellompunkt og forsikre deg om at du er pĂ„ rett veg fĂžr du held fram. DĂžme pĂ„ mellompunkt kan vere elvefar, hytter, hĂžgspentleidningar, vatn eller bratte fjellsider.

PÄ kartet til venstre er det mange gode oppfangspunkt. PÄ stien mellom Navarsete og Fivla fÞlgjer ein elva til enden av dalen og sÄ bratt oppover eit skar. I toppen av skaret skal ein fÞlgje austsida av Heggedalsvatnet, fÞr det kjem ei ny stigning langs ein bekk opp eit skar, til det flatar ut pÄ toppen.

Tenk gjennom ruta

NĂ„r du har bestemt deg for ruta du vil fĂžlgje, bĂžr du ĂČg tenkje gjennom desse spĂžrsmĂ„la:

  • MĂ„ du vade i elvar pĂ„ turen? Ligg bruene i området ute? Eller er dei tekne inn for vinteren?
  • Finst det moglegheiter for å leggje om ruta? Kvar kan du sĂžkje hjelp, og korleis kan du komme deg ned til sivilisasjonen ved sjukdom, skade eller sviktande form hos deltakarar? Kvar finst det mobiltelefondekning?
  • Kor lang tid må du rekne på dei ulike etappane?
    • Sommarstid er det ein del vĂȘrforhold som kan ha innverknad på kor framkommeleg det er: Er det mykje snĂž igjen frĂ„ vinteren? Er det fare for nysnĂž? Har det regna i det siste? Er det store elvar?
    • Vinterstid er det andre ting du må tenkje på: Har det vore store temperatursvingingar i det siste? Har det vore store snĂžfall i området? Kva er den vanlegaste vindretninga, og korleis har snĂžen fonna seg? Dette pĂ„verkar skredfaren. Finst det regulerte vatn med usikker is eller overvatn i området? (Ta kontakt med det lokale kraftselskapet dersom du er usikker.)

Revisjon av kart

Eit kart stemmer ikkje alltid. Eit kart er eit bilete av terrenget den dagen det blei laga. Det kan gÄ lang tid mellom kvar gong Statens kartverk reviderer karta sine, og mykje kan ha endra seg dersom kartet er gammalt. Det stÄr alltid pÄ karta kva Är dei er laga. PÄ norgeskart.no vil du alltid finne dei mest oppdaterte karta.

Moglege endringar det kan vere lurt å vere merksam på:

  • nye tekniske installasjonar (vegar, kraftlinjer, demningar, hytter) som kan ha komme til eller blitt fjerna
  • omlagde rutetrasĂ©ar som fĂžlgje av til dĂžmes villreintrekk
  • nye/endra verneomrĂ„de

Endringar av vesentleg art vil du som regel få opplysningar om hos Statens kartverk eller hos den lokale turistforeininga. Sjekk gjerne kart pĂ„ nettet, og sjĂ„ om detaljar frĂ„ papirkartet stemmer med kartinformasjonen du finn pĂ„ nettet.

Tryggleik

Det er viktig Ä tenkje pÄ tryggleiken i planlegginga. Hugs Ä gjere ei risikovurdering og lage ein plan B.

Les meir om risikovurdering: ⚠Turplan og risikovurdering (nynorsk) Om vinteren er det viktig Ă„ sjekke skredvarsel om du skal ferdast i skredterreng.

Les meir om snĂžskred: ❄SnĂžskred (nynorsk).

SARTTO/ARTOT

Forklaring av ARTOT. Film: Andreas KjĂžndal, Lyngdal KVS

Det kan vere nyttig Ă„ setje opp ein SARTTO, eller ARTOT, som dei bruker i militĂŠret. FormĂ„let med Ă„ skrive ned alle «legga» du skal gĂ„, er at det gjer det lettare Ă„ finne fram om det blir tĂ„ke og dĂ„rleg vĂȘr. Teikn ogsĂ„ inn ruta pĂ„ kartet.

SARTTO

S – stadskildring med kartreferanse

A – avstand

R – retning (kompasskurs)

T – terreng

T – tid

O – oppfang

ARTOT

A – avstand

R – retning (kompasskurs)

T – tid

O – oppfang

T – terreng

  • Stadskildring med fullstendig kartreferanse
  • Ved ein redningsaksjon vil du ha fleire punkt undervegs pĂ„ ruta der du har teke ut kartreferanse. Kartreferansane gjer det lettare Ă„ finne ut kvar du er på karta.

    Meir om kartreferanse: 🌐Kartreferanse – for Ă„ fortelje kvar du er (nynorsk).

  • Avstand
  • Det er viktig å ha kontroll over kor langt det er Ă„ gĂ„ til neste punkt.

  • Retning
  • Legg inn den nĂžyaktige kursen korrigert for misvising for kvar distanse. Sjekk at kursen stemmer med himmelretninga du skal gĂ„ i. Slik tek du ut đŸ§ČKompasskurs (nynorsk).

  • Terreng
  • I dĂ„rleg sikt er det viktig Ă„ vite korleis terrenget er fram til neste punkt. GĂ„r det opp, gĂ„r det ned, eller skrĂ„r det til sida? Dette kan vere vanskeleg Ă„ lese ut frĂ„ kartet i stiv kuling, men det er svĂŠrt enkelt innandĂžrs fĂžr turen (Unger, 2010).

  • Tid
  • Avhengig av typen tur og kva du har Ă„ dra pĂ„, kan du berekne tida for kvar etappe. Vanleg gangfart er ca. 3,5 kilometer i timen med lett oppakning (Maske, 2013). Er sekken tung, gĂ„r farten ned til 2,5 kilometer i timen. I tillegg bĂžr du rekne ca. 15 minutt ekstra per 100 meter stigning. Talet pĂ„ deltakarar og den fysiske forma pĂ„verkar tidsbruken. Hugs at pausar kjem utanom.

  • Oppfang
  • For kvart punkt du plukkar ut, er det viktig Ă„ finne eit langsgĂ„ande landemerke som du mĂ„ krysse om du skulle gĂ„ forbi punktet. Det kan vere lurt Ă„ skrive ned avstanden til dette oppfanget for kvar (del)etappe (Unger, 2010).

    Etter å ha laga ein SARTTO for den aktuelle ruta kan du leggje inn rutekoordinatane for kvart punkt på ein GPS-mottakar. DĂ„ vil du vere godt fĂžrebudd for turen.

‣

DÞme pÄ SARTTO

đŸ–‡ïž
Tilbake til 🧭Orientering (nynorsk)
đŸ–‡ïž
Dette er ein del av temaet 📝Turplanlegging og tryggleik (nynorsk)

Turplanlegging

⚠Turplan og risikovurdering (nynorsk)

đŸ—șRuteval og SARTTO (nynorsk)

📔DĂžme pĂ„ turplanar (nynorsk)

đŸŠșTryggleik pĂ„ tur og evaluering etter tur (nynorsk)

Tekst:

  • Gina Wigestrand, Snuitide (2021)

«Ruteval»: Lars Christian Unger, Turlederboka (2010), omarbeidd av Gina Wigestrand

Logo

Nynorsk

Om snuitide

Kontakt oss pÄ hei@snuitide.no